Ordliste G-I
Gabb’ (verb) røyke, gove.
Gabbrøyk’ (verb) nirøyke.
Gaddj (ein) tørrfuru.
Gaier (ein) talje til å svinge ut lastebommen på båt.
Gal (ein gard) gjerde: sætt gal.
Gale (ein garde) sjå saugale.
Gali (gale, adj) mild, akseptert bannskapå i uttrykka gali bottjen; gali katta; gali ta.
Galje (ein) ein lang galje lang, tynn stake til kar. Jf. langgalje.
Gallbrossen (ei) snarsint person; ei(n) som ar vanskeleg gemytt.
Gallkart (ein) å rasa gallkart sagt om ungar som blir rasande.
Gallpaut’ (verb) (om oksar) det same som paut’ (sjå det).
Galmat eller galmatar (ein) ein som ein ikkje behøver ta alvorlig; for eksempel gutunge som opererer i kanten av det tillatelige. Eigentleg galgemat(ar).
Galtjyv (ein, gardtjuv) krøtter som forserer gardane.
Galtkut (ein) uventa, spontan sprint. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Galvol (ein; gardvord) gutunge som fer med fantestreker.
Gammelgut (ein) gammalungkar.
Gammelsjul gammelerik. Jf. også sjulerek.
Gammeltol gammelerik.
Gapstaur (ein) ein som er lite akta; tullebukk.
Garm’ (verb) behandle noko på ein dårleg, uappetittleg, fråstøytande måte: garm’ mat.
Garnsætt (eit), som i sildgarnsætt, trollgarnsætt 1) fiskeplass, plass der det tradisjonelt er ”fenge”. 2. garn som er sett. 3. når ein let vakarane stå att, så det berre er å knyte garnet på.
Gaum (subst) fiskeyngel.
Girge (verb) bløffe, blende: han va-itt så lett å girge. Også refleksiv: han lætt-sæ girgas(t). Truleg nytt ord, jf. infinitiv på –e.
Gjeit’ (ei geite) ytterved (andrerangs). Til dette gjeitstokk.
Gjeitsniel (ein) sleip, ekkel person (kallsmål).
Gjeitveita (ei, bestemt form) kløfta mellom kvinnebrysta.
Gjelding (ein) kastrert hanndyr. Jf. halvgjelding.
Gjeldkånna (ei) ei som ikkje har menstruasjon, er ufruktbar. Sjå også gå i gjeld.
Gjeldkånnavatn (eit) tynn kaffe; skvip.
Gjevorning (ein) uvøren, ulydig gutunge. Eigentleg geworben (frå tysk) ein som har verva seg; leiesoldat.
Gjild (adj) her betyr det glad: det va itt all som va så gjill for det.
Gjilder (eit) ustødig byggverk.
Gjilder’ opp (verb) sette opp, bygge noko som står ustødig; laga ein dårleg konstruksjon.
Gjildren (adj) ustødig, vaklevoren.
Gji-sæ-tu (verb) trekke seg ut; slutte. Som fell-tu og gå-tu.
Gjæggel’ (verb) vera oppsetsig, høgrøsta og aggressiv: Han sto der og gjægla heilt oppi syna på’n; æ hele itt å stå her og gjæggel’ med dæ.
Gjæggelpave (ein) ein som gjeglar, skapar ufred.
Gjæglen (adj) som har det med å gjegle.
Gjælos (ein) fråde, skum av brottsjø.
Gjærra mjøl vera effektiv.
Gjærra-sæ-ivei (verb) 1. øydelegge seg økonomisk. 2. ta sjansar på sjøen. 3. ta livet av seg.
Gjærra-te monn’-sin prøve å snakke fint.
Gjærra-ti (verb) besvangre.
Gjærra-åt (verb) ta ei endeleg avgjerd; sette ein stoppar for; gjera slutt på.
Gjærralaus (adj) ledig; utan gjeremål.
Gjævvel (subst) uroleg, tung sjø som går i djupna (fører rusk og rask i garna).
Gjøl’ (verb) klemme,kjæle.
Gjølen (adj) sjuk for å kjæle.
Gjølklein (adj) sjuk for å kjæle.
Gjørli (adj) tilrådeleg: e det gjørli å ha di to gåan’ ålein’ oppå der om to som har eit godt auge til kvarandre.
Gjørmpøyt’ (ei) pøyte (pytt) i skjettdik.
Gjørp’ (verb) 1. gi halvdregne meiningar; gi skitord. 2. om kråke (også ramn) som sitt oppi tre; gi frå seg ei ulåte. Denne var rekna som feigdavarsel. Når kråka grev, er det ei anna låte.
Gjøys’ (verb) framføre rykte; komma med påstandar som ikkje er underbygd; servere useriøst snakk.
Glant (subst) spøk, skjemt: å snakk glant vera munter, spøkefull; det va sagt på glant-.
Glant’ (verb) spøke, skøye: Det vart glanting og kommers.
Glantast (verb) spøke.
Glanten (adj) munter, spøkefull.
Glantmakar ein) spøkefugl (godlyndt kallsmål).
Glashålk’ (ei) glatt og hard ishålke. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Glasøgd (adj) (om hest) kvitaktig i auga; dette var rekna som eit skjemmande lyte.
Glir (subst) fleip, spøk: Det vart i mæst’ lage med gap og glir.
Glir’ (verb) glise, flire.
Glisfesk (ein) ein som gliser i tide og utide og held ap.
Glohark el glohærk (adj) nidkjær, pågåande, omsynslaus.
Glor (adj) ivrig, sterkt oppsett på; brennande opptatt av å oppnå: å værra glor ætte pæng’.
Glovarm (adj) ein riktig glovarm ein stille fis; også eit fordektig skitord, ei tvetydigheit.
Glyen (adj) synleg redusert; forringa i kvalitet (både om folk og mat). Ved f.eks.influensa blir ein glyen i auan.
Glyp (ei/eit) innsnevring, trong passasje.
Glæren (adj) med sur og kald vind. Jf. vindgræl; sjå også ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Glætt’ (verb) miste taket: å glætt ut; det glætt for’n.
Glømmræv (ei) glømsk, ukonsentrert, sløv person.
Gløsøkt (ei) kortvarig opplette med litt sol. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Gløyp’ (verb) sluke,glefse. å gløyp ti sæ; å gløyp’ over; å gløyp tu sæ komma med kjeft, skarvord.
Glåmøgd (adj) imponert, overvelda, forbausa; som gjer store auge. Jf. storaua.
Gneks’ (verb) laga ein skjerande, høg lyd, f. eks. om usmurt hjul.
Gnellsteik (ei) gneldrete menneske.
Gneste sjå neste.
Gnetten (adj) gjerrig: gnien og gnetten. Også gnettren.
Godban (eit) godunge; sukkerunge.
Goddæmt (adj) blid, i godlune.
Godhanda å ha legge på godhanda ha knytt intim kontakt: Du ha vesst fått legga på godhanda hass du er overtala, vunnen for hans sak.
Godkjinn (eit) få et godkjinn få ein god klem.
Godmatræv (ei) person som er svært glad i god mat; slikkmunn.
Godmennj’ (ei) godt og vennlig menneske.
Godt kora sjå kora.
Godtykkj’ (eit) sympati: æ ha gotykkj’ for derre bane; dæm ha gotykkj’ for kvartanner.
Godveiter (substantiv) usynlege småfolk, underjordingar, tuftar.
Godversdess’n (ei) godversdis.
Godversrønna (ein) gull i kvelsdsskyene, varslar godver neste dag: godversrønnaover Hemnfjilla. Jf. rønna.
Golljbohonnj (ein) praktsnegle. Jf. bohonnj.
Golljboste (ein) løvetann.
Golljsko (ein) tiriltunge.
Golljsme (ein) bille med glinsande ryggskjold.
Gongborg (adj) i stand til å gå.
Gongklea (fleirtal) bruksklede.
Gongsperr (adj) stiv og støl i føtene pga. overanstrengelse.
Gongstø (adj) å itt værra gongstø vera ustø på beina. Han kom sæ heim, men va itt heilt gongstø.
Grafrøs (ein) kar med sterk kjønnsdrift (eigentleg hannkatt). Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Grahys’ (ei) Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Grakveis’ (ei) det same som gratyt’.
Gralaup (ein) dss. grafrøs.
Gralår (eit) kvinnfolk med sterk kjønnsdrift.
Gramons (ein) dss. grafrøs. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Grasnaut (eit) bruka allment nedsettande om folk.
Graspall (ein) sjå pall(e).
Grassvol (ein) grasbotn.
Gratyt’ (ei) kveise i ansiktet; pubertetskveise. Det var vanleg tru at kveiser i ansiket tydde på ureint blod. Også vanleg tru at slike kveiser kjem bort når ein giftar seg.
Grautmauk (eit) væske til grautkoking. Jf. mauk.
Grautpinne (ein) liten saltrett etter kveldsgrauten.
Gravlus (ei) person som grev og spør.
Greffel’ (verb) ta, gripe; slå kloa i: Han grefla katta og hiva ho ut; æ grefla’n i nakksjinne.
Greibråtte (adj) (om hest) med gnagsår frå greiet.
Greimelt (adj) grei å forstå; som seier meininga si rett fram.
Greista’n (ein; bestemt form) der greiet som ligg tyngst mot hesten når han dreg lass. Spei i greista’n sjå ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Grepp (eit) storvarp, kupp: jærra et grepp, storgrepp.
Grimler (eit) dra på grimlere dra på fliren.
Grinen (adj) sur, grinete. Meir utoverretta, ein gir meir utrykk for det enn når ein er grinåt.
Grinnjpåle (ein) grindstolpe.
Grislæst (ein) ein som er ureinslig, grisete.
Grisskjæl (ei) flat, oval skjeltype bruka når ungane leika fjøs.
Gro (ei) 1. padde. 2. surt, tvert, avvisande kvinnfolk. Jf. grohakk’.
Gro(a) (verb) ha hyppig og langvarig tilhald; ofte nedsettande om intime, fordektige forhold: Han låg og groa inni fjordan der; dæm låg og groa i hop.
Groberret (ei) umuleg kvinnfolk, nærmast trollkjerring, heks. Stadnamn Groberretsteinen.
Groen (adj) lite sosial, fråstøytande, usympatisk.
Grohakk’ (ei) ei som er svært sur, tverr, avvisande.
Grohållj (eit) grokjøt: godt grohåll.
Gronnj (ein) fiskegrunne: seigronnj.
Gronnjlin’ (ei) fiskeline;line som ein snurpar saman botnen i nota med.
Gronnjmann (ein) den som sørga for at grunnlina kom rett inn i båten når dei begynte å lin-inn nota.
Gronnjrør (ei) bevegelse i havdjupet etter storm.
Gronnjslå (ei) snor som onglane er festa i på fiskeline. Vagronnjslå når ein sett kvietevad.
Gronnjstol (ein?) grunnlag, fundament; også oppdragelse, utdanning: god gronnjstol.
Gronnjvea (ein; fleirtal) korallskog.
Gronnjåt (eit) fleire slag dyr (f. erks. Sleipmark, svarte korstroll og andre) som et på fisk som har gått på fast redskap.
Groravêr (eit) mildvêr med rikelig med væte: når det e rætteli godt groraver, da spire skive’n. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Grotta (verb) angre, påtala; dvele angrande ved noko som har skjedd: Han grotta på handel’n; du ska itt setta og grotta på de her længer.
Grovlett (adj) med grove ansiktstrekk. Mf. finlett.
Gruggen (adj) uklår i stemmen, utydelig, diffus; delvis tilstoppa: Han verka forkjøla og gruggen; han ha drokke brennvin og va nokka gruggen.
Grusvår (ein) grusbrem i terrenget.
Gruv’ sæ (verb) gruve seg; kvi seg: gruv’ sæ som ein sjø.
Gruvstein (ein) stein framfor eller kring grue: det e itt kvar dag at skjura skit på gruvstein sagt når noko går godt, ein får full klaff.
Grynen (adj) korna, om gammalsnø. Jf. grynsnø.
Grynkjør’ (verb) kjøre motor e.l. totalt nedåt, slik at det går i gryna.
Grynn’ (verb) (særleg om snø og vatn) velte over ein slik at ein må vasse, kjempe seg tungt gjennom: det grynt over stævlen; han kjørt-tå så det grynt over både hæst’n og donengen.
Grynsnø (ein) sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Gryntælar (ein) smålig person. Også om folk i administrative funksjonar, som er forsiktige på vegner av firmaet o l. Kanskje frå sjøen, der dei hadde med seg matemne og spanderte kvar sin gong.
Grytulv (ein) glupsk person.
Grælen (adj) med kald vind. Jf. vindgræl; jf. òg ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Græpp (eit) kupp, storvarp: Dæm gjord eit heilt græpp da dæm handla båt.Om lag som krøk (s d), men kanskje meir fysisk.
Grøftkast (eit) det ein mokar opp av grøfta. Jf. veitkast.
Grønår (eit) uår.
Grøyp (ei) for, grop, helst istein, tre eller anna materiale: Det va store grøyper i stein’. Fleirtal grøyper - grøyper’n.
Grådiglaup (ein) grådig person.
Gråe (ein) Vind som gir krusingar på havflata. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Grål (ein) 1) gjerrig, grådig person. 2) grådigskap: Æ meine grål’n ha tatt dæ; no ha grål’n komme ti dæ.
Grålen (adj) grisk, grådig, havesjuk.
Gråskådd’ (ei) tjukk, mørk skodde. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Gråssjen, gråssjekt (adj) med ubestemmeleg gråfarge; skittengrå.
Gurp(verb) 1) rapa. 2) komma med stikkpillar; antydningar; når ein veit noe som ein ikkje seier rett ut.
Gutmort (ein) veslevaksen gutunge.
Gutvaps (ein) gutunge, gutvott.
Gylt’ (verb) komma med lausaktig skryt: Han satt og gylta og laug.
Gyltar (ein) skrytepave.
Gæln (galen, adj) sint.
Gælngro (ei) ei som er sint, sur, tverr, avvisande.
Gælnsint (adj) snarsint, lett antennelig.
Gåar (ein) dram medan ein er undervegs.
Gå-for-det (verb) omkomma, dø.
Gå i gjeld (om kvinnfolk og kyr) ikkje lenger vera fruktbar: ho ha gått i gjell læng’, ho. Jf. gjeldkånna.
Gålveikj’ (ei gardveikje) jente som er frå gard, fortrinnsvis odelsjente.
Gåmma (subst; eigentleg gaman) gå over gåmma gå over grensa for det rimelege; bryte med god skikk og akseptabel oppførsel.
Gångklea (fleirtal) klede til å gå i: det er ber’ at dæm slit gångklean enn sængklean.
Gånglæmm (ein) gånglæmman bogen og skinka på slakt.
Gåpålandsklea (fleirtal) klede som var betre enn vanlege arbeidsklede,men ikkje så fine som rætt kjerkklean.
Går (ein) nyanse som skil seg ut; strime i vevnad, i væske eller fast materiale. Det kan vera ferskvassgåra i sjøen på grunn av sterkt regn.
Gårdtales (adv) gardmellom: å færra gårdtales besøke gard for gard.
Gårdval (eit) verdien av ein heil gard. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Gårrbølj (eit) kaldt brøl frå hjorten.
Gårrdik (eit) gjørmehol.
Gårrpet’ (ei) småaure.
Gårrskjøt’ (verb) skyte dyr (hjort) i vomma så mageinnhaldet kjem ut.
Gårrskott (eit) skott som treffer vomma på dyr. Jf. våmmskott.
Gårrtjønn (ei) gjørmetjønn.
Gåråt (adj) med strimer. Ein kan vera gåråt i ansiket av sveitte og skit, og tøy kan vera gåråt på grunn av ujamn farging eller vasking.
Gå-te (verb) dø. Også gå-i-vei.
Gåtten (adj) (om rogn) blaut, ikkje etande.
Gå-tu (verb) trekke seg ut; slutte. Det samme som ji-sæ-tu eller fell-tu.
Gåvv (eit) damp, f.eks. frå matlaging, koking.
Gåvvhætt’ (ei) murhette over kokestad. Også gåvvhatt.
Hafs for (verb) ha positiv omsorg for.
Hakkel’ (verb) henge laust; vera dårleg festa; slarke: sko’n hakla (han var for stor).
Hakkemin’ (ei) aggressivt, angstbitersk kvinnfolk.
Hakkfåkk (eit) små ispartiklar som blir blåsne av vinden langsmed bakken. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Hakkhoste (ein) grov, tørr hoste. Jf. mrrahoste.
Hakkmeis (subst) sår, utslett på hendene.
Halbar (adj; hardbar) hardfør, brutal.
Haldrie (adj, inkjekj av halddregen) han tåle –itt så my’ såm ett haldrie ord.
Halen (adj) (om tømmerstokk) av god kvalitet.
Halfødd (adj; hardødd) som treng mykje mat.
Hallj eller hållj eit 1. sting: hallj i sia. 2. sjå kveithallj.
Hallj’ (verb) helle: hallj’ på haue; han hallja-sæ attåt ein grinnjpåle.
Halljekt (inkjekjønn av hallen, adj) (om terreng) som hallar litt, men ikkje veldig bratt. Somme seier også hallje.
Hallfaks (eit) faks (man) på hest som fell til eine sida.
Haltæle (eit; hardtele) fast grunn (under myr): kåmma neppå haltæle.
Halvgjelding (ein) hanndyr som er halvt gjelda, som har berre ein testikkel.
Halvikt (adj; hardvikt) (om hest) ødelagt i kjeften av uforstandige kjørarar. Også overført på asosial ungdom. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Halvkann(t)boks’ (ei) gammaldags vadmålsbukse som nedst gjekk midt på leggen og øvst nesten oppunder armane. Også -brok som sisteledd. Var rekna som bonåt.
Halvkoring (ein) mangelfullt utvikla skapning; halvgått foster, f.eks. i egg.
Halv reis stå/legga på halv reis vera nærmast til nedfalls.
Halvtolljing (ein) halvtomsete person.
Halvvanglen (adj) halvtomsete: Det for ein halvvanglen kar her og vesa. Jf. vanglen.
Ha med hender handfara, handsama.
Hammel’ (verb) ro bakover; også å ro i overført forstand; prøve å komma seg ut av ein vanskelig situasjon: prøv’ å hammel-sæ-i lann.
Hamprokk (ein) hyperaktiv unge, eller kvinnfolk med slitsom oppførsel.
Hams’ (verb) hams-sæ kle på seg.
Handbågga (ein) albu; handbåggale’n.
Handbåggalykkj’ (ei) armkrok, armlykkje: bærra på handbåggalykkja f eks ved, ei handlarkorg, ein barnsunge osv.
Handbåggarom (eit) rom for å utfolde seg.
Handfengj’ (eit) reiskap.
Handfestes (adv) utan verje; på tørre nevar: værra i hop handfestes (om slåsting).
Handfløyttmelk (ei) melk som er fløytt (ein fløytte av fløyten med skei).
Handklå (verb) fingre med, handfara, klå på ting.
Handklåper (ein) ein som er klåfingra.
Handlaus (adj) utan hjelpemidlar, verktøy: kjenn’ sæ handlaus når ein har mista ein heilt nødvendig reiskap.
Handtvaring (ei) å ha handtvaring over ha kontroll over: ho ha god handtvaring over ongan sin.
Handvennjing (ein) snarvending; kort tid: de e-itt gjort i ein handvennjing å rætt-opp de der.
Hankan (fleirtal) i vendinga på harde hankan på harde livet: hæl’-på på harde hankan; kjør’ på harde hankan.
Hank’-inn (verb) hente inn, samle opp: kjærringa va å hanka-inn (ongan); bli innhanka.
Harratopp (ein) pannelugg på hest.
Harsk (adj) harsk på innpitt, pågåande etter.
Ha-te (verb) stelle til; laga til.
Hater (eit) irritasjon, kløe: han kjent nokka hater ti ein’ øre.
Haubætt (eit) oppstøyt av vatn i munnen, kombinert med kraftig hovudpine.
Haug (ein) i fleirtal om marka, skogen: uti hauan.
Haugue (ein) kallsmål for gutunge som fer med fantestreker, gjerne litt ondt og skremmande.
Hauis (ein) sterk is utpå ein våg. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Hauk (substantiv) hyling,skriking: med hauk og skrækk.
Hauk’ (verb) rope, kauke: hauk’ med’n ha mål; hauk’ som kniven sto ti’n.
Hauplagg (eit) huve, hatt.
Hause (ein) skalle, skolt.
Hausterk (adj) som toler store høgder.
Hautennj’ (ei) hovudhud, hårbotn (både på, dyr og folk).
Hauvakar (ein) fløyt på garnile som er forankra ute på sjøen.
Hauørkjen (adj) svimmel, ør i hovudet.
Havdram (ein) dram som vart skjenka når ein kom heim frå fiske, helst ved levering av fangst.
Havflask’ (ei) flaske dei hadde med seg når dei for til havet, men ”universalmedisin” av ukjent innhald, men som var sterkt og reiv godt.
Havglemskula (fleirtal) kuleforma skyer som stundom kom inn frå havet utpå seinsommaren eller hausten. Desse gav korte, svært lokale regnskurer.
Havkjeft (ein) sjøstykke soim ikkje er dekt, med opning ut mot havet.
Heiingshu (ei) hud på nyfødde ungar.
Heilabeina (adv) utan skade: Bærre æ kjæm mæ heilabeina bortåt dæ.
Heilvetti(g) (adj) tilreknelig: ein kan itt kall slekt for heilvettig fal.
Heimføing (ein) lite verdensvant person.
Heimgjeldt (adj) ha det som heimgjeldt eller får for heimgjeldt sjøl vera skuld i sine vanskar. Jf. sjølgjeldt.
Heimgårdsmenneskj’ (eit) person som er heime og passar garden medan dei andre er borte.
Heimsjø’n (ein: bestemt form) heimefiske. Sjå Ordtak.
Heimåle (adj) som trivst heime; heimkjær; også heimkjent, husvarm.
Hein’ (verb) pusse med hein. Hein’ over glatte over når ein har sagt noko uheldig, uttrykt seg for sterkt; hein’ med glatte over; halde med; jatte med (negativt).
Hekkersara (ei) ei som har tynn, plagsom latter.
Hemmelfåkk (eit) fokk som kjem ovafrå som nedbør. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”. Jf. også jordfåkk.
Hendt (adj) flink med hendene: finhendt, nætthendt.hendt som høve fleksibel.
Hennj’ (eit) for ett dautt henn’ for ein sjeldan gong.
Hennj’ haft (adj nesten oppråd;såvidt at ein held nokon frå livet.
Heppen (adj) heldig; som har lykka med seg.
Hes’ (verb) hes’-opp gå opp; tærast bort (om tele); også hesaas(t)-opp.
Hesvind (ein) vind som tinar på snøen om våren. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Hette (for) (adj) sjanse for; utsikt til: Det e hette for at’n greie det.
Hevle (adj?) uhyrlig, oppsiktsvekkande (negativt; mest om menneskeleg oppførsel).
Hir’ (verb) fryse slik at ein blir gjennomfrossen.
Hivens (adj) framifrå: ein hivens kar (resskap, hest, båt). Også hiva.
Hivlin’ (ei) line fremst på fortøyningstrosse, blir kasta på land når ein legg attåt. Også kastlin’.
Hjortgras (eit) skogsgras.
Hjortlegga (ei) sjå legga.
Hjærta (adj) itt-nå hjærta på det ikkje særleg lysten.
Hjølpen (adj) hjelpt;slik at ein greier seg: å gjærra sæ hjølpen.
Hjølprå(d) (ei) ressursar: Det va ingen å lei’ sjøl om han ha hjølpråa.
Hogse (adj, inkjekjønnsform) oppvakt, intelligent: Det såg ut for å værra ett hogse ban.
Hold-atti (verb) hamle attover (kommandorop ved roing). Tilsv. hold-frammi ro framover.
Holdbotn (ein) sjå ”Biletspråk og kallsmål”.
Holdstokk (ein) få (på) sæ hollstokka feitne; legge på seg.
Holsar (ein) stor, kraftig person.
Hommelblomster (ein)
Hommel om dommel hulter til bulter.
Honnj-juleng (ein) rundjuling.
Honnjlærv’ (ei) nesettande om hund.
Honnjsjæla inni honnjsjæla inni ditt djupaste indre; inste personlehgeita.
Honnjskjitrus’ sjå rus’.
Honnjsleik
Hopkok (eit) å ha hopkok samen ha noko i hop (negativt).
Hor(s)k’ (verb) mellomting mellom snorking og harking. Han heldt på og kvælast; det va berre så vidt det hor(s)k ti’n.
Huff tetti utrop. Også huff titti elelr huff titti-mæ tu.
Huk (ein) lite,lågt rom.
Hul’ sæ (verb) rømme unna; dra seg i skjul; søke dekning: Han hula sæ heim; han hula sæ i hus.
Hurre (ein) stor, kraftig person.Også om eldre mannfolk: gammel hurre.
Husgrin (eit) kall som er sur og grinete heime i huset.
Hushåll (eit) et onneli hushåll spetakkel.
Husmåssa (ein) ein sort mose som vart brukt til tetting når ein bygde hus.
Husruv (eit) gjenstand som ruver og ar oppmykje plass i huset.
Husstein (ein) stor rullestein innpå øya, etter isen.
Hustri (adj) kaldt; også stygt, avskrekkande.
Hut’ (verb) jaga, skuve frå seg; vise frå seg med forakt eller harme: værra huta og hessa vera sterkt mobba; dei er etter ein over alt.
Hynn’ (verb) streve, slepe, i uttrykka hynn’ og bera; hynn’ og dra.
Hyr’ (å hyre) strekke til: det hyre-itt te.
Hysgut (ein) ein som det er lite å bry seg med: Han kom heim som ein stormann og itt som nånn hysgut.
Hyssingkakk (ein) sjå kakk.
Hyttj (ein) klepp, til fiske. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Hyven (ein; bunden form) ta hyven legge på sprang.
Hækkels (adj) forbaska, fordømt(e) (litt mild form for bannskap): di hækkels ongan; denn hækkels kall’n.
Hækksbåt (ein) lettbåt som heng under hekken på større farty.
Hæks’ (verb) glefse,hogge: Ho va så sint at ho hæksa ætte mæ; å hæks’-ti-sæ mat’n.
Hækt’ (verb) hyppe (poteter): vi hækte me græv; hækta-opp potedes’n.
Hæl’ (verb) å hæl’-på drive på; hæl’-på på harde hankan drive på riktig hardt.
Hæleng (ei) Det bærs i hælenga det blir alvor; å bli med hælenga vant måtte venne seg til å tåle hard medfart etter kvart; ha gått gjennom så mykje at ein forsonar seg, resignerer, avfinn seg med situasjonen, men på ein positiv måte.
Hælgamess (ei) bruka i kraftuttrykk, omtrent som ’forbaska, fordømte’ e l: denn hælgamess kall’n (katta, honnj’).
Hæli(g) (adj) som toler mykje; herdig.
Hælli(g)per (ein skinnhellig type.
Hælsi (adj) sunn og frisk.
Hælskvåle (ein halskvarde) halslinning.
Hælvethonnj (ein) kallsmål for ein som opererer i ytterkanten av det akseptable. Jf. ramhetning.
Hæmnværing (ein) også om ein type tresko, av bjørk, kuven oppå og lenger oppå rista enn dei som var laga på Hitra. Hæmnværinga elelr hæmnværingstresko var lette og gode, men trekte vatn.
Hæng (ein) så vidt merkbar vind. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Hængaksla (adj) med hengande skuldrer: hængaksla som ei champagneflask’.
Hængfaks (eit) hengeman på hest. Meir vanleg hængman.
Hærg (adj) innpåsliten, aggressiv, pågåande: Laks’n va så hærg at’n tok på snaue ongel’n.
Hærjast (verb) hærjast med vera voldsom mot; handtere hardhendt.
Hærm (eit) herme, sitat.
Hærsel (ei) plagsam tilstand: Det her vart no sæ ei onneli hærsel.
Hæstber (ei)
Hæstblomster (ein) engsoleie.
Hæstfrælsar (ein) veldig negatvt, nesten litt uhyggeleg kallsmål.
Hæstgælen (adj) (om merr) brunstig.
Hæstre (eit) hestpeis.
Hætta (ein) varme.
Hætte det sto så hætte om at’n greidd det det var på hekta; det va hætte for dyr stor sjanse, mulegheit for (å treffe på); me derre sko’n der e det hætte for at du vekle dæ.
Hæv (adj) kry, skrytande: Han va så hæv tå nysko’n sin.
Høgmåli(g) (adj) høgrøsta.
Høgmånskjænn (eit) fullmåne. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”. Også stormånskjænn, s d.
Høklen (adj) som hyklar; falsk.
Høljregn (eit) sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Høljuft (adj) med brådjup botn.
Hønbåt (ein) liten båt til heimebruk. Færingen var meir langstrekt, og rett ein meter eller så, hønbåten ikkje rett i det heile.
Hønhau (eit) ei som er dum og tøvete. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Hønk (ei) liten, vegfast benk; bruka både til å ligge og sitte på.
Hørj (eit) negativt om samling av dyr eller menneske; lurvehop: Æ jaga ut heile hørje; æ e lei tå det her hørje.
Høtta (fleirtal) gjærra høtta skulefram under nedtrekte augbruner; kjik’ fram onnja høttan.
Høveshane (ein) ein som vil ha rådvelde over andre; ein som tar jobben sin litt for høgtidelig, som vil vise at han har makt.
Høylæmm (ein) ope rom (over fjøset) for å lagre høy; jfr læmm.
Høyrollj (ein) høyvogn med to hjul.
Høystabbe (ein) tettpakka lad med høy.
Høyvalle (ein) sjå valle.
Hå (ein) svak vind; lufting, lett bris: austavindshå, vestavindshå, landvindshå.
Håhendel (ein) 1. svarttorsk, eit fiskeslag som held til på havbotnen. 2. tynn, smal og slåpen person. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Håkkelkul (ein) ankel, oklekul.
Hål (eit hol) hål i bærge; hål i klea. I mange samansetningar negativt lada, helst om naturlokalitetar, sjå avhål, fusshål, kallhål, naggelbithål, råkkhål, råttehål, snøhål, svarthål, tjyvhål.
Hål for tvart å hiv’ hål for tvart å ikkje sortere; berre hive i ein dunge. Også bruka om uvørent snakk.
Hånka værra komme på hånka vera passert 30 og stadig ugift (helst om karar).
Hånnjkallan var brukt som utnamn på AP-folk. Etter terrororganisasjonen “den sorte hånd” i Russland. - Ska du på hånnjkallmøt?
Hånnskeisa (fleirtal) snabelskøyter. Jf. pansera, stokkskeisa.
Hånstaur (ein) tosk, usympatisk person.
Hårs’ (verb) færra og hårs’ halde seg frampå på ein upassande måte; utvise ukvinneleg oppførsel: hårs’ og dans’.
Håss (eit) daukjøtt: Han va ein svær kar å sjå te,men truli så va det mest håss; det va lite makt,mesta berre håss. Jf. dauhåss.
Håssalabban (fleirtal) på håssalabban på sokkelesten.
Håssbånn (ein) husbond:væra på håssbånns bæst vera trufast mot husbonden.
Håssbånnsdræng (husbondsdreng) garsdreng, eller den fremste av tenarane på ein gard.
Håssen (adj) laus, porøs;med lite hald i.
Hått (ein) tendens: ein onneli hått trekk i personlegheita, eller i ei slekt. Også tendens, tilbøyeligheit i veret: ein onneli hått ti’n sagt når det kjem opp uversskyer.
Håtter’ sæ (verb) bestemme seg; samle seg.
Håvålla perioden mellom våronna og slåtten.
I eininga sjå eininga.
Ihau (ein) ansvar, engasjement: itt ha nå ihau for-det.
Illbelli(g) (adj) vanskelig, strabasiøst, hardt å utstå: Det her va illbellekt; illbellekt ver.
Illhaua (adj)
Illramsen eller illramslen (adj) uopplagt; sterkt urven.
Illskrik’ (verb) sktyggskrike.
Illtrivas(t) (verb) trivast svært dårlig.
Illtåkken (adj) indisponert, med otte i seg;også uopplagt, utilpass, i dårlig form. Varianten illtåkka også bruka..
Ilstein (ein) stor stein festa til eine enden av garnile.
Imen (adj) furten, humørsjuk, reservert.
Innabeins (adv) på innsida av lår og legg.
Innerreivan (fleirtal) store, firkanta barnreivar bretta oppover sidene på reivungen, utapå kladden (s d). Jf. ytterreivan.
Innertrøylomm’ (ei) innerlomme.
Innfeit (adj) som er framme og stikk litt, tergar og flirer (fordi ein sit på sensitive opplysningar): han flira så innfeit.
Innhålastaur (ein) jæl’ me innhålastaur’n skyte for å halde hjorten unna innmarka (enten for å drepa eller for å skremme).
Innpåsjitt (adj) gjerrig, påhalden.
Innpåslitan’ (adj) innpåsliten.
Innvea (fleirtal) lausøre i båt.
Invensjon (ein) innvollar.
Iras(t) (verb) engste seg.
Isbom (ein) isbru som stenger elva slik at vatnet går over. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Isklubb’ (ei) lang stokk dei slo is med på båtane før:
Isokse (ein) lydar i isen, som ein okse som bøljar. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Issvåll (ein) iskul.
Issårr (eit) iskrystallar som ikkje er bundne saman til is. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Isång (ein) skodde som frys i lufta (ved omslag frå fuktig til kaldt vêr). Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Ist (verb) å itt ist ikkje bry seg om, estimere, gidde.
Iveigjærran’ (adj) i stand til å utføre ein jobb eller eit oppdrag; effektiv, ærendsfør.