Julefesten

Julefesten

ORDET JUL

Kvar kjem ordet jul frå? Det er mykje eldre enn kristendommen: I norrøn tid hadde dei ei anna månadsinndeling enn vi har no. Den gamle månaden ylir gjekk frå 14. november til 13. desember, og ved utgangen av månaden ylir feira dei jul. Ein gong på 300-talet vart juledagen bestemt til den 25. desember, og slik vart det også i Norge da kristendommen kom hit. Å feire jul er mykje eldre enn kristendommen her til lands. 

Første gongen vi finn noko om dette er i eit skaldekvad frå slutten av 800-talet der skalden Torbjørn Hornklove i eit hyllingsdikt til kong Harald Hårfagre bruker uttrykket drekka jol.

Opprinneleg var jula rett og slett ein fest der dei feira at sola snudde. Men det var også noko rituelt, der alle skulle skåle og drikke til års ok fridar (= for godt år og fred), og her måtte ingen sluntre unna. Derfor var kvar bonde pålagt å brygge minst ei tønne øl til jul, slik stod det i dei gamle norrøne lovene.

Da kristendommen ”overtok” jula, så hang dei gamle juleskikkane fortsatt med, dei let seg ikkje rikke – og det tok dei nye, kristne lovene hensyn til: Derfor står det i Gulatingslova: Juleølet skal signast til takk frå Krist og Sankta Maria, til godt år og fred. Slik passa det utruleg godt å smelte i hop den eldgamle julefesten og den viktigaste høgtida i kristendommen: Kristmessa, feiringa av Kristi fødsel.

Å GJERA KLAR TIL FEST

Den store høgtida for Kristi fødsel var ramma inn av ei ventetid (advent) og ein fest etterpå(julefeiringa).Ventetida var i utgangspunktet ei fastetid, med måtehald både på mat og arbeid. Unntaket var klargjeringa til julefesten, som frå eldgammel tid hadde noko fast og tradisjonsbunde over seg. 

Det var særleg tre område desse tradisjonane var bundne til: ølbrygginga, slaktinga og bakinga. Men her ved kysten var det også tradisjonar knytta til fiske.  Julkveita var vanleg mange stader, og den fiskaren som ikkje var såpass at han fekk kveite til jul, han fekk versågod å sitte på nausttaket julnatta 

JULEGAVENE

Det er mange som hevdar at i dag er det julegavene som har vorte det viktigaste ved julefeiringa. Kanskje har dei rett. Mange hevdar òg at dette med julegåver er ein ny skikk. Dei har ikkje rett.Også skikken med gåver i jula er eldre enn kristendommen:

i Romarriket ga høvdingane gaver til nokre utvalde undersottar på nyttårsaftan, som takk for innsatsen i året som gjekk – og inspirasjon til å fortsette. Seinare tok også fyrstane i Norden etter denne skikken:

i jula 1008 ga Eirik jarl julagjof (julegaver) til sine folk, og i jula 1015 delte kong Olav Haraldsson ut gaver til nokre av mennene sine. Skikken med å gi gaver til tenestefolk og til fattige vart meir og meir vanleg. Her hos oss hadde skikken med julegaver vorte vanleg for rundt hundre år sia:       

klesplagg, som votter og strømper og huver var det vanlegaste, julehefter og julekaker var også populære julegaver

JULETREET

Det blir hevda at skikken med juletre skal ha noko å gjera med håpet om ein god vår. Forklaringa er denne: Ein skikk som er kjent somme plassar i landet tilbake til 1700-talet gjekk ut på å ta ei lita rogn eller ei bjørk med rot og topp inn i stua ved midtvinters leite.  Dersom treet knoppa seg og spirte tidleg, så skulle det bli ein god og tidleg vår.  

På grunn av dette blei treet vart ofte plassert godt og varmt oppe i omnskråa. Det skada jo ikkje å hjelpe våren litt i gang. Andre hevdar at juletreet har sitt utspring i kampen mellom det katolske og det protestantiske i Tyskland på 1500-talet.  Protestantane ville trekke oppmerksamheita vekk frå dei store katolske gateprosesjonane og inn i heimane.  Å ha eit pynta tre heime i stua og gi ungane gaver til jul var eit bra bidrag i den strategien.   

Her i Norge kom skikken med juletre først hos velståande byfamiliar i 1820-åra.  Og på Hitra vart juletreet ikkje vanleg før i mellomkringstida, altså på 1920-talet.   

JULENISSEN

Nissen hører jula til, men kva er opphavet til dette med julenissen?  Ordet nisse kjem av namnet Nils, som er ei nordisk kortform av namnet Nikolaus.  Dermed har vi sammenhengen med St. Nikolaus, eller Santa Claus – altså den kontinentale, eller den amerikanske julenissen. Men røttene til den norske nissen er mykje eldre enn kristendommen.  Han var ein liten figur som hørte heime på gardane rundt om. Kvar garden hadde sin eigen nisse, og han passa på at alt var som det skulle vera; at gammal skikk og tru vart følgd.  Det eldgamle namnet på nissen var bon (=bonden), ofte sammensett til godbon eller haugbon.  Og da skjønner vi sammenhengen: Det er den gamle bonden på garden; han som ein gong i førkristen tid vart lagt i haug med våpen og utstyr og reidskap for å passe på garden og folket der. 

ÅSGÅRDSREIA

Jula var ei farleg tid.  Ein måtte passe seg og sine, for det for mange slags uvetter og lurte i kveldsmørkret.  Verst var Åsgårdsreia.  Det var ein flokk med ville skapningar som for gjennom lufta og herja vilt der dei kom til.  Somtid tok reia med seg både reiskap og krøtter – ja, det hendte at ho tok med seg ungar òg, om dei ikkje passa seg og var snille. Åsgard var jo namnet på heimplassen til dei gamle, norrøne gudane, så opprinneleg var det nok Odin og Tor og Brage og Frigg og alle dei andre gudane som utgjorde Åsgårdsreia.  Dei skulle hemne seg på kristenfolket, må vite.

Frå vårt område veit vi at sagnfiguren Guri Kunna også for rundt med sitt følge på julenatta.  Ho kom ein julaftan til Halten i spissen for ein frykteleg flokk, men så vart dei jaga derifrå av ein kar som ufrivillig overvintra der ute.  

JULENATTA

Julenatta var ei heilt spesiell natt i den gamle juletradisjonen.  I riktig gammel tid var det vanleg å vake julenatta.  Den natta da Jesusbarnet vart fødd skulle ingen sova. Natta var rett og slett for hellig til det.   Maten skulle stå på bordet julenatta.  Dei av slekta som var døde, kom heim ein tur denne natta, og mat måtte dei sjølsagt få.

Ein skulle helst ikkje gå ut julenatta.  Men om ein likevel måtte ut, så skulle ein ikkje kikke inn gjennom vinduet, for da fekk ein sjå dei i huset som skulle døy før neste julenatt. Og lysa skulle brenne julenatta.  Opprinneleg var jula ein fest til ære for lyset, at sola snudde og dagane vart lysare.  Dette vart markert ved at folket skulle bidra til å gjera denne mørkaste av alle netter lysare; at lyset skulle overvinne mørkret. 

KJERKEFERD PÅ JULEDAGEN

Dersom det var framkommande, skulle alle til kjerka juledagen.  På Hitra kjenner vi til at det var knytta gamle og sterke tradisjonar til juldagspreika i Fillkjerka.  Da var det ikkje berre folk frå stroka rundt Fillan som kom, men også frå Barmfjorden, Fjellværsøya, Ulvøya og store deler av Innhitra.  Dei fleste kom i båt, men frå Barmfjorden og frå Innhitra var det mange som kom med hesteskyss.  Tradisjonen med å reise til Fillkjerka på juldagspreke heldt seg lenge etter at det vart bygd kjerker på Sandstad og på Nordbotn.

Ei frå Innhitra, som sjølv har vore med på slike reiser, forteler: ”Vi va opp i fem-sekstida om juldagsmorran, så vi skull vinn å gjera frå oss fjøset og eta.  Æ husse òg at det vart sunge og lesse i Bibeln før vi for.  På vein utover kunne det vera både tre og fir hesta i følge.  Vi kjørt ette de islagte vatna utover, først over Terningsvatnet, så over Bjørtjønna og Stekdsdalsvatnet.  Somma vein for vi heim òg.  Vi ungan tøkt denner reisa gjennom skogen og de rimkvite myren va ei stor opplevels – og det trur æg de voksnan sytes òg.”