Ordliste J-L
Jabb’ (verb) prate, skravle.
Jabben (adj) pratsam.
Jabbkall (ein) pratmakar.
Jabbsaft (ei) skjenk i godt lag.
Jakop ættemeddag (ein) ein som kjem seint i gang med ting.
Jakttægga (ein) jaktområde, jaktvald.
Jal (eit) vas, fjas: bærre juggel og jal.
Jal’ (verb) skjemme bort; avspore: jala dæm vækk; vækkjala.
Jalk’ (verb) jalk’-sæ skade seg med eggjarn.
Jamn’ lage’ jamne ut så det blir rettferdig, likestilling. Kjerringa låg klein mesta ett heilt år. Da ho enneli va fresk, vart mann’ liggan. Da sa kjerringa: Der sjer du, kall, sjøl mann’ han jamne lage’.
Jam(n)spælt (adj) jambyrdig, like god.
Jams’ (verb) mjaue.
Jan (ein) læregut; underordna elev (frå skipsspråket).
Jarn (eit) også anker: sætt jarna; ta-igjen jarna.
Jarveit (ei) veit rundt jordstykke.
Jattkåpp (ein) ein som jattar med, som ikkje har sjølstendige meiningar, som ein ikkje treng ta alvorleg.
Javvering (ei) stadfesting; greitt svar: æ fekk itt javvering me’n. Omtrent det same som brætting, sjå det.
Jehuk (ein) kallsmål for ein som ikkje er fullt ut menneske, utafor folkeskikken. Når det rauk ti stor fisk, kunne det bli sagt: no e det den store jehuken du får!
Jein (ei) notarm.
Jeip’ (verb) gråte. På jeipen på gråten.
Jennje (eit) innvol, slo i fisk.
Jess’n (verb) 1. tørke og bli utett: jess’n-sonnj. 2. jess’n-tu besvime.
Jevvårning (ein) aggressiv, eigenrådig person.
Jillren (adj) ustødig, vaklevoren.
Jordfåkk (eit) snø som blir blåsen opp langs bakken. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Jordkov (eit) dss. frg. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Judas bærra sæ Judas bera seg fælt; jamre seg.
Jufnafesk (ein) fisk som lever på djupet (som brosme og longe).
Jufnalin’ (ei) fiskeline til å sette på djupt vatn, for fisk som brosme og longe. Jf. fløytlin’.
Juldram (ein) dram skjenka i samband med julefeiringa.
Julosten (ein) Ho snakka-itt bort julosten sin ho var påhaldande, forsiktig med det ho sa.
Jupstål (eit djupstål) høystål som går i eitt frå grunnen til taket.
Jusk’ (verb) drive fordekt verksemd, skjult spell; fara i løynd med lysskye foretak:færa og jusk’.
Jæggel’, jæggelpave sjå gjæggel.
Jørp’ (verb) sjå gjørp’.
Jøsgløtt (eit) svært kort opphald mellom skurer, kortare enn gløsøkt.
Jøss (eit) utvaska myrmateriale, forholdsvis grovt, komme med bekken i flaum. Brukt i motsetning til dik og skjettdik.
Jøssmyr (ei) myr med jøss.
Jøster (verb) færra å jøster etterforske, rekognosere.
Jøstørv (ei) stor torv som vart lagt innpå for å halde varmen til neste morgon.
Jås (eit) usant rykte: bærre jåse.
Jås’ (verb) spre rykte; overdrive.
Kakk (ein) lite nøste; tråd nøsta saman til ein liten tull: trådkakk, hyssingkakk.
Kakk’ (verb) kakk-sæ-me bli med; gi seg med; kakk-sæ-tu trekke seg ut.
Kakmauk (eit) væske til brøddeig. Jf. mauk.
Kalfater’ (verb) å færra og kalfater’ snuble; slå krøll på seg. reint fysisk,medan omkalfater’ er å snu opp ned på ting, gjera “revolusjon”.
Kallbrest (ein) smell i isen pga. kulde. Jf. frostbrest. Sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Kalle (ein; kalde) kulde: slå tu sæ kallen temperere seg.
Kallgaul (eit) kaldkauk.
Kallhål (eit) kald plass.
Kalljesp’ (verb) gjespe mye og ofte.
Kallkauk (eit) kaldt, høgt rop.
Kallrøyk’ (verb) kaldsmatte på pipa.
Kallsmål (eit) kallenamn til folk; skjellsord.
Kallsord (eit) skjellsord.
Kallstein (ein kaldstein) Hann fekk ein kaldstein ti sæ vond følelse, nærmast sjokklammelse, som sitt i lenge.
Kalv’ (verb) færra og kalv’ vera slumsete, ustødig og snublande.
Kalvbot (ei) knehase.
Kalven (adj) slumsete, ustødig og snublande.
Kalvloppen (kalloppen) (om ku) moden for bedekning; gammal nok til å få kalv. Også -låtten. Petter Risvik seier at kal-låppen betyr at kua hadde tatt seg kalv. Når ein skulle slakte ei kvige, var det om å gjera at ho var kal-låppe, for da vart kjøttet finare.
Kangel’ (verb) å kangel’ omkring tumle omkring utan kontroll; han for og kangla og valt..
Kari bjørka a Kari bjørka bjørkeriset; ha di vårre innom a Kari? Har de fått ris?
Karmann (ein) mannfolk.
Karmannsfakte (fleirtal) karlseg, ukvinneleg oppførsel.
Karmannsklea (fleirtal) mannfolkklede.
Karravolen el karvolen (adj) karslig.
Kartrom (eit) ”bestikken” (bestikklugar; rom for kartbord og anna navigeringsutstyr) på båt. Også itt nå i vei’n oppi kartromme om folk med godt hovud.
Kasjelle (eit; eigentleg kalvs-leie) fosterleie i ku: kast på kasjelle situasjon der kua ikkje får frå seg kalven, slik at ein må inni og snu han.
Kasse (ein) (om folk) fantast, snøs, skalle.
Kast (eit) 1. gjærra ett kast med nota. 2. neppå kaste’ der ein kastar not på kastevågen (slett botn, vinnleg å komma til land). 3. kvinnfolkplagg, sjal.
Kast’-sæ kast’sæ i salte’ (om fisk og kjøt) få usmak fordi saltet ikkje ”tar” rett.
Kastlin’ (ei) dss hivlin’ (s d).
Kastvåg (ein) våg der ein kastar med not.
Kattklora (fleirtal) risp etter katteklør.
Kattlabba (fleirtal) blomster på selje; gåsungar.
Kattlærv’ (ei) nedsettande om katt.
Kattnaggel (ein) deformert negl, nærmast som ei klo.
Kattskjitrus’ sjå rus’.
Kaul’ (ei) eit slag havdyr (blekksprut?), utrulig stygt, var fiska med ein tre- eller jarnring full av anglar. Var kanskje bruka til agn. Ordet også bruka som kallsmål på folk.
Kauln’ (verb) bli kald(are),kolne: Det ska kauln’ ein graut det skal bli lenge (før ein gjer noko liknande igjen); honnj’ bie med heittt kaulne (om sjølvkontrol); jf. Ordtak.
Kavvelsmætt (subst) få kavvelsmætt rote seg bort. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Keip (ein) 1) båtkeip. 2) stor nase som heng ned, på folk: ein rætteli kjeip.
Keising (ei) dette er under brua på ein litt ”storvoli” båt, under og attover frå dekket livbåtane står på attom styrehuset. Vel eit overbygg her, frå engelsk casing.
Kella (adv) i vendinga det va-itt så kella beinast det var ikkje så enkelt; ikkje berre å gå og få det overstått.
Kjakabeit (ei) agn skore av kjaken på fisken, da fekk ein ut litt perlemorsglans, og det var fissjekt.
Kjasa (verb) kjasa-sæ-ut slite seg ut; utmatte seg.
Kjatring (ein) kraftig slag; helst i slagsmål.
Kjava (verb) kjava-sæ-ut slite seg ut; utmatte seg.
Kjeil’ (ei) lun vik; småbåthamn.
Kjeimen (ein, bestemt form eintal) anstrøk, tendens: å ha kjeimen: xx va stornassist, mæn æ trur hann ha kjeime, broren å. Også æ har kjeimen ti-mæ smitte, teikn på begynnande sjukdom.
Kjell(a) (ei) uærbødig om kvinner,helst yngre, ugifte: Du kan pass-på den der kjella der.
Kjennspak (adj) snar til å kjenne seg igjen. Bruka f.eks.om hestar som tok leia i snøfokk.
Kjenn-åt-sæ (verb) gjenkjenne som sitt eige (for eksempel om fiskeredskap på avvegar)
Kjerklæmm(ein) galleri i kjerke.
Kjift (adjektiv) uhyggelig, nifst, uhyrlig. Kjiv (om person) som overdriv i negativ retning:kjiv te å drekk; kjiv mot kjærringa.
Kjik’n-tu (verb) gispe etter luft; vera i ferd med å miste pusten.
Kjinnlægg’ (verb) legge kinn mot kinn (i dans og elles): nyraka og klar te å kjinnlægg’ om nokon som skal på fest. Har uttrykket frå Ansnes.
Kjipp’ sæ (verb) skvette til; bli voldsamt overraska (sterk, spontan reaksjon).
Kjistferdig (adj) svært trøytt; heilt utkjørt: Da ho endeli kom fram, va ho mesta heilt kistferdig.
Kjiving (ein) uhyggelig, utrivelig person.
Kjos (ein) lite brukt ord, men har forekomme som nemning på landskapsstykke, f. eks. fjordbotn eller vassende.
Kjos’ (verb) stelle med;kose for: Ho kjosa med’n så det mesta va ei skam.
Kjynnau (adj) (om barn) foreldreavhengig; særleg bunden til mora.
Kjyt’ (verb) smette fort av stad: Han kjyta onnja; han kjyta bortover ein snartur, kjyt-innom. Jf. kut’.
Kjæks (ei kjeks) liten båt utan kjøl.
Kjælast (verb) vera god med; kjærtegne; vise kjærleik: Vi kjæltes.
Kjælkåt (adj) upraktisk, lite elastisk: legg kjælkåt te.
Kjæppinafart (ein) kystfart med fisk frå Lofoten til Kristiansund. Jf. slofart.
Kjærringknute (ein) type knute der ein legg saman to endra, ar begge rundt fingeren og knyter samtidig.
Kjærringørskjæl (ei) ein sort skjel som er mindre og tynnare enn kamskjel.
Kjættinglæng’ (ei) sjå læng’.
Kjævvelmådde (ein) middels stor torsk, omtrent så lang som eit kjevle (ca. 60 cm).
Kjøla (ei) bris. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Kjølder (f) kulde: Æ fekk slik ei kjølder ti mæ.
Kjølen (adj) veldig: ein kjølen formynnar.
Kjøttgrind (ei) langstrakt, åpen kasse for transport av slakt.
Kjøttslinter sjå slinter.
Kjøv (adj) kortpusta, andpusten.
Kjåk(a) (verb) stresse; ha for høgt tempo.
Kjåkasamt (adj) ha det kjåkasamt ha det plagsamt; vera stressa.
Klabb’ (verb) gjera ubrukelig arbeid.
Klabbmakar (ein) lite fingernem person.
Klabbsnø (ein) snø som klabbar seg fast. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Kladd (ein) mjukt tøystykke nærast kroppen på reivunge, mellom føtene og oppover ryggen og magen.
Klakk (ein) stein eller berg som går ut i vatn, i samband med land: gjekk-utpå klakkjen; feskarklakk.
Klappgjeld’ (verb) gjelde (kastrere) ved å slå sund ballane.
Klatter’ (verb) sløse bort pengar.
Kleimen (adj) klissete, ekkel; påhengande.
Kleimskei (ei) overriven kjærlig person (av begge kjønn).
Kleimåt (adj) kleimen.
Kleinheit (ei) sjukdom.
Kleinhånnjing (ein) hjort som manglar ein substans slik at horna ikkje stivnar, men slår krøll på seg i alle retningar. Dette kjem visst av eit insekt som legg egg i kjøttet på hjorten så det går rote i det.
Klenkert (ein) eller klenkabåt (ein) båt der borda er klinka sammen.
Klenkhammar (ein) hammar med særskilt hovudform, til å klinke med.
Klesbleiken (ein, bestemt form) det samme som bleiken.
Klesombyt’ (eit) klesskift.
Klokk (adj) 1. (om høne) verpesjuk, rugelysten. 2. overført om folk, sjå ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Klomsbætta (ein) sjokkerande oppplysning.
Klos (ei) han fekk sæ ei klos fekk eit skarpt formulert utsagn, vart sett på plass, fekk noko å tygge på.
Klure (ein) rirkule.
Klæks’ (ei)avgrensa mengde av blautt materiale;klump, klyse: ei klæks’ med mørtel. Overført: fekk-sæ ei klæks’ vart sett på plass.
Kløfthammar (ein) hammar med kløft i penna, til å dra spikar med.
Kløkk (adj) stiv, ubøyelig; sprø; lett for å brekke; ofte om treemne.
Kløktig (adj) klok, lærenem, oppvakt: ein kløkti onge.
Kløn’ (ei) 1. klønete person. 2. gjeng, bande, flokk med ungar o l: heile kløna.
Kløn’ (å kløne) klore: katta kløne. No helst sagt klor’.
Klønmakar (ein) klønete,lite hendig person.
Kløppardram (ein) dram skjenka under sauklipping; men også under klipping av folk, da trulig som betaling for arbeidet.
Klåfollj (adj) utfordrande; som yppar til strid.
Klårhemla (adj) han/det e klårhemla det er klår himmel.
Klårsjøtt (adj) klårt i sjøen, særleg om hausten. Også sagt om tynn kaffe; jf. flonnjerbåtn.
Klåvva (ei) kløft.
Knaje (adj) trongt, vanskelig, fattigslig: ha det knaje.
Knast (ein) liten knagg eller nabbe: Han fann knast’n og slo på lyse.
Knatraug (eit) traug ti å kna deig i.
Knaure(n), knaurekt (adj) stakkarslig, fattigslig, trasig, snevert: ha det knaurekt; om person: gjerrig, lite generøs: det e så knaurekt, det e som en ska skrapa det tå ryggjen på-n.
Knauten (adj) sparsommelig, påhalden, gjerrig: knauten og knauren.
Knegå (verb) trygle, bønnfalle; be på sine kne.
Knepp(ar)slått (ein) feleslått med knepping (pizzicato).
Kneskjæl (ei) kneskål.
Knest’ (verb) knette: Det knest og knaka i heile huse’.
Kniv’ (verb) bli kniva-ne eller ne-kniva tapa i debatt, ordstrid: hann kniva-ne olførar’n. Også konkurrere: dæm kniva om samma veikja.
Knivas(t) (verb) kappast, konkurrere.
Knivreim (ei) beltereim. Jf. boksreim, slirreim.
Knivsand (ein) sand til å pusse kjøkkenredskap med. Knivsandholet er ein plass i marka.
Knivskjæl (ei) ein type skjel (kanskje det samme som den offisielle).
Knoppelfingra (adj) med stive fingrar.
Knopplåt (adj) det same som knoppelfingra.
Knotter (ein) utvokster: Han kjent som ein knotter innom huda.
Knuvvel’ (verb) handtere ardhendt; knuge saman: Han knuvla papire’ sammen te ein ball.
Knægden (adj) påhalden, sparsommelig: han e knægden og knauren.
Knæl’ (verb) å bli knæla nedåt bli brote på kne; underkua, overmanna.
Knæpp’ (verb) å bli knæft bli sett ut av spellet, bli gjort ufarlig. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”, men også flg. Knæpp’ ångla (på line og kveitevad) ta eit dobbelt halvstikk på fårsinga nedafor mothaken, så han ikkje fekk huke seg, for å unngå fløyking.
Knøl’ (verb) slite, arbeide tungt: Han sleit og knøla det’n va kar om.
Kokjen (adj) overmetta; slått ut; utmatta.
Koljt’ (verb; kulte) lyge, overdrive: Nei, no koljte du.
Komma tu ti(d)a dø eller bli sett utafor på grunn av sjukdom.
Kommkløft (adj) klipt etter kanten på ein kumme lagt over hovudet.
Kommotstas (ein)nipsgjenstandar.
Kont’ (ei) 1. skral, liten båt. 2. kvinnelig kjønnsorgan. 3. kallsmål til smiskande, sladderaktig person.
Konten (adj) feig, sladderaktig, smiskande.
Kontåt (adj) dss. frg.
Koppblom (ein) ein type lyng med blomster som liknar ein kopp, trulig klokkelyng.
Kor (ein) første delen av magesystemet hos høna. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Kora (adj) mett, forsynt: Takk, no e æ godt kora. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Korill (ein) konfrontasjon, prosess, oppgjør.
Kors i brøst sjokkert. Sterkare grad enn antas(t) og iras(t).
Kor-så-e (adv; kor som er) uansett; “åkke som”.
Kovsnø (ein) svært finkorna snø. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Krafskjærreng (ei) reservejordmor; sjøllært jordmor.
Kraggtållj (ei) vêrsliten og forvridd furu.
Kraka (ein) botnfeste for laksnot og garn.
Krangellaup (ein) kranglefant.
Kranglen (adj) kranglevoren.
Kraum (ein) lite robust person; stakkar, pyse.
Kraum’ (verb) utføre på ein stakakrlsig måte: han ha-it krauma-te ei rætteli trapp enno.
Kraumas(t) (verb) kraumas-bort sjukne bort.
Kraumen (adj) stakkarslig: det e kraument.
Kraumåt (adj) stakkarslig.
Krekkj’ (ei) 1. lågfota skammel som ein rulla bl.a. sirupstynner på. 2. stakkarslig, ømfintlig person.
Krekkjen (yngre: krekten) (adj) stakkarslig, sensibel, tander; ikkje i stand til å eta kraftig mat o l.
Krengt (adj) rodd s å krengt rodde i utakt.
Krest (ein) få sæ ein krest få seg ein knekk, brest, for eksempel om malmgryter som sprakk uventa i varmvatn, men også om å pådra seg noe så ein blir liggande
Krikj’ (verb) streva; gjera seg stor umak: Han krikja og klora for å få endan te å møtast.
Krikjen (adj) påhalden, sparsam, nøktern (på ein overdriven måte)
Krittjel’ (verb) om svak, pustande låt: Æ haurd ein orm som krittjla bortgjønna lønge.
Kropp(s)klein (adj) sjuk i heile kroppen; uvel, indisponert; med feber. I motsetning til å ha vondt i berre ein kroppslem.
Krugg (ein) forkrøbla furu.
Krynt (adj) skjebnebestemt; vera tvinga til av ytre omstendigheiter; også vera fødd til.
Kryskit (ein) viktigper.
Krægda (ei; bestemt form) meslingar.
Kræv’-opp (verb) Is’n/tælan kræve-opp kjem opp og legg seg på overflata. Sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Krøkje (eit) forspann av to hestar; dra i krøkje utføre godt samarbedi av ymse slag. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Kråkrø (eit) svart hinne i buken på fisk.
Kråkteng (eit) familieråd; også møte der kulturen glir ut, ”polsk riksdag”.
Krått (eit) sundmast materiale.
Kråtta (verb) bearbeide; masa i stykke.
Kry (eit) lite kryp.
Kry (verb) begynne å koke svakt: Først kry det, så begynne det å sy.
Krynt (adj) skjebnebestemt.
Kryskjit (ein) viktigper.
Krøbel (adj) udugeleg; for dårleg: Han va for krøbel te slekt; det va et krøbelt lokale dæm ha å arbei’ ti.
Krøk (eit) storvarp, god handel e l; gjærra et krøk. Også storkrøk. Jf. græpp.
Kuflask’ (ei) flaske med krøttermedisin av delvis ukjent eller magisk innhald, som dei tuska til seg med finn eller tater.
Kul’ (ei) periode med sterk vind: vindkul’. Jf. også drekkarkul’, slåssarkul’.
Kul’ (verb) å kul’ tynna legge tynna på kant og rulle.
Kulblå (adj) knallblå.
Kulhammar (ein) klinkhammar.
Kulrøgga (adj) pukkelrygga.
Kulsvart (adj) kolsvart.
Kuppelstein (ein) rullestein; kuppelsteinfjæra. Jf. ronnjkuppel.
Kuren (adj) uvel, utilpass, sjaber.
Kuskjitrus’ sjå rus’.
Kuskjæbb’ (ei) nedsettande om ku.
Kut (eit) rask spurt.
Kut’ (verb) springe fort over kort avstand. Jf. kjyt’.
Kuval (eit; kuverd) verdien av ei ku. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Kvabår’ (ei) lett bølge på overflata.
Kveis’ sæ (verb) godgjera seg både fysisk og psykisk: å legga og kvei’s sæ. Kveis er ein parasitt (innvollsorm) i fisken.
Kveitban (eit) lita kveite.
Kveithallj eller –hållj (eit) kveitelykke, som ein fekk av å vera viril. Ein skulle handfara kjerringa rettelig før ein for på sjøen. Jf. òg vahand.
Kveitrækling (ein) oppskorne, reinsa og tørka strimlar av sidekjøtt på kveite.
Kveitstø (eit) fiskeplass for kveite (der ho ”stø sæ”).
Kveitva (ein) line til kveitefiske.
Kvekkartjeld (ein) raudstilk (fugleslag).
Kveldsflygar (ein) nattsommarfugl, nattsvermar.
Kveldslusa (ei; bestemt form) fiktivt utøy som ein sa ungane hadde fått på seg når dei vart trøytte og begynte å klø seg om kvelden.
Kveld-sæ (verb) roe seg for kvelden: krøttera kvelda-sæ.
Kvemsen (adj) ustødig, urolig (helst om båtar): Sjekta va uroli og kvemsen tå sæ.
Kves’ (verb) gi frå seg hås lyd: Det kvest så vidt ti’n.
Kvil (adj) opplagt, utkvilt.
Kvit’ (å kvite) syne seg ein skimt av noko kvitt: æ såg det kvitt ti nåkka; det kvitt ti ræva på ei dyrkåll’.
Kvitbeit (ei) dss bukbeit.
Kvitsia (ei; bestemt form) å vis’ kvitsia om kvinnfolk: vise tegn på at ho gir etter, at ein held på og får draget på ho. Når kvieta viste kvitsida, var det tegn på at ho kunne kleppast inn.
Kvitskådd’ (ei) kvit skodde som legg seg i fjella av og til. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Kvitvængaskarv (ein) ein type skarv (fugleslag).
Kværssott (ei) hestehoste (dei får det i kverken).
Kværvelvind (ein) roterande vindkule. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Kvæssar (ein) når ein følgjer opp lættar’n (s d) og blir enda meir ”på’n”: ein liten kvæssar.
Kvæss-på (verb) hann bynne å kvæss-på om veret.
Kvåle (ein kvarde) linning; sjå armkvåle, hælskvåle.
Kølatramp (ein) lastetramp fyrt med kol (brukt av sjøfolk). Elles heiter det kål.
Kåbbklys’ (ei) 1. manet. 2. ekkel, kvalm og ufordragelig person. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Kållskjæbb’ (ei) nedsettande om hjortkolle.
Kålløra lægg’ kålløra legge øra bakover og tett inntil hovudet, som tegn på dårlig lune. Også overført om folk, jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Kåmmant (adj) framkommelig.
Kåmmas(t) (verb) i fleire samanhengar i staden for komma: han ha kåmmes-te å vårte ståan’ læng’ (eldre: ha kåmtes-te).
Kåmma-te (verb) bli fødd.
Kåmma-tu (verb) tapa seg; komma i dårleg form. Jf. tukåmme.
Kåmm’-te-skjæls komma til rettes.
Kångrovæv (ein) spindelvev.
Kånnjstabbe (ein) korn som ligg lagra i låven.
Kånst sjå stela kånst.
Kårlei (subst) stå i kårlei vera midlertidig ute av funksjon: Han fekk motorskade og sto i kårlei resten tå da’n.
Kåsteli (adj) lattervekkande, gjerne ufrivillig: han va kåsteli å sjå; et kåsteli syn.
Kåtta (ei) slite hus, stue , hytte: stuakåtta.
Labbsnø (verb) Det labbsnør det snør tett og stilt med store, dalande snøflak. Til dette også labbsnøfåkk. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Labbtørris (ein) ein som fer på sokkelesten.
Laga sæ (verb) rette seg; komma i gjenge; ordne seg: Det lage-sæ for den som har tia te å vent’; det lage sæ alltid for den som har tålmod, sa kjærringa da kall’n låg på det sist’.
Lagd (ein) fuktig tjafs: lagda i høye’/ollja.
Lagli (adj) høvelig, passande.
Landvindshå (ein) sjå hå.
Landlaus (adj) (om is) som er gått opp attmed landet. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Landvor’n (ein; bestemt form) utrorsavgifta til væreigaren.
Langgalje (ein) lang, tynn person. Jf. galje.
Langhalsabikkj’ (ei) løyndenamn på hjortkolle: skollj ha vorre-ivei og tatt sæ ei langhalsa.
Langrompslage dei beste slektene. - Du vart itt bedd, du? - Æ ha vel itt lang nok romp’, æ, ban.
Langsamli(g) (adj) berre i uttrykket i langsamli(g) ti(d) i svært lang tid.
Langskank (ein) spælla langskanka gå og slenge; gå og drive dank.
Langsluten (adj) langbøygd bakover. Jf. sluten.
Langælt (adj) (om bygevêr) med lange elingar. Mf. støttælt.
Lark’ (verb) falle av i klumpar: Han va så skjetten at lort’n lark tå’n.
Larv (eit) slarkeferd: på larve’.
Larvekt (adj) slarkete,dårlig.
Larvstaur (ein) tosk, slask.
Latflækkåt (adj) lat; makelig anlagt.
Latmark (ein) No får du persa latmarken spøkefullt uttrykk under hardt arbeid. Det var ei “liksomtru” at det var eit slag mark som satt baki ryggen og som reagerte når ein arbeidde tungt.
Latråste (ein) latsabb.
Latsabb (ein) ein som er doven og lat.
Latstaur (ein) latsabb.
Laug (ein) 1. avkok av bjørk eller eine (kvinnfolka hadde dette i håret når dei mista det under svangerskapet): bjørkalaug. 2. tang med kokande vatn over, bruka til dyrefor. Også uttala låg.
Laup (eit) værra på laupe vera ute og farte.
Laup’ (verb) laup-ihop flytta sammen utan å vera gift.
Lauparbikkj’ (ei) urolig og omflakkande person. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Lauparkatt’ (ei) person som fer og rek. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Laupati(d) (ei) brunsttid, parringstid for katter og tisper.
Laushaka (ein) laushaka tilsvarar lauskroka, men er brukt ved heising av tynner.
Lauskrok (ein) lauskroka bevegelege krokar som heng i kjettinglenga og sett seg fast i sidene på store fiskekasser som skal heisast.
Lausreipa (adj/adv) utan bagasje; utan kjøretøy: å komma lausreipa.
Lausåker (ein) pløy lausåker pløye opp att der det har vore korn før.
Lavveta (ei; bestemt form) totalt gjennomvått naturmiljø. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Legga (ei) stad der det har lege eit dyr, for eksempel hjort, i ekra elelr i skogen: hjortlegga.
Legga i gruv’ ligge i fosterstilling.
Legganesgrind (ei) ferist.
Legga-ti-det ha det travelt: legga-ti-det som ein åvsaga dall.
Leias(t) (verb) leie kvarandre
Leistand (ein) gå i leistand gå og leie kvarandre.
Leitam (adj) (om dyr) temt slik at ein kan leiast; (om person) usjølstendig, lett å dirigere. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Lekker’ (verb) lirke: han mått lekker’ og lokkas me’n.
Lekkjen (eit) rørlig nagle som skal hindre tvinn på fiskesnøre.
Lenferdig (adj) som går forsiktig til verks; som opptrer lempelig.
Lenfingra (adj) lenferdig.
Lenhendt (adj) lenferdig.
Leppli(g) (adj) høveleg, lettvinn: De e ingen kånst å sætt’ steinveit når’n har høveli og leppli stein.Ordet lite bruka.
Lest (ei) listig kvinnfolk (kallsmål).
Lesthammar (ein) hammar med tverrpenn (pennhammar), for å komma til når ein spikrar lister, eller legg golv med not og fjør, der spikarhovuda ikkje skal visast.
Let’ (ei) kvinnelig vesen; ukjent kvinne. Helst om kjærast eller hemmelig elskarinne: Han ha vel ei let’ som han for og såg om. Kan også brukast om tjenestejente: Han fekk sæ ei let’ te hjelp på gård’n.
Lettmilt (adj) (om ku) lett å melke. Mf. tungmilt.
Lett-truen (adj) lett å overtala; lite sjølstendig.
Lettvintdreng (ein) enketrøstar, ”gigolo”.
Levêr (eit) mildver.
Levvant (adj) levelig. Ofte sakrastisk: han tøkt-vel han ha-det levvant; det e levvant for han og, no, da om noen som har dumpa opp i uventa rikdom.
Likselgast (ein) likeglad person.
Likselsole (ein) likselgast.
Likseltamp (ein) likselgast.
Linbend’ (ei) eit ugras; linbendel.
Lin-opp (verb) dra opp not for tørking.
Linklava (ein) klave, bøyel til å henge vekk fiskeline på, onglane vart krøkt i eitt av tverrtrea i ei firkanta ramme, taumen hong ned til tørk.
Linnaronge (ein) spebarn, reivunge.
Lintrugg’ (ei) kasse til egna line,med onglane krøkt på kanten. Jf. trugg’.
Lis’ (ei) stille periode: ei lis’ i sjukdommen; ei lis’ i uvêre’. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Liteban (eit) nyfødd unge.
Lit’ på dør’n lite på lykka.
Litjlørdag (ein) onsdag.
Liv’ sæ (verb) 1) vera skvetten, var for berøring. 2) livde, verne: Di gammel ska’n driv’, men di ong ska’n liv’.
Lokkan så sjå under så.
Lomemmer (ein) storlom.
Lomp (ein) torvstykke, så breitt og langt som bladet på ein spade.
Lonnj (adj) som ikkje har fått fisk.
Lonnjs (ein) bit, del, stykke; ofte av mat (ein lonnjs med ost) eller anna organisk materiale.
Lortfall (eit) i vendinga kort i lortfalle’ liten, med korte føter: Du e for kort i lortfalle’ te å harseler’ med gammelt folk.
Lortfeldi(g) (adj) skittenferdig.
Lortfengje (adj) lei til å skitne seg til.
Lufting (ein) så vidt merkbar vind. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Lugarskapp’ (ei) overbygningen over nedgangen til mannskapslugar.
Lunningsfør’ (eit) sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Lurdrekk’ (verb) smugdrikke.
Lusen (adj) gjerrig.
Lusgras (eit) planten kråkefot.
Lushorv (ei) kam.
Lusk (ein) liten varme; lunk.
Luskje (adj) (for) varmt: Det e godt med ein lusk i omn,men no synes æ det bli for luskje.
Luskul (ein) gjerrig, gnetten kar.
Lusåt (adj) 1. befengt med lus. 2. opptrevla: ein lusåt vaier.
Luteng (ei) hard behandling, herding: Det va luteng åt dæm; å værra med lutenga vant.
Ly (adj) halvvarm, lunka: Vatne e lytt, melka va ly, omn’ va ly. Godt ly godt ”på’n”.
Lybært (adj) med slike forhold at lyden høres langt; lytt.
Lyen (adj) dss. ly: Godt lyen godt ”på’n”.
Lygarblæmm’ (ei) blemme på tunga.
Lynas (verb) bli varm: det bynt så smått å lynas-te i omn’.
Lysanda’n (ein, bestemt form) lysdagen.
Lysstræng (ein) kraftlinje.
Lægd (ei) bergprofil med markerte søkk mot himmelranda (noko usikkert).
Lægg’-over ein bruke bannskap: Han la-over ein steikar.
Lækkersvolten (adj) lysten på godteri.
Lækthammar (ein) hammar med spiss penn (nakkedel
Læmm (ein) ope loftsrom, hems (brukt f. eks. til lagerplass): brøgglæmm, fjøslæmm, høylæmm, naustlæmm; jfr òg kjerklæmm.
Læn (adj) ikkje sterk; forsiktig; liberal.
Læng’ (ei) tjukk taustropp lagt dobbelt og tatt rundt gods som skal løftast. Det strammes åt og blir som ei draglykkje. Også kjættinglæng’. Sjøfolk sa gjerne ei længe.
læng’ (verb) vi længe-an et hiv tar taustroppa rundt.
Lænsmannsmarta (ei) gekskjefitg dame, som gjerne er litt ukvinnelig.
Lærv’ (ei) 1. fille. 2. i nedsettande ord som honnjlærv’, kattlærv’, veikjlærv’.
Lærvdåkk’ (ei) snarlaga filledokke til ungane.
Lærvkall (ein) 1. ein som går fillete kledd. 2. fugleskremsel på åkeren.
Lærvmatt’ (ei) fillerye.
Lærvåt (adj) fillete: lærvåt klea.
Læsar (ein) personleg kristen: læsarkall.
Læsaronge (ein) unge som går for presten; også ungane til ”dei religiøse”, som ikkje fekk vera med på det dei rekna som for ”verdslig”.
Læskeli (adj) god for tørsten: jærra supa tynn og læskeli.
Læsshørt (adj) som ikkje hører etter; helst om ungar.
Læsshørtpave (ein) dss flg.
Læsshørtpåle (ein) ein som er læsshørt, som ikkje er tilsnakkande.
Lættar (ein) ha ein liten lættar vera litt ”på’n”, ha ein ”fin tone”.
Lættbåtkjørar (ein) den som kjørte notbasen med loddet ve dsnurpenotfiske. Det var ein fast mann som gjorde dette.
Løkkløng (eit) kvit lyng (kvit lyngblomster betydde lykke).
Løngpall (ein) sjå pall(e).
Løyp’ (subst) kokt fiskeavfall bruka til dyrefor.
Løysar (ein) storfestar, slåstar, kvinnfolkkar; ein som ikkje har hemningar.Også storløysar.
Låfnast (verb; lopnast) låfnast/låpnast bort miste følelsen; bli nommen
Låg sjå laug.
Lågabrann (ein) det at det brenn med synlig flamme.
Låk (adj) småskral, sjaber (gammalt).
Låkkboks’ (ei) bukse med klaff frampå.
Låppen (adj) nommen, valen.
Låppenfengra (adj) valen på hendene.
Låppenhendt (adj) dss frg.
Låppenkjefta (adj) valen på leppene.
Låsskrå (ei) hempe som ein heng låsen på.
Låttalei (ein) person som er til latter, som berre er til å flire av.
Låtten (adj) lysten, huga: va-itt låtten på var ikkje direkte lysten, indisponibel, det låg ikkje an til det. Mf. ulåtten.
Låvvvaduna (ein) utloving (også trussel om staff): Han kom med store låvvaduna; han sa at det itt skoll bli med bærre låvvaduna; han skoll sørg for at låvvaduna’n vart holdt.