Ordliste D-F
Daber tu (verb) avta, minke, falle saman. Også daver.
Dabrast (verb) avta, minke, falle saman. Også davrast.
Daff’ (verb) ikkje gjera skikkeleg arbeid; ikkje få gjort noko.
Daffen (adj) tiltakslaus, uengasjert.
Daffkall (ein) ein som daffar.
Daffmakar (ein) person som daffar.
Dagas (verb) han ha både dagas og nattas borti der atskjillige gong vore der både dag og natt.
Daggalaus (adj) som har gått over tida ho skal føde.
Dakkara å bli dakkara bli dulla med. Av stakkar.
Dalagubb (ei) skodde som legg seg i dalsøkka mot kvelden. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Dalk (eit) dårleg laga produkt; slett utført handarbeid: Det va bærre dalke’; han for med nå’ dalk.
Dalk’ (å dalke) vera lite fingernem; øydelegge, skjemme ut eit emne: Han dalka-bort heile æmne’.
Dalken (adj) som manglar handlag.
Dalkmakar (ein) person som manglar handlag.
Dallj’ (verb) tasle; fara med tull; dallj’ bort skjemme bort (ungar).
Dalljkall (ein) heimføding; ein som ikkje heilhuga følgjer med tida.
Damstilla (ei; bestemt form) blekkstilla. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Dask (ein) det svarre dask det treffer godt, forslår, tar rettelig, tek nøing. Jf. bætte.
Dassflua (ei) dss. møkkflua (s d). Jf. òg frauflua.
Daubloblæmm’ (ei) blemme med daudblod (storkna blod under huda). Jf. blåblæmm’.
Dauhogg (eit) få dauhogge’ få det avgjerande grunnlaget fr dødsårsaka: Han fekk dauhogge’ da’n somna i snø’n ein gong i ongdommen.
Dauhåss (eit) slappe musklar, daudkjøtt på kroppen.
Daupeis (ein) ein som er doven, lat, ubrukbar.
Daun’ tu (verb) miste gnisten, peppen.
Daustilla (ei; bestemt form) blekkstilla. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Daver, davrast sjå daber, dabrast.
Deiræv (ei) velfødd person (va begge kjønn).
Dekkeder’ (verb) dekkeder’ me(d) dikke, dulle med; forvenne (ungar).
Dengsan (subst fleirtal) storfolket. Jf. stordengsan.
I des’ (verb) stelle for; kjæle for: Ho desa og dulla med’n som med ein reivonge.
II des’ (verb) (om dyr og menneske) stå uvirksamme og frosne i uver: Han sto og desa og fraus i regne’.
Dessmyr (ei) myrtjønn som gror gradvis igjen; det dissar når ein går på ho.
Dessn’ (ei) dis. Sjå også godversdess’n, regndessn’, skådd-dessn’. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Dik (eit) gjørmehol. Her blir ein lortete når ein går, i motsetning til i jøss, som er grovare materiale. Jf. gårrdik, skjettdik.
Diktong (adj) eit lyte hos fjordingshestar; dei var vant til å gå i fjellet og sette hoven med spissen ned når dei gjekk. I det blaute terrenget på Hitra kunne dette vera eit problem. Også myrtong.
Dildren (adj) ustødig.
Dol’ (ei) lita lampe.
Dol’ (verb) brenne med lågt bluss.
Domm’ (verb) Det domme viden tar opp skummet på sjøen. Jf. tørdomm’.
Dommfåkk (eit) rokket som går inn over land når vinden tar opp sjøen.
Dommråkk (eit) sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Dommsøa (ei) sjørokk; opprørt sjø. Jf. søa.
Dommtromm’ (ei) omfangsrik person.
Don’ (verb) arbeide, drive på hardt; ha mykje arbeid på gang
Dongas(t) (verb) det dongas-opp for-mæ det hopar seg opp (slik at det stoppar ein prosess); dongas-i-hop samlast opp til det blir overfylt, ”haugen på”; dongas-te klabbe på seg, vekse til, auke på (så det monnar).
Dongtal (eit) i dongtal store mengder: Det va bøker i dongtal.
Dos’ (å dose) 1. dulle: ho dosa og dulla rondt ræva på’n. 2. sprenge berg utan å bora, ved å legge dynamitt på steinen og pakke våt leire eller torv rundt, så det blir lufttett.
Dra fulen åt sæ trekke seg; ta avstand i forskrekkelse. Også ta fulen.
Drag (eit) bruka om straumdrag i sjøen (utan vind); jf båradrag.
Dragarkjælke (ein) kjelke til å dra lass på. Mots. rennarkjælke.
Dragas(t) (verb) streve, plundre: Æ ha dries. Ikkje nødvendigvis berre fysisk: kall’n bynt å drekk, så ho fekk no å dragas-med. Det drægst te endes det går mot eit avgjørande oppgjør.
Draglykkj’ (ei) knute som dreg seg, kan gli (ved garnbinding).
Dragmerr (ei) plankeende bruka ved båtutlegg. Ein hadde bora to hol i denne, hadde ankertauget gjennom det eine og ei snor gjennom det andre, knytte båten til og drog han utover.
Drakster (ein dragster) strev, bal: ein onneli drakster.
Dra-på (verb) om vind; auke på; dra-på-sæ skaffe seg noko uheldig: dra-på sæ gjeld; dra-på-sæ folksnakk.
Dra-sæ-foll 1) om veret: svartne, særleg over fjella i sør: han dræg-sæ foll sør i håle. 2) om folk: samle opp sinne. Jf. folldrien.
Dra-te-roms samle i ”lader”.
Dra te veies anskaffe seg ting.
Dra ur snorke.
Drav (eit) Det legg som drav ætte dæ uryddig, rotete (f. eks. om verktøy).
Drekkarbøy’ (ei) periode med drikking.
Drekkarkul’ (ei) livlig drikkelag.
Drekkarsabb (ein) ein som er drikkfeldig.
Dreppel’ (verb) drype smått: dreppel’ og dryp’.
Drygas(t) (verb) dra ut; ta tid: de dryges-ut. Fortid drøgdes.
Drygvoli (adj) heller dryg, stor.
Dræmm-te (verb) slå til; smørje til (kontant reaksjon).
Drængkall (ein) ungkar.
Dræv (eit) legga på dræve fiske med drivgarn; på dræve også i farta: ho va på dræve i rætt ti.
Drævhei (ei) aktiv, geskjeftig person: går som ei drævhei døgn og dag går i stadig knog og arbeid (også om ei som blir utnytta i arbeidssamanheng). Kan hende frå krøtterdrift?
Drøksel (subst) det va itt nå drøksel ti det det varte ikkje lenge, tok fort slutt.
Drøyp’ (verb) avgi dropar; drype : Han drøypa aue’ med audroppa.
I dråg (ei) senkning i terrenget, der skodda legg seg nedi.
II dråg sjå steindråg.
Dråpparenn’ (ei) takrenne.
Dubbel (eit) garnfløyt. I eit garnsett er det fleire medubbel bortover. Jf. òg spåmannsdubbel.
Dynnjstø (eit) stad der møkkadunge lig eller har lege.
Dæl’ (verb) sikle.
Dæla (substantiv fleirtal) sikkel: tobaksdælan.
Dæmmel’ (verb) 1) fylle opp ei bøtte. 2) dæmmel-tu-sæ komma med hånsord, ukvemsord, tvitydingar o l. Liknande dæmmel-ifrå-sæ buse ut med eitt eller anna. 3. fyllast med skyer e l: dæmmel ti; han dæmla-tu-sæ nolaskådd’.
Dæmme stilla sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Dættfell’ (ei) vanleg rottefelle med pinnar.
Dættsup (ein, vel omlaga av dotsup) dram skjenka i samband med felling av hjort (var ikkje vanleg skikk mellom bygdafolk).
Døgglabb (ein) sølvbunke (plante).
Døgnis (ein) vatn som ikkje ligg meir enn eitt sdøgn, som forsvin når gjennomstrømminga begynner att. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Døhlj (eit) 1) sjøldaua krøtter. 2) skjellsord om (og til) late flk: dett døhlj!
Dølekt (adj) (oom terreng, plass) i skjjul, gjømt. På slike plassar var det vanskelig å tørke høy.
Dølgsmål (eit) det som er skjult: å færra i dølgsmål operere i det skjulte.
Døl’ sæ (verb) vera vanskeleg å bedømme; vera drygare enn ein først trudde: Han ser liten ut, men æ trur han e tå dæm som døle sæ; kua verka lita, men det vart så ho døla sæ.
Dønn’ (å dønne) det dønne-opp det stoppar opp, står ”dønn”.
Dør (adverb) hal-dør stramme ei trosse; hiv-dør stramme vaier festa til lossebom.
Dørgått (ei) fals, innfelling for dør.
Dørstein (ein) trapp, helle utafor inngangsdør.
Dørsval (ei) sval framom inngangsdøra (ein måtte ha sval på vesterenden, elels dreiv det inn). Jf. yttersval.
Døssvåna (ein) sterk redsel: skreik i døssvåna’n.
Dåbbelsætt (ein) hammar som er tverr i begge endar. Jf. sætt.
Dåfallen el dåfållen (adj) handfallen: ho vart mæsta dåfålle da ho såg kor det såg ut..
Dåkk’ (ei) lita trådhespe.
Dålge (ein) ein som er lat og drikkfeldig.
Dålsi (ei) lubben løiten veikjunge.
Eabose (ein) ærfuglhann.
Egenpave (ein) stabeis.
Egenpeis (ein) stabeis.
Egenpotet (ein) stabeis.
Egenpåle (ein) stabeis; tverr, usosial type.
Eggjarn (eit) eggreiskap.
Eggsjuk (adj) med sterk uforløyst lengt. Sterkare enn verpsjuk.
Eina bør i eina bør med samme børen heilt fram utan ophalød; også om all slags hasteferd både på land og sjø. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Einabåta (adj/adv) å setta einabåta vera einaste båten på fiskefeltet.
Einast ærende eins ærend.
Einhøring (ein) ein som går sine eigne vegar, som det ikkje går an å snakke åt.
Eininga i eininga utan stopp: arbei i eininga.
Einjænneng (ein) enkeltspunne garn.
Einkarre (ein) einerkjerr.
Einlaug (eit) eineavkok, til å gjera rein koppar.
Einlængt (adj) i ei lendge, utan skøyt: einlængt matrial te bordkleingan.
Einpekkar (ein) einmannsfeisel.
Einpinnakall (ein) jakt med ei master. Jf. topinnakall.
Eksingrot (ei) eit ugras; truleg kveke.
Eling (ein) byge. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
El-lei (ei) gløtt av opphaldsver mellom byger. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Ellervoli (adj) noko opp i åra: ellervoli folk.
Elva- sjå ælva-.
Enda (ennja) (ein) ein snodi ennja ein underlig skrue.
Endeband (eit) endebanda var banda ein festa barnlinden med øvst oppe.
Endløktast (verb) ende hamne: Han endløktast som kårmann; han for å rota så læng’ at han endløktast hos politie.
Engsløgd (ei) sjå sløgd.
Eta-tå (verb) konkurrere ut rival i kjærligheitsforhold. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Fakkel’ (å fakle) lyse, gnistre: det fakla ti lysledningan; det lynt så det fakla; så sint at det fakla tå’n.
Faks (eit) man påhest (jf. hængfaks). Også om håret på folk.
Fal (eit) tynn hinne: Det låg ett tjukt fal tå feitt oppå supa.
Fal (ei; eigentleg ferd) far, spor; merke etter ferdsel: Det va fala ætte dyr over is’n. Fala skyss: Han fekk sæ fala med ein hestkjørar; det va itt fala å få over fjord’n. Også i fale i farten; på vandring.
Falafesk (ein) fisk som er på vandring, som f.eks. oppsigmådde.
Falanatt (ei) avskjedsfest for dei som skulle reise på fiske.
Falas(t) (verb) ferdast.
Fale (ein) rør elelr hol til å sette skaft nedi; fal.
Faller’ (verb) gi seg; gi opp; gi etter.
Fallvêr (eit) farlig kastvind frå fjella. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Fallvind (ein) dss. frg. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Fals sjå te fals.
Famp (substantiv) fiskereiskap med mykje røringar og knutar, som fisken vart redd. Jf. vargtøkja.
Famp’ (verb) kle seg utan smak og stil: famp’-på-sæ.
Fampfilia el -fylia (ei) ei som kler seg utan smak og stil.
Fampåt (adj) fampåt klædd når ein ar på seg i overkant av det nødvendige for å gjera seg bemerkt.
Fanglin’ (ei) taug ein tar med på land frå båt for å fortøye med. Jf. fæst.
Fantstaur (ein) ein som fer med fantestreker.
Fara sæ (verb) likne på far sin etter kvart: vent, ska du sjå at’n fare sæ.
Farklaup (ein) tøysekopp, spelloppmakar (godlyndt kallsmål).
Farkpek (eit) fantestrek.
Farkrand (ei) eigenskap som gjer at ein ikkje er til å lite på.
Farkstaur (ein) spelloppmakar, farklaup. Også dette er godlyndt.
Farksyl (ein ) farkstaur.
Farm (ein) varer som ein fraktar (kjører, fløyter, ber) med seg.
Fartykar (ein) mann som er hyra på båt (farty).
Fastan’ (adj) 1. edru. 2. som ikkje har smakt mat: på fastan’ hjart’.
Fatl’ (verb) surre på; binde ikring: Dæm fatla stein som dæm bruka når dæm sætt laksnotvarp.
Fatlast (verb) Det held på og fatlast for han han følgjer ikkje med lenger; er senil, “utafor”.
Fauln’ bort (verb) tørke inn, skrumpe inn; forsvinne. Også faulnast bort. Mest berre om tre.
Faut’ sæ (verb) laga seg; gå seg til; tilpasse seg; flaske seg: det faute sæ for’n.
Feller’ (verb) fingre, fikle, pusle.
Fellingsgronnj (ein) fiskegrunn der fisken tar på fallet (fallande sjø). Mf. fløingsgronnj.
Fell-tu (verb) trekkje seg ut; slutte. Som gji-sæ-tu og gå-tu.
Fengje (adj) fengje for sjanse for, utsikt, muligheit; det ligg godt til rette: det va så fengje for dyr; fengje for sild.
Fergåan’ (adj) bli fergåan’ bli gåande gammelungkar.
Fermoanes (adj) veldig: ein fermoanes måne; ein fermoanes (snø)æling.
Feskarklakk (ein) sjå klakk.
Feskmauk (eit) fiskekraft. Jf. mauk.
Feskrom (eit) midtirom på båt, der dei la fisken.
Fessel’ (verb) fara med fordekt vondskap, sladder og bakvaskelsar.
Fesseltut (ein) ein som fer med sladder.
Fetling (ein) utkant. Sjeldan brukt, men det hang lengst i om utkantar og remser av slåttamark, som blir ståande att etter slåmaskina: færra over og ta fetlingan med ljå’n. Også om det som blir til overs f. eks. av eit skinn eller tyemne.
Fingerbeit (ei) fleskskive om lag 2-3 cm brei og eit par tommar høg, brukt som fiskeagn. Det var remser (”fingrar”) skore inni.
Finhendt (adj) sjå hendt.
Finnskjegg (eit) planten Nardus stricta: finnskjeggtuv’.
Finnskått (eit) sjukdom som kjem brått på krøttera. Jf. tuftskått.
Finn’-åt (verb) kritisere, laste, sjikanere. Sjå også Ordtak.
Finlett (adj) med mjuke, fine ansiktstrekk. Mf. grovlett.
Finspist (adj) nøyen på maten.
Firhjulavogn (ei) langvogn, mots. bekkvogn. Jf. også flakavogn.
Fisbikkj’ (ei) frostig og tander person.
Fissjen, fissjekt (fisken, adj) som ein fangar mykje fisk med: kjakabeit, det va fissjekt.
Fjakk’ (verb) drive med gagnlaus omflakking: å færra å fjakk’.
Fjas’ (verb) vera overflatisk og tøysete.
Fjashau (eit) person som fjasar.
Fjasåt (adj) som fer med fjas.
Fjellgal’n (ein, bestemt eintal) fjellrekka innpå land.
Fjellskråv (ei) skoddedottar langs fjellgarden. Når fiskarane låg på meda utafor Frøya, kunne dei sjå Hemnfjella over havranda. Når fjellskråva kom smygande, var det eit uversvarsel, og det lønte seg sjeldan å dryge med å komma seg til lands. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Fjer (ei) finne på fisk.
Fjolkjeft (ein; fjordkjeft) fjordmunning.
Fjolonge (ein) eldre unge (når ein har litebarn): må-itt glømm-tå fjolongen må ikkje la den minste få all oppmerksomheita.
Fjærarur (ein) skjel på stein i fjæra.
Fjærmannsfarar (ein) torskgarnsbåt.
Fjølde gjærra fjølde eller færra med fjølde gjera noko til gagns, gjera kraftig innsats, storverk,noko som vekkkjer oppsikt, også bruka litt hånleg. Også negativt: Han gjor ingen særlig fjølde.
Fjølg (adj) blid: Han va så fjølg at’n konn smør’n på kak.
Fjølg’ (v) fjølg-sæ pynte seg.
Fjøslæmm (ein) hjell, trev over fjøset, jfr læmm.
Fjøsskjæle (eit) rom mellom stallen og kufjøset i gamle fjøsbygningar.
Fjøstærn’ (ei) fjøslykt.
Flagd (ei) flagg.
Flagd’ (å flagde) flagge; også bli raud: han flagda godt.
Flakajekt (ei) jekt med platting (flaka) til å legge ovver lasta.
Flakavogn (ei) langvogn. Jf. også firhjulavogn.
Flatbrennar (ein) oljelampe med flat veik
Flatbåt (ein) leikebåt for ungar,laga av fjølstump, med papirsegl og pinne til master, og kappsegla med i frålandsvind. Vart også brukt til å segle over lina når ein sette garn i vatna.
Flathøy høy som blir tørka på marka.
Flatkak’ (ei) hyllkake, steikt på begge sider, oppå omnen.
Flatsæng (ei) seng oppreidd rett på golvet.
Flattann (eit) legga i flattanne springe det hardaste ein vinn.
Flaug (eit) hengebratt berg.
Flauje (adjektiv) svært brattlendt, med livsfarlige berg.
Flekker (subst) fleiping, fjas: flekker og flir.
Flettjeng (ei) ta te flettjengs skreva, lange ut.
Flettj’ tå (verb) flekkje tenner når ein flirer; komma med falsk, utidig flir. Jf. tannerflettj’. Han flekkja’n tå sagt om ein person som jamra seg fælt.
Flettjersara (ei) ei som har plagsom, tynn latter.
Fli (verb) gjera reint: fli-omm; fli åt kalvan, hønan; fli sæ vaske seg til gagns; fli-sæ-te lorte seg ut (nyare fli-te-sæ).
Flina (ein) juling, bank; overhøvling. Jfr omflina, storomflina.
Flinter’ (verb) kaste flate steinar så dei sprett mange gonger bortover vassflata,
Flinterplata (fleirtal) stein til å flinter’ med.
Flinterstein (ein) dss. frg.
Fliropp (ein) ein som flirer og gliser støtt.
Fli-te (verb) skitne til.
Flitter (subst) verdilaust juggel: Ho hængt på sæ nokka flitterstas.
Flonnjerbåtn (ein) sagt om tynn kaffe. Jf. klårsjøtt.
Flovêr (eit) vêr med kraftige byger. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Flu (ei) fiskegrunne som ikkje når opp til overflata, f. eks. seiflu, tarraflu. Straumen går mot grunna og tvingar åtet opp, og dermed kjem fisken dit. Han låg og klødd-sæ på fluen kjørte seg opp med båt i eininga.
Fluafot (ein) å flå fluafot’n opptre svært grådig; vera knipen, smålig.
Fluastabbe (ein) stor fluesverm: Æ fann-itt døhlje, men æ såg fluastabben. Jf. mystabbe.
Flæskbeit (ei) fleskesvord skore som beit (fiskeagn); kunne brukast på morten og seien.
Flø (verb) det flø ned toppmål på nedbør; det rægna så gale at det flødd ned..
Fløa (ei) skjer som berre er synleg ved lågvatn.
Fløingsgronnj (ein) fiskegrunn der fisken tek på fløing. Mf. fellingsgronnj.
Fløra (ei) flerre, rift.
Fløtt-te-roms (om eit par) flytte inn med sakene sine.
Fløyk (ein) floke.
Fløykas (verb) fløkast.
Fløyt (subst) fløyt i lufta hastig skygang. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Fløytlin’ (ei) fiskeline som flyt, står oppe i sjøen, opphengtt i vakarar. Brukt berre på Lofoten, der fisken gjekk meir oppi sjøen. Jf. jufnalin’.
Flåbærg (eit) slett, flatt berg som det ikkje heng jord på.
Flåtn’-tå (verb) flyte bort; drive av.
Flått (eit) skuv’ båt’n på flått.
Fokk (ei) 1) trekanta segl mellom framstamnen og mastra. 2) (i spøk) nasen: han rent-ronnt og vefta med den rau fokka si.
Fol’ (ei) stor mengde, mykje av noko. Jf. snøfol’.
Folkap’ (ei) det samme som folkflekkj’.
Folkfal (eit) folkeferd, familie, grendalag.
Folkflekkj’ (ei) ei(n) som apast med alt og alle.
Folkful (adj) folkevond, om dyr. Farlegare, avorelgare enn mannbisk.
Folkforsjæll (ein) jærra folkfårskjæll gjera forskjell på folk.
Folkmennesj (eit) person som oppfører seg som folk, er solidarisk og heilstøypt, som ein kan lite på, som ikkje prøver å heve seg over andre: kall’n kom borti et folkmennesj da’n gifta sæ, så’n rætta sæ.
Folkskafna (ein) det va-itt folkskafna det likna ikkje til folk.
Folksty (adj) folkesky.
Folkstyggjen (adj) folkeksy.
Folkvann (adj) kritisk til kven ein er i lag med: Han va itt folkvann, den mann’.
Folldrien (adj) 1) (om veret) svart, uverstung: han kjæm-no-væl me ei vernatt, hann e så folldrien. 2) (om folk) som har samla opp mykje sinne: hann va bra folldrien når’n for-heim.
Follstuta (adj) indoktrinert. Jfr stuta.
Follsæggelt (adj) (høg)gravid
Folvis (adverb) bærra folvis bera mykje om gongen.
Fonnje haugjen frå fonnje haugjen veldig gammalt.
Forana (adj) bli forana bli klumsa, brakt ut av fatning.
Forbala (adj) sjå sæ forbala stå opprådd; vera overgitt; ikkje kjenne seg vaksen for oppgava: Han vart ståan’ heilt forbala da’n såg kor kykkjy som va ugjort.
Forbol’ (verb) sette på ekstra sikring, f. eks. fortøyning på hus mot vind, på båtar, døer, vindauge: godt forbola.
Forgjort (adj) omskapt, ramma av trolldom.
Forgåttes (perf. pts.av forgåst) Det ha forgåttes for mæ det har komme bort; er rota vekk, gått til grunne.
Forjærra-sæ (verb) miste sjølkontrollen.
Forkavvel’ (verb) forkavvel’-sæ blokkere på grunn av dårlig planlegging; ta unna så fort at det stoppar opp etc.; forkavvel’ støa si ordne seg slik at ein ikkje kjem attåt med båten.
Forklomsa (adj) sjokkert, alterert: Han vart så forklomsa at’n fekk itt ord for sæ.
Forkommas (verb) omkmma; bli vanskjøtta: Dæm held-på og forkjæms.
Formonn (ein) gjærra på formonn provosere; overdrive for å erte.
Formyndar (ein) ein kjølen formyndar ein som er vanskelig å ha med å gjera.
Fornatranes (adj) illsint. Jf. nater.
Forol-sæ (verb; fororde seg) komma med ei fråsegn; seie klårt ifrå.
Forsarva (adj) fordrukken.
Forsarvas(t) (verb) bli ødelagt; ikkje bli halde ved like.
Forsynn’ sæ (verb) handle i sinne; miste kontrollen over seg: Han erta-mæ så læng’ at æ holdt på å forsynn’ mæ.
Fortenkt (adj) undrande, forbausa.
Fortoilla (adj) ute av balanse; forvirra.
Fortryt’ (verb) bli irritert: itt å fortryt’.
Fortustra (adj) deprimert, trist, nedfor,uopplagt. Jf. tustren.
Fortvart (adj) egen, sta; lite samarbeidsvillig; original, eksentrisk.
Forålle (adj) bortskjemt, forvent.
Fossmor (ei ) fostermor.
Fossregn (eit) sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Fot (ein) å værra skårre om fot’n vera velhjelpen, godt rusta: Han ha godt verktøy som han leit på, så han kjent sæ skårre om fot’n.
Fot standan’ å gå fot standan’ følgje ein person skritt for skritt.
Fotbokt (ei) innbrett for føtene på dyne, barnreiv o l.
Fotbuna(d) (ein) sko, støvler.
Fotspenn (eit) fotfeste: ha laust fotspenn vera dårlig forankra, f.eks. om usikkert jobbforhold.
Frak (adj) sprek, sterk, innsatsvillig; med stor yteevne; gjæv: Han villa værra den frakast; han va itt frak han var skral.
Framfødd (adj) som har sikra seg økonomisk.
Frammalengjes (adv) framlengs, forover.
Fram-monnjt (adj) med underbitt.
Framsætt (adj) 1) (om båt) framlasta. 2) (i spøk) gravid.
Framtøk (adj) med godt tiltak, drivande. Jf. tøk.
Frau (ein) gjødsel; snakk’ bærre frau prate skit.
Frau’ (verb) 1) gjødsle, ha på frau. 2) lurfise.
Fraudig (adj) fruktbar, grøderikt: det e fraudekt; fraudi jol.
Frauflua (ei) dss. møkkflua (s d). Jf. òg dassflua.
Fraukjellar (ein) gjødselkjellar.
Fraumark (ein) større, grov, brun, laus mark, passar ikkje til agn.
Frauvêr (eit) jamt og godt med væte, så frauen blir trekt ned i grassvorden. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Frauvåtta (ei) sig frå fraudyngje.
Fren’ (verb) lukte sterkt; stanke.
Fribank’ sæ (verb) seie seg (argumentere seg) fri for beskyldningar; ta avstand frå.
Fribol (eit; fribord) det som er over vassflata på ei båtside når han er fullasta. Det va itt mykkjy fribol sagt om nokon som var godt full.
Frigåar (ein) ein som er sterk, uovervinneleg, som ingen tør yppe seg mot; frikar.
Frostbeit (ei) nedbørsbyge eller mildversgløtt med påfølgande kaldare periode. Sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Frostbrann (ein) isbrann. Også frostbrent (perf. pts.). Sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Frostbrest (ein) smellar i isen på grunn av kalde og frost. Sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”. Jf. kallbrest.
Frostføter (fleirtal) det same som frost-ter.
Frostgubb (ei) frostskodde, gjerne over opent vatn. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Frosti(g) (adj) som har feberfrysningar: uvæl og frosti(g).
Frostnavar (ein) sløv navar som dei bora i ein kubbe med for å halde varmen,når dei låg inni fjordane med garna. Etter kvart bruka om all slags sløv reiskap.
Frostsag (ei) tilsvarar frostnavar.
Frost-ter (fleirtal; frost-tær) forfrosne tær med varig liding. Svært vanleg mellom gamle fiskarar.
Frødd (adj) forplantningsdyktig, potent.
Frøkenfis (ein) feminin type.
Frønn (adj) (om person) sky, vanskeleg å ha å gjera med; lite tilgjengeleg; ømtolelig. Også upersonlig: Det e litegrann frønnt det er følsame saker.
Frøs (ein) hannkatt. Jf. grafrøs. Sjå òg ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Frøsjen (ein, bestemt form - eigentleg frosken) eit slags belegg, betennelse i munnen (barnesjukdom). Også fråsjen.
Frøyværing (ein) også om tresolasko utan hælkappe.
Frågga (verb) spørje grundig, intenst.
Fråkomme (adj) ute av trening; ikkje ajour; ikkje oppdatert.
Fråsjen sjå frøsjen.
Fuffu (ei) det her e ittnå fuffu dette er ordentlige saker (særlig om brennevin og mat).
Ful (adj) sint, morsk.
Fulen sjå dra fulen åt sæ.
Fulhøtta (fleirtal) morskt blikk, som tegn på innstengt aggresjon.
Fullna’n sjå te fullna’n.
Fulmask’ (ei) morskt oppsyn: sætt-opp fulmask’. Han sætt-opp fulmask’ er også sagt når det dreg opp til uver.
Fulskrokk’ (ei) morske skrukker i panna; også kallsmål for morsk, bister kvinne.
Fuss (eit) noko fattigslig, ureinslig: Det e itt nokka fuss. I samansettingar bruka (nedsettande) om institusjon eller samling av folk: fussgrend, fusslag.
Fusse (ein) original, raring; ein som er utanom folkeskikken.
Fusshål (eit) ufyseleg plass med ufyseleg klientell.
Fusslokt (ei) gammaldags fattigmannslukt.
Futtul (ein) låsgreie rundt hovleden på hesten når han gjekk i tjor.
Fyken få fyken få sparken (mest til sjøs).
Fyllstamp (ein) fyllebøtte
Fægd (ei) dødsvarsel: fesk’ for fægda få uvanleg mykje fisk.
Færra tå vei’n abortere.
Fæst (ei) fæsta tauet i framstamnen på båt, som ein tar med på land for fortøying. Også kalla fanglina.
Føggel’ (verb) vise seg mykje fugl (som varslar åte elelr fisk): Det føgla så besætt, det e sei på gronnj’.
Føggelstabbe (ein) tett fuglesverm. Jf. måsstabbe.
Følfakte sjå ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Føring (ein) (åt)last.
Føringsbåt (ein) fraktebåt, lastebåt.
Førregåar (ein) forvarsel om nokon som kjem; vardøger. Somme folk hadde dette.
Førrevis (adj) framsynt, forutsjåande.
Førreåt (adv) på førehand.
Føsj (ein; eigentleg fausk) inntørka, delvis forvitra tre.
Føtt (eit) lite skritt; kort steg: No greie æ itt ett føtt meir.
Fåen (adj) gusten, bleik, tynn, gjennomsiktig.
Fåhæv’ (ei) uspesifisert skjellsord.
Fåmen (adj) dum, sein i fatteevna.
Fåmennj’ (ei) person som forstår lite; som har det mest i kjeften. Jf. vamennj’.
Fåmhau (eit) fåmen person.
Fåm-mennj’ (ei) fåmen person.
Fåmnaut (eit) svært dum og seinfattande person. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Fårsing (ein) tynnare snøre mellom grunnsnor og ongel i fiskeline.