Guri Kunna, ein segnsyklus frå Trønderlagkysten
Guri Kunna,
Ein segnsyklus frå Trønderlagskysten
av Svein Bertil Sæther
Denne artikkelen byggjer på eit foredrag som vart halde under Kystkulturdagane i Lysøysund den 13. agust 1995. Forfattaren har gjort om teksten litt, slik at han no høver betre for skrift enn for tale.
Dei segnene som er nedskrevne her, er henta frå ulike kjelder, der ymse språkformer og dialekter er brukte. Her er dei skrivne ned på ein dialektfarga nynorsk. Ei av segnene om ho Guri Kunna er slik:
Ho Guri Kunna hadde ein gong fått seg ny taus, og første søndagen jenta var der, fann ho Guri på at ho skulle ta seg ein tur til kjerka. Sjøl om ho var trollkjerring, lika ho å komma i lag med folk og få vise fram all sølvstavan sin, som det skein og singla i når ho gjekk oppover golvet i Slettakjerka. Men ho ville ikkje at tausa skulla sitte heime gjerdaslaus med ho sjøl var borte, så før ho for kom ho inn med ei styggelig stor stronkkinne, som ho sette på kjøkkengolvet. Frå bua henta ho inn ein rømmebunke, som ho tok to skeier med rømme frå og slengde dei opp i kinna.
”Sjå her”, sa ho til tausa, ”no kan du ta å kinn opp den her rømmin, sånn at æg får smør på kaka mi når æg kjem heim frå kjerka. Bry dæg itj om at det e lite med rømmi. Det bli meir ætte kvart.”
Med det strauk ho nedover åt sjøen og trilla fram kvennestein spann rundt så sjørokket stod høgt til vêrs rundt ho. Tausa bynte å kinne, men ho tykte det såg dårlig ut når ho kika ned i kinna med berre to skeier rømme nede på botn. ”Det her bli det itj noka tå”, sa ho med seg sjøl, og så gjekk ho ut i bua og henta inn fem skeier til. Jau, da tok det til å monne. Ho hadde ikkje kinna mange taka før kvinna var halvveges full, og før ho fekk områ seg, var rømmen komen heilt opp til kanten og bynte å renne utover golvet, over dørstokken, ut på vollen og nedover sjøvegen.
Da ho Guri kom heim, såg det ut som om heile Kunna låg å flaut i rømme. Ho Guri var ikkje sein om å komma seg opp for å få greie på kva som hadde hendt, og jenta måtte tilstå kva ho hadde gjort. ”Ja, det der gjer du itj ein gong te”, sa ho Guri. ”Hadd du nøgd dæg med de to skeiin som æg hadd oppi, så hadd du tikkje rømmin frå to prestgjeld. Men når du hadd oppi fem skeii te, da tok du rømmin frå sju prestgjeld.”
Og slik er ei anna segn om ho Guri:
Ein gong fann ho Guri Kunna og mannen hennes på at dei skulle dra Froøyan innover mot Hitra. Dei festa tauet rundt Froan og rodde innover åt Fjellværsøya. Der tok dei seg skikkelig spenntak i berga vest for Nordbotn. Så drog dei det dei makta. Men Froan satt godt og tauet vart for veikt. Dei sleit åv, og ramla attabak. Ved Nordbotn kan vi enno sjå spora etter dei i berget der dei tok spenntak. Kallen hennes Guri hamna innved Vingvågen, og der er det fotavtrykk etter han. Ho Guri sjøl datt ned ved Børøysundet på Hitra, og i berget der er det store, tydelige merker, som blir kalla Kjerringræva den dag i dag.
Kven var denne Guri Kunna? Kvar kom ho frå? Kva var det ho betydde for folk? Kva skulle alle segnene og frteljingane om ho tene til? Var dei berre for underhaldninga sin del? Eller låg det noko meir attom? Noko som folket ved kysten meir ana enn visste om. Noko dei kanskje ikkje kunne forklare, emn som låg nedarva hos dei gjennom generasjonar. Noko som dei kjente og hadde bruk for, men òg noko som dei hadde respekt for- og kanskje til og med frykta.
Eg er redd at her vil det bli mest spørsmål og mindre svar. Men så er vi òg inne på eit emne der det eksakte ikkje hører heime. Vi snakker om kjensler, om makter og om tru. Om einingar som rører seg opp og ned på ein skala mellom fantasi og røyndom. Visst levde ho Guri Kunna. I hundrevis av år levde ho. Kanskje ho gjer det enno? Ho var ein del av kvardagen til folk. Meir eller mindre intenst alt etter korleis situasjonen var, men alltid var ho no der. Og nettopp fordi ingen hadde sett ho, levde ho i den einskilde. Spela sitt spell. Forma dei. Styrte dei.
Det finst fleire måtar å nærme seg dette spennande materialet på. Vanligast har vel vore ein slags litteraturteoretisk måte, der segnene blir samla og systematiserte- ordna etter dei kjente segntypane og hamna på ymse pensumlister rundt om. Vi skal vera glade for det. Det ville ha vore ille om skoleverket fortsette å glømme våre eigne segner her ved kysten. Ved somme skolar har òg dramatisering av segnene vore prøvd, og oftast med positiv utfall. Mest spennande til no er stykket ”Sangen fra Utvær” ved årets kystkulturdagar i Lysøysundet, der dette eldgamle stoffet på ein makalaus måte vart gjort levande for kystfolket av i dag.
Den måten vi skal møte ho Guri Kunna på i denne artikkelen, blir dessverre langt mindre levande og stemningsskapande. Mitt forsøk her på å samle nokre tråder, forme nokre tankar og stille nokre spørsmål, vil nok bli uhyggelig tørt og teoretiserande i forhold til det forfattaren Idar Lind, teaterinstruktøren Elin Hassel Iversen og komponisten Frode Fjellheim greidde å mane fram for oss i den gamle brygga på Lysøya under kystkulturdagane. Når eg likevel vågar meg frampå, er det fordi eg håpar at dei tankane vi skal komme inn på her kan vera supplerande og sette dette utrulige materialet inn i eit perspektiv. Eg trur kanskje det også her kan dukke opp overraskningar. Når vi no finn tråden og tek til å nøste, kan det kanskje vise seg at vi kjem inn på eitt og anna som verkeleg sett tankane i sving, får oss opp i undring og verkeleg gir oss respekt for både ho Guri og for tradisjonsbærane opp gjennom tidene.
Segnene om ho Guri Kunna har levd hos kystfolket her gjennom lange, lange tider. Kor lenge veit ingen, men eitt og anna kan tyde på at dette kan vera noko av det eldste segnmaterialet vi veit om her til lands. Det er derfor naturlig at bildet av hovudpersonene har endra seg opp gjennom tidene. Ho har ikkje akkurat vorte eldre, tru eg, men ho har endra karakter og sinnelag. I nokre av dei segnene som er sist nedskrivne, verkar ho ufarlig og mesta litt komisk. I ei segn frå Kvenværet bli ho kalla ”ei tjukk lita kjerring, som gjekk rundt med ei stor nøkkelhonke i beltet og varta opp gjestene sine”. Og gjestane var ”bitte små gamlingar”. I fleire andre segner blir ho framstilt som ei heks som rei på ein soplime i lag med ho Lisbet Nypan, og det blir òg sagt at ho vart brent som heks på bål på øya Gimsan i Froan. Og ho gjorde mykje ugagn for folk: Ho stal levra tu skreia, ho gjorde høyet udrygt, ho stal høy og ho kasta sjukdom på krøttera åt folk. I eit gammalt åringsmerke frå Nes i Bjugn, heitte det at om det var vestavêr mikkelsmess (29. september) så vart høyet udrygt, for da kom ho Guri Kunna inn frå havet med havoksane sine, og det var krøtter som visselig tok for seg i høystabbane rundt om gardane.
I somme av segnene blir ho framstilt som ei trollkjerring, som først og fremst var ute etter å ta folk, og det var da opp til folk sjøl å oppføre seg slik at dei ikkje erga opp ho Guri. Om dei ikkje passa seg, sette dei både sitt eige og andre liv i fare. I det segnmaterialet som er noko tidligare skrive ned, opptrer ho Guri på heilt andre måtar. Diktaren Johan Bojer beskriv ho ved eitt høve slik: ” Søndenfra kom Guri Kunna sættende innover havet med skodde omkring seg . Hun seilte paa et banktræ med en lime som mast, og i sin finaste puds var hun med tagger nedover ryggen og halen besat med den fineste blaaskæl. Rundt omkring hende dansende hendes tjenere i havskorpen med vispende spoler men nogle svam foran og blæste paa taagelur”.
Her i ”Havmands-bryllupet” blir altså Guri framstil som eit slags sjødyr, som heldt til mellom alle slags underlige, halvvegs skremmande og halvvegs komiske skapningar. Der var han Jeppe Kakse frå Froan og dotra Gro, som med raude vêrhår kring munnen og langt, grønt hår var, den vakratste havmøya i heile Froan. Her var òg Tollpinn frå Tollpinnsgrunn, han Bannål frå Pinnen, han Sneiål frå Vestbrekka, han Sleikopp frå Hylla, han Sylgrim få Horsøya, han Butull Blå frå Grogna, han Snål frå Grunnbrottskjær og han Senk frå Melbåtvær og enda mange fleire. Og mellom desse satt ho Guri Kunna øvst ved bordet og blir så forleska i han Snål frå Grunnbrottskjær at ho tek tak i spolen hans og trekker han med seg under bryllupsbordet og svømmer bort med han mellom føtene på bryllupsgjestene. Stor og mektig, ja visst, men det skremmande bildet blir sterkt blanda med det groteske og det komiske.
Mykje av den samme historia finn vi att i den gamle ”Haltens vise”, men her er Guri Kunna nemnt berre i eit par strofer. Ho er rekna opp mellom dei mektigaste og er kalla ”Hustru Guri i Kunna”, og det var ho som sto for mat og drikke.
Men no går vi enno lenger attover og leiter opp dei eldste nedskrivne segnene om ho Guri Kunna, finn vi ei heilt anna Guri- ein heilt anna skapning. Under ein tidlig fase om nasjonalromantikkens tidsalder i Danmark og Norge, dei første tiåra på 1800-tallet, vart ei gammal segn der Guri Kunna er ein svært sentral person, i typisk romantisk litterær tradisjon, presentert på vers i eit langt, forteljande dikt. Dette diktet, som skal vera av den danske professor Steenblok, vart trykt i København i 1813, og det vart kalla ”et gammelt norsk Æventyr”. På dette viset er dermed denne segna bevart, og når vi ser bort fra den poetiske forma og dei romantiske vendingane, finn vi tydelige spor etter eldgammal segntradisjon gjømt inne i ei riddarhistorie frå mellomalderen. Historia er både lang og detaljert, men korte trekk er ho slik:
På Austrått budde riddaren Gunnar den rike. Han var stor og mektig, og han hadde ei dotter som heitte Aslaug. Ho var svært vakker, og det var mange spreke og rike ungkarar som kom til Austrått og ville gifte seg med ho. Men ho Aslaug var berre glad i Orm ungersvenn, barndomsvennen sin. Han var ein fattig gut, som vaks opp mellom tenarskapet på Austrått.
Sjølsagt ville ikkje dein mektige Gunnar høre snakk om noko giftarmål mellom Aslaug og den lutfattige Orm. Dei unge vart nekta å møte kvarandre, men dei møtest i løynad, og ein dag rømte dei i lag. Dei kom seg åt Tynnøl og gjømte seg i ei hole ovom garden der. Gunnar leitte etter dei, men han fann dei ikkje. Ein dag vart dei likevel oppdaga, og så måtte dei rømme vidare. Dei stal ein båt og segla åt Tarva. Det budde ikkje folk der, men dei fann ein stor og vakker hall. Der slo dei seg ned og vart der i lang tid. Dei trivdes og hadde det godt med kvarandre, og resultatet av det vart at ho Aslaug fødde ein son, som dei kalla Astlyn.
Ikkje før var gutten kommen til verda, så fekk dei besøk. Det var ho Guri Kunna. Det var ho som budde der, sa ho, men ho hadde ikkje våga å komma før no, før det var eit heidensk menneskje i huset. Det var da sjølsagt det udøypte barnet. Ho ville gjerne at dei budde der, men julnatta måtte dei holde seg borte. Da skulle ho sjøl ha fest i hallen. Dei unge måtta lova at dei ikkje skulle nemne namnet på han som alle kjempar ikkje tålte, og dei måtte ikkje gjera krossteiknet.
Og julnatta kom, og fest var det til gagns. Orm og Aslaug, som gjømte seg på loftet, fekk sjå meir enn dei hadde godt av. Og da det sto på som verst, glømte sjølsagt Aslaug det ho hadde lova: Ho nemnde Kristi namn og teikna krossteiknet over barnet sitt. Da rømte ho Guri og heile følget hennes ut frå hallen og vekk frå Tarva. Orm og Aslaug satt rådville att, og dei frykta det verste.
Men ikkje så lenge etter kom Guri att. Ho snakka vennlig med ho Aslaug, og ho tilgav ho for at ho glømte seg. No ville ho bare dra langt bort og aldrig komma tilbakers, sa ho. Før ho for, gav ho heile Tarva og hallen og store rikdommar med sølv og gull til ho Aslaug.
Etter dette drog Orm og Aslaug til Nidaros. I domen gifta dei seg, og der fekk dei guten sin døypt. Så for dei til Austrått, og da Gunnar den rike fekk sjå rikdommen til Orm og Aslaug, så fann han likevel grunnar til å forsonas med dei. Og alt endte godt, og i åra som kom, for av og til Orm og Aslaug og såg om både hola ved Tynnøl og hallen på Tarva og tenkte tilbake på sine ungdoms år.
Eg har ikkje leita etter den opprinnelige teksten til denne historia. Er vi heldige, finst han kanskje nedskriven og ligg gjømt i eit arkiv nokon stad. Enten her til lands eller i Danmark. Det får vera til eit anna høve. Her har eg berre brukt poetiske, romantiske versjonen fra 1800-tallet. Likevel er det råd å dra nokre slutningar: Historia er ein klassikar, og ho hører opplagt med i ein stor europeisk forteljartradisjon som kan førast tilbake til riddarsogene, som igjen har røttene sine i gammal keltisk dikting. Det finst altså spor her tilbake til europeisk mellomalder. Vi kan slå fast at her er det gammalt materiale vi har med å gjera.
Om den romantiske riddarhistorien, så må vi rekne med at det som er fletta inn om Guri Kunna er enda eldre. I slike sogner vart gjerne gammalt og kjent materiale vove inn, gjerne for på eit vis å styrke sanningsinnhaldet og truverdigheita i desse sognene. Eg trur det er svært gammalt, det materialet vi finn om a Guri Kunna i denne historia. Det bildet vi finn av ho her, er nok av det eldste vi har, og derfor er det interessant at vi nettopp her òg finn eit relativt skarpt nærbilde av ho Guri Kunna.
Og kva for bilde finn vi? Ikkje ei tjukk lita kjerring, langt i frå. Ein dag går døra til hallen opp, og inn kjem ei høg, vakker kvinne, kledd i blått. Ho helser Aslaug og Orm med stor ære. Høvisk og alvorsam står ho fram. Ho legg merke til at Aslaug blir redd, så ho trøyser og er vennlig på alle vis. Om dei treng hjelp til noko, seier ho, så kan dei berre nemne namnet Guri Kunna. Det skal dei få både nytte å lykke av. Men eitt ufråvikelig vilkar stilte ho. Namnet Kristus måtte ikkje nemnas og krossteiknet måtte ikkje teiknas. Ingenting meg kristendommen kunne ho ha med å gjera. Det var krefter som ho frykta, og som ho aldri kunne forsone seg med.
Kor langt ligg ikkje dette unna nokre av dei nedskrivne segnene, der ho Guri pyntar seg og går i kjerka. I eitt høve står ho til og med fadder for eit barn som blir døypt. At ho kranglar så fillane fyk med barnemora om kva barnet skal heite, er ein annan sak.
I det eldre materialet representerer ho Guri Kunna motstykket til kristendommen, og dermed blir ho noko heilt anna enn ei snarsint lita kjerring. Ho blir ein representant for makter og krefter som folk flest kjempar både med og mot. Gjennom figuren Guri Kunna held vi på og nærmar oss nokre av dei mest sentrale spørsmåla i menneskelivet. Men før vi hiver oss meir uti dei, får vi prøve å teikne ferdig bildet vi begynte på. Kva meir forteler historia om ung Aslaug og Orm ungersvenn om ho Guri Kunna?
Det er mesta så ein ikkje kan tru det, men plutselig står ho Guri Kunna fram og forteler si eiga livshistorie. Og det er ingen lystelig historie, må du tru.
Etter at ho stakkars Aslaug glømte seg, og nemte Kristi namn og slo krossteiknet over barnet sitt, forsvann ho Guri Kunna og heile følget hennes. Berre ein stor stein lag att i høgsetet. Orm og Aslaug visste ikkje kvad ei skulle gjera, men så gjekk døra opp, og inn kom ho Guri - gråtande. –Aslaug, sa ho, du har skadd meg fryktelig, for at du har teke frå meg all mi glede. Men du sveik meg ikkje, for du gjorde det ikkje med vilje. Derfor tilgir eg deg. Av uforstand drap du mannen min. Steinen der borte ved bordet, det er han. No er han daud, og eg er den ulykkelegaste i heile Norge. Den sorga eg no kjenner, kan eg aldrig vinne over.
I tre hundre år budde eg ute på Kunna hos far min. Eg var ung og fager, og mang ein rik og mektig kjempe kom åt far min og bad om meg. Dei slåss om meg, og enno kan ein sjå dei store steinane dei hiva etter kvarandre liggje i havet kring Kunna. Da kom han Arnfinn, sterk og vakker var han, og jaga vekk alle friarane. Han berga både meg og far min. Og eg vart glad i han.
Vi levde sammen i mange år, og glade og lykkelige var vi. Da kom den mektigste Gaut frå aust og drap far min med sott. Oss andre jaga han vekk. Brørne mine flykta til fjells, og dei såg eg aldri att. Arnfinn og eg flykta til Frøy, og han hjelpte oss og ga oss denne vakre øya her, og vi kalla ho Tarva.
Her budde vi glade i mange år, heilt til han Olav Digre kom frå Bretland, og han vart ikkje mye glede for oss. Da han Arnfinn fekk høre at skipet hans kom, gjekk han ned til fjæra for å knuse kong Olav og alt hans med ein gong,. Han blåste opp ein stor storm, men han Olav styret ebeint mot øya vår. Da vart han Arnfinn sint, tok tak i skipet og ville bryte det ned i sjøen. Men han Olav kom fram til stevnen, korsa seg, menmte det forferdelige namnet og sa: ”Stat du i stein til dommedag!” Og med det vart han Arnfinn til ein stein. Og han kong Olav segla beint gjennom berget og skar av ei lita øy som han Arnfinn vart ståande på i skumsprøyt og rokk.
Å, kor eg klaga og bar meg, men ingen ting kunne gjerast. Berreein gong om året, i jula, kan den forsteina kjempen vekkast til live. Det er når ein som er glad i han famnar om han. Da livnar han opp, men berre i fem timar, og for det må den trufaste vennen hans ofre eitt hundre år av sitt eige liv. Ikkje mange kvinner ville gjera slikt for mannen sin, men eg gjorde det for Arnfinn. Mang ei julenatt har vi hatt sammen. Men no kan eg ikkje live han opp no meir. Ikkje eingong kjærleik kan vekke han no, for no har han for andre gongen hørt det namnet som alle kjempar skjelv slikt for.
No reiser eg frå denne kjære øya mi. Langt bort til fremmend stad fer eg, og der vil eg døy – einsam. Aldri kjem eg att.
Aslaug fekk alt ho åtte. Berre langeleiken sin tok ho med seg, for den fekk ho hos han Arnmfinn den dagen han jaga vekk friarane hennes. Og så varskudde ho om at ingen måtte slå seg ned på alle småøyene i Tarva, for der skulle alle småtrolla hennes få vera i fred. Dei ville ho forsvara til siste stund, sa ho.
Og meir sa ho ikkje, ho Guri Kunna. Verken mer eller mindre. For det var ikkje så lite, dette. I alle fall er det nok til å ha og undre seg over. For her er det både eitt og anna som kan få tankane på glid og sette fantasien i sving. Men la oss sjå på enda eit moment før vi tek til med fabuleringane. I mange av segnene om ho Guri Kunna blir heimplassen hennes nemnt. Namnet hennes blir knytta til den vesle øya Kunna, langt ute i Froan, ikkje langt unna Finnvær fyr. Ein liten unnselig holme langt ute i havet.
Mange har funne det forunderlig og problematisk at denne mektige personen skulle høre heime på ein slik plass. Dei tidlige nedskrivarane av segnene om Guri Kunna, folkeminnesamlarane, visste ikkje om Kunna i Froan eingong, så dei leitte Norgeskartet opp og ned etter namnet Kunna - eller noko som likna på det. Somme sa det var på Helgeland. Andre meinte det var på finnmarkskysten. Så fastslo dei at staden var uviss.
Folket på Trønderlagskysten løyste dette på eit anna vis. Jau, namnet sitt hadde ho etter den vesle øya Kunna, det var sant nok, men det var ikkje den eigentlige heimen hennes. Nei, det var Ufrovær- eit land langt utom Froan. Eit land som var så langt ute, så vanskelig å finne og så farefullt å komma fram til, at ingen direkte kjente nokon som hadde vore der. Men det skulle ha vore dei som var komne såpass nære at dei visste noko om korleis det var der.
Og så fortalte ho Guro sjøl òg om korleis det var der. For å komma dit, måtte ein komma seg forbi stygge havdyr og segle mellom ville grunnbrott og fall. Og om ein klarte å komma seg velberga igjennom alt, så fekk ein sjå naustet i Utfrovær. Ein skulle segle beint inn naustporten, og når så han lukka seg att bakom båten, så ville Utfrovær flotne op av havet. Og der var det fint. Ho Guri sa sjøl:
Eitt einaste skjær i Utfrovær e likar enn heile Innfrovær. Det var store, gilde kornåkrar, og her beitte store, smellfeite kyr og oksar på vide, grønne vollar. Jau, her var det veløstand og rikdom – ikkje tvil om det. Her budde det folk med makt og styrke.
Vi kjenner til liknande førestillinger om slike fantasilandandre steder frå òg. Det er vanlige drømmar som kystfolk har hatt, både her til lands og andre stader. Utafor Røst ligg det mektige Utrøst, som vi veit. Og i Irland har dei fleire spennande segner om dette.
I fleire av segnene om ho Guri Kunna finst det mange lokale namn. Det kan vera namn på øyer, holmer og skjær, men det kan òg vera svært lokale namn, til dømes namn på fiskegrunnar, brott, viker og sund og naturformasjonar. Desse vitnar om at folk her i Sør- og Nordfosen sterkt knytta ho Guri Kunna til dette området. Ei sammenblanding av lokalnamn herifrå forteler oss at slik at folk andre stadar frå, som var mindre lokalkjente her, også oppfatta det slik at ho hørte heime i våre trakter. Denne segna illustrerer dette:
Ei jekt frå Troms kom ein gong seglande på nordtur frå Bergen. Dei hadde hatt dårlig bør heile vegen. Seint hadde det gått, og mannskapet begynte å bli utålmodige. Mest utålmodig var ein bergenser dei hadde med seg på nordtur. Han gjekk kvar dag å gnåla og masa om dei ikkje snart var framme. Ein dag var dei komne til Frohavet og låg der og dreiv i stilla. Det kom inn dønning frå opne havet der, jekta rulla og segla slo mot mastra. Bergensaren kraup i hop og bad til Gud om vind. Styrmannen om bord var same, eller finn som dei sa før. Han kom over bergensaren der han lå og bad, og så sa han ”nei, eg trur du heller ska rop på kjerringa i Kya. Da kan det tenkas du får vind og god bør.” Bergensaren ville vita meir om dette, men styrmannen gjekk berre frå han. Han ville ikkje seie meir. Men karen frå Bergen gav seg ikkje, og til slutt, for å få fred, sa styrmannen fram regla om ho Beret Kya:
Berret, Berret dalla, kom som du e kalla, kom så mastra bogne, kom så taugan tågne, kom så råa remne. kom så jakta klemne, kom, kom i stampen
"Seier du fram dette, så får du bør,” sa styrmannen, ”men det kan snart bli for mykje òg”.
Karane om bord i jekta småflira åt alt i hop, men styrmannen likte seg dårlig. Han skulle ikkje ha sagt fram heile regla åt bergensaren, sjøl om det berre var for å lære han regla. Ho Beret Kya kunne ha hørt alt likevel. Og snart fekk dei merke at det stemte.
”Vi får visst ein floing,” var det ein av mannskapet som sa: ”han held på og svartnar til.” ”Ja, det ser eg,” sa styrmannen, ”og fort kjem han òg. Vi tek toppseglet, karar.” No kom vêret over dei. Sjøen rauk. ”Skal vi ta bandet?” ropa ein av mannskapet til styrmannen. ”La no meg passe på det!” svara han. Han såg meir enn dei fleste, den karen.
Langt ute frå havet kom det noko svart og stygt, såg han; og det kom fort. Han forsto at det var ho Beret Kya som kom seglande i stampen sin. No galt det livet, forsto han, for kom ho fram til jekta, vart stampen til eit skjær, som jekta kom til å knuse seg på. Vinden kom for fullt no. Det knaka i riggen og sjøen slo over jekta.
”No er ho fullsegla”, sa karane. Dei stod kvar på sin plass, ferdige til å rive unna bandet. Han som stod å styrte, lest som han ikkje hørte dei og sa ingenting. Så hørte han ein smell. ”No sprang det eit band på stampen,” sa han. Mannskapet skjønte ikkje kva som gjekk av han, og forsto ikkje kva han meinte. Jekta grov seg ned, så skumskavlen låg inntilmastra. ”Der sprang det eit band til,” sa styrmanne, og da så han trollkjerringa ståandes jamsides med jekta. No var vinden så sterk at jekta la seg nedi så skumskavlane sto midt i taklan. ”No går ho ned”, skreik karane og heldt seg fast så dei ikkje skulle bli skylte over bord.
Da ropa styrmannen: ”Riv bandet, karar, riv bandet!” Da sprang siste bandet i stampen, og farkosten til trollkjerringa fall i stavar.
No vart det passelig med segl til vinden. Dei segla godt, og det vara ikkje lenge før dei var i Nærøysundet. Der fortalte styrmannen dei andre kva dei hadde vore ute for.
Beret Kya var sjølsagt ho Guri Kunna. På Tromsjekta var dei ikkje så lokalkjente at dei kom på namnet Kunna, men Kya visste dei var her i området, og så brukte dei det namnet i staden. Og at ho hørte heime her i Fosen, det visste dei.
Jau, bildet av figuren Guri Kunna har endra seg opp gjennom tidene. Ho vart annsleis å sjå til, ho spela forskjellige rollar og framtida hennes skifta med tida. Slik måtte det mesta bli. Tidene skiftar òg. Folket endrar seg med dei. Tankar og tru utviklar seg med folket. Vi, som lever i dag, skulle vel ikkje ha vanskar med å forstå det. I det vi reknar som det eldste materialet, var ho Guri stolt og vakker og mektig. Kva ein trudde og gjorde var viktig i tidligare tider. Både religion og naturen var mektigare enn i dag. Respekten for alt ein hadde kring seg var livsnødvendig. Det var slik at folk oppfatta seg som ein del av alt, og så måtte ein oppføre seg deretter.
Seinare vart ho Guri til eit stygt sjødyr, ei trollkjerring eller heks, som til slutt vart brent på bålet. Styresmaktene stilte klåre krav til folk. Ein skulle skilje mellom kristentru og heidentru. Ein måtte markere avstand til overtrua og styggedommen. Samfunnet kravde det av ein. Ein måtte vokte seg vel.
Etter som tida gjekk trong ein ikkje lenger å passe seg så nøye. Kva folk trudde og ikkje, enten det vart kalla kristendom eller overtru, vart ikkje så viktig lenger. Verken styresmakter eller grannelag brydde seg så mykje om slikt – i alle fall ikkje slik at dei greip inn. Da vart ho Guri til ei snarsint lita kjerring. Somtid lukast ho med det ho gjorde, men like ofte dumma ho seg ut.
Men nokre trekk ved Guri Kunna har ikkje skifta. Området ho hører heime i, står fast. Uløyselig var ho knytta til Trønderlagskysten, sjøl om liknande segner fanst andre stader. Likeeins står det fast at ho hadde så mange merkelige, groteske og komiske skapningar kring seg. Nokre var store og andre var små. I segna om Aslaug og Orm var det mykje god blanding av dyr og menneske. Det var kongroer med kvinnfolkhau og marekatter med høneføter. I Havmannsbryluppet var det alle dei rare namna som kalla på smilet og i ei nyare nedskrive segn dukka det opp bitte små, rare små gamlingar. Dei menneskelige trekka ved ho Guri held seg også. Særlig kjem dette fram gjennom det ho så langt frå lukkest med alt det ho gjer. Ho er ikkje ”gitt allmakt på himmel og jord”. Å nei, på samme vis som folk flest, må ho Guri Kunna heile tida ta omsyn til makter og krefter kring seg. Somtid greier ho seg fint, men det hender òg at ho ikkje strekk til.
Kanskje vart det lettare å forstå for folk. Kanskje kunne dei lettare identifisere seg med ei slik makt. Sjøl om kjerka gjorde krav på Guds allmakt, så visste dei jo godt at Kristus rett som det var ikke strakk til. Det kunne dei sjølsagt ikkje seie. Når ein far kom vekk på sjøen og det satt ein ungeskokk aleine i ei lita stue på eit skag, så måtte dei likevel sukke å seie at ”Han har vel ei meining med det.” Men dei visste jo at det umulig kunne vera noko meining med slikt.
Skilnaden mot kristendommen er sterk i dei fleste Guri-segene. Da er det lettare å sjå sammenhengen mellom dei og den gamle norrøne gudelæra. Mykje i den minner svært om dei førestillingane vi finn i segnene om ho Guri Kunna. Fleire av dei norrøne gudane var både rare og snarsinte. Rett som det var, gjorde dei ein tabbe, var uheldige, mista kontrollen og dumma seg ut. Dei menneskelige trekka på godt og vondt var tydelige. Og så må vi ikkje glømme : vi finn jo den norrøne gudelæra nemnt i segna om Aslaug og Orm!: Ho Guri forteller at den mektige Gaut kom austfrå og drap far hennes. Mykje tyder på at åsatrua kom frå dei rike jordbruksområda i Sverige. Det var jordbrukskulturen som dominerte åsatrua. Kanskje var Gaut eit anna namn på Odin, den mektigaste av æsene. Han kunne kaste sjukdom på folk med seidekunstene sine, nettopp slik det vart gjort med far hennes Guri.
Og kva gjorde ho Guri da. Jau, ho forteler at ho og han Arnfinn rømte til Frøy og fekk hjelp av han. Men det verkar no rart. Først kjem ein av æsene og drep far hennes, og så rømmer ho til ein annan av æsene og får hjelp hos han. Men ser vi nærare etter, var det ikkje slik det var. Frøy og Frøya var born til Njord, -havguden. Og Njord hørte ikke æsene til. Han var ein av vanene – ei gudeslekt som hørte til her ved kysten før æsene kom frå aust. Vanene kom først i strid med æsene, men måtte etter kvart gi tapt, vart forlike med dei og gjekk til slutt i lag med æsene.
Og med det spring fantasien vår laus att. Ikkje nok med at vi er attende til den tusen år gamle åsatrua i desse Guri-segnen. Vi held på og når i ei gudeslekt som er eldre enn dette; ei slekt som hørte heime her ved havlandet, og som først og fremst brydde seg med alt som hadde med sjøen å gjøre. Det er òg vanlig på forskarhald å rekne denne striden mellom æser og vaner som ei historisk kulturstrid – der hav står mot innland, fiske og fangst mot åkerdyrking.
Vi skal ikkje gå vidare i dette tankespinnet her og no. La oss heller prøve å samle nokre av dei trådane vi har prøvd å følgje.
I 1947 skreiv han Hans Grønskag på Frøya at segnene om ho Guri Kunna vart brukt som underhaldning. Sjølsagt har han rett i det. Dei har kosa seg med desse drømmane sine i segnene om ho Guri Kunna. Ho mangla ingenting. Heile Utfrovær åtte ho, med store gilde kornåkrar og feite, gode kyr. Og fullt opp av sølv og gull hadde ho. Alt det dei mangla og tykte dei hadde for lite av, det fann dei att hos ho Guri Kunna. Ho kom frå den minste holmen ute i havet, men likevel var ho rik og mektig.
Segnene om ho Guri Kunna er som alle segner ein viktig del av oppsedinga og overleveringa av kulturarven. Det dei tidligare generasjoner hadde erfart seg til, dikta dei inn i slike segner og fortalte dei til born og unge. Dermed vart mykje av denne viktige informasjonen lettare å hugse. Og kunnskapen vart framstilt på ulike måtar i mange segner. På nytt og på nytt fortalde ho bestemor desse historiane til borneborna sine, og til slutt kunne dei det. Mange av dei rådgjerdene som ein skulle gripe til for å berge for ho Guri Kunna, tente òg til å berge seg gjennom kvardagen og fekk dei til å gjera det som kulturen vår meinte var rett og fornuftig.
Eg vil påstå at segnene våre er nokre av dei aller viktigaste kulturminna vi har. Gjennom dei får vi vita om mennekja, korleis dei tenke og kva dei trudde. Vi kjem innpå dei som har levd før oss, og dermed er sjansen større til at vi forstår dei betre. Han Johan Foss på Frøya har rett når han seier : kystkulturen er ikkje ein gjenstandskultur. Husa ved kysten blåste ned. Gjenstandene vart oppetne av mått. Når båtane og segla vart gamle, så brente vi dei opp, fordi dei var livsfarlige å bruke. Nei, kystkulturen er ein immateriell kultur. Det er forteljingane, historiene, segnene som er styrken i han. Det blir dramatikken og kunnskapen om livet ved havet som blir viktigast å formidle vidare.
”Folketru ved havet” var årets tema ved kulturdagane i Lysøysundet. Folketrua, - eller overtrua om ein vil – handlar, slik eg ser det, om kunnskap og overføring av kunnskap. Ho handlar om miljøet vårt: Kulturen, naturen, ressursane. Ho handler om vårt forhold til det vi har ikring oss. Ho gjer no som før teneste som vegvisar for både ung og gammel.
Om ho Guri Kunna levar i dag? Ja visst! – og ikkje berre det: Ho gjer det ho alltid har gjort: Kjempar for halde liv i oss som bur her ved kysten.