| Bending Water |
|
|
|
|
Fra Fredag, 26 Februar 2010 Til Søndag, 11 April 2010
|
|
Sven Påhlsson (f. 1965) er blant vår tids viktigaste nordiske samtidskunstnarar. Med sine svært avanserte dataanimasjoner er han ein av få nordiske kunstnarar som har ei sentral plassering innan den såkalla hypermodernismen som er eit uttrykk for den hyper-realitet og virtuelle verda vi lever i.
Utstillinga er ei vandreutstilling frå Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, og består av dei to videoverka som hausten 2008 (16. oktober–30. desember) vart vist på fasadeveggane til Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst.
På den eine skjermen møter ein "Bending Water 3" (2007) (loop 50 min.), eit verk som bruker datateknologi som i dag brukast i tilknyting til vêrvarsling og berekningar av naturkrefter. Vi ser ein svevande vassanimasjon som kontinuerleg endrar figur etter simulerte påverknader som gravitasjon, kollisjon og attraksjonskrefter.
På den andre skjermen vil ein kunne sjå "Bending Water 5" (2008) (loop 50 min.). Dette er ein vassanimasjon som også beveger seg i ein tilsynelatande ustoppeleg syklus, men denne er hjulforma. Også her finst rikhaldige konnotasjonar til mange naturfenomen, til dømes "svarte hol" og orkanar.
|
Sted : Museumsgalleriet - Kystmuseet Kontakt : 72 44 40 10 |
 |
Tilbake
|