Ordliste M-O
Magerandøvar (ein) mager person. Kanskje fordi utflytta døler med lite sjøkunnskap var emd som andøvarar, jf. neste ord.
Magerdøl (ein) mager person.
Magerjo (ein) mager kar.
Magerspællmann (ein) mager person.
Makrillpir sjå pir.
Makka (moka, verb) makka-på auke farten; ”skuffe på”.
Maksel’ (verb) arbeide klossete med eggjarn: Han maksla no te et treskopar før han ga-sæ; det va ingen som trudd’n te det, men han maksla sæ no te ei trillbår.
Mal (ein; tjukk l) ein som er gammal, utsliten, tydeleg redusert: gammel kallmal; gammel hæstmal.
Malk (eit) klossete utført arbeid: Han gjord-det no på sett vis, men det va no ett onnjeli malk.
Malk’ (verb) forarbeide på ein klossete måte; streve, plundre; vera lite fingernem: Han malka no te ein fjøsskammel, men det va no itt nokka stasmøbel akkorat; han malka sæ no inn i herredsstyre’te slutt.
Mangmennt (adj) med mange mann; mykje folk.
Mangmælt (adj) som snakkar mykje; snakkesalig.
Mannban (eit) et rætteli/fint mannban ein som bryt dei fleste tabu.
Mannbisk (adj) mannvond (om f. eks. hund., ku), men ikkje så mykje at dei gjer skade. Jf. folkful.
Manns mørk å bli manns mørk bli frustrert, sjokkert; overmanna av uhyggefølelse.
Mantelkapp’ (ei) avtrekkshette over komfyr o l.
Mantelkrok (ein) jarnkrok på mantel (1), til å feste lasta med.
Mantelvaier (ein) vaier festa til lossebom.
Markabøgd (ei) utkantbygd.
Markaleies (adv) gå markaleies gå i utmarka i staden for etter vegen.
Martaum (ein) ein sort tang som veks opp om sommaren i grunne sund med straum.
Massengnubb (ein) liten massingspikar.
Matbærje (eit) kåmma-sæ på matbærje sikre levebrødet; vera framfødd.
Matfennj’ (eit) å sjå sæ matfennj i sjå matnytte i,men også nytte i det heile, noko som aukar godset.
Matfesk (ein) syndebukk, mobbeoffer. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”. Sjå også utskått(s)fesk.
Matheil (adj) som har matlyst.
Matmål (eit) å få opp matmåle’ ha god appetitt; vera glad i mat.
Matromme’ (eit, bestemt form) å ha fått opp matromme ha god appetitt, eta mykje.
Mauk (eit) kraft, avkok: ballmauk, feskmauk, grautmauk, kakmauk.
Maul’ (verb) eta utan å drikke attåt.
Mausonnjsmorning (ein) ha-på tå mausonnjsmorningen gamle fiskarkallar sa dette om å ta uskaret og skvette på litt sjø når åra gnog eller riksa.
Mealders (adj) middelaldrande: mealders folk.
Mean (fleirtal) Det skar i mean sagt ved hard segling og rask kjøring; ein såg på dei faste konturane i det fjerne, og fekk opp nye mea. Også det meas(t).
Med sæ (adj) lettare sjokkert.
Medubbel (eit) sjå dubbel.
Me’e (eit; bestemt form) midja.
Megar’n (ein, bestemt form) mellomgolvet på dyr.
Meins (adv) uhøveleg: det kjæm meins på.
Meisk gammelerik. Jf. svartmeisk.
Meit’ te (verb) komma seg i posisjon; prøve seg.
Melber (ei).
Melkseppel sjå seppel.
Melksætta (ein) melketilsig, melkespreng. Når kua har bore og melka sætt-åt; spenane blir truten,og det blir vanskeleg å melke.
Merr’ (verb) sitre,skjelve: Det merra i pekfenger’n da storhjorten nærma sæ.
Messkast’ (verb) fornærme, sjikanere; snakke nedsettande om; laste.
Mevækka ei) uti mevækka midt i veka.
Migregn (eit) vedvarande, irriterande småregn. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Milt’ opp (verb) bearbeide juret før melking.
Mis (ei) hokatt.
Mjuklægg (ein) baksida av leggen. Jf. tjukklægg.
Mjuklår (eit) tjukkaste delen av låret. Jf. tjukklår.
Mjølaus’ (ei) stor kamskjel, bruka til å skrapa mjøl med.
Moa (verb) trene opp; halde i funksjon; mjuke opp: Han dreiv å moa opp ondfoten.
Mobban (eit) stakkar, fantast; bruka om kvinnfolk, tilsvarar det mannlige snøs. Jf. stormobban.
Moingsvêr (eit) varm og god solvind og godt med nattdogg, fint for mogning av korn og potet. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Mokk (adj) trykkande og varm. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Mokka (ei) stor, ekkel tildragelse; også stormokka.
Mol’ (verb) streve,plagas: han mola og banntes; møgdes og mola
Molbotte (adj) sterkt bunden (både fysisk og psykisk).
Molfrost (ein) sterk frost. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Molgjerrig (adj) pågåande, aggressiv: molgjerrig te å arbei’.
Molljer’ (verb) mumle, snakke utydelig: Han moldra no bærre på sett.
Molråkk (eit) sterk storm. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Molvelt (eit) dramatisk utspell; dramatisk omskifte. Også morvelt.
Molvêr (eit) kraftig uvêr. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Mohlj’ (verb) smatte, gumle , tygge: Han mohlja og åt. Også mohljer’.
Monnje (ein) munning på sekk. Jf. sækkmonnje.
Monnjgodt (substantiv) slikkerier.
Monnjs’ (verb) monnjs-frampå snakke frampå. Jf. ol’ frampå, slå frampå.
Monse (ein) 1. hannkatt. 2. playboy. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Mo plætt ilein’ (adv) heilt åleine.
Mortskipper (ein) nedsettane om ”sjark-kall” (kystskipperane bruka dette ordet).
Morttopp (ei) sjå topp.
Mulband (eit) band rundt horna (eller halsen, om dei ikkje har horn) og med halvstikk rundt mulen på krøtter. Overf: sætt mulbannj på (folk) true dei til tausheit.
Mulen (adj) sur, inneslutta.
Munntolda itt ha munntolda ha så vondt at ein ikkje greier å teie stilt.
Murrua å ha murrua vera hyperaktv, uroleg både fysisk og psykisk.
Murrull (ein) noko sløvt eller butt: Denner kniven han va no rætt ein murrull.
Musk (eit) overskott,energi, tæl: Han prøvd å gå på,men det va itt nokka musk ti’n lenger.
My (ei) små insekt, mygg.
Myhank (ein) langbeint insekt; stankelbein.
Mymaur (ein; migmaur) vanlig maur. Jf. pessamur, pessmymaur.
Myrlåpp (ei) myrull.
Myrsløgd (ei) sjå sløgd.
Myrtong (adj) dss. diktong (s d).
Mystabbe (ein) tett myggsverm. Jf. fluastabbe.
Mærgståle (adj) makteslaus.
Mærrahoste (ein) grov, tørr hoste. Jf. hakkhoste.
Møkkastamp (ein) ureinslig person.
Møkkatre (eit) kvinnfolk som går og gjer seg til, vil vera likare enn ho er.
Møkkflua (ei) gulbrun flue som held til på kuskitruser o l. Jf. dassflua, frauflua.
Møkkjtro (ei) ureinslig kvinnfolk.
Møklast (verb) bli overvelda: møklas(t) me(d).
Mølder (subst.) det som er male eller skal malast;møllegods.
Mølj (ei) uoversiktlig masse; klynge, røre.
Mørkskådd’ (ei) tjukk, mørk skodde. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Møyasamt (adj) ha det møyasamt dss. møyast.
Møyast (verb) ha problem, motgang; ha vanskelige livsforhold. Fortid møgdes.
Måg (ein) friar: å setta måg kjenne seg forknytt, ufri. Vel frå den tida det var vanlig at friaren måtte gjera dei kommande svigerforeldra eit besøk, der han vart meir eller mindre saumfaren.
Mål (eit) å sjå sæ mål på sjå seg kapabel til å gjennomføre.
Månadstida menstruasjonen. Jf. sturtida.
Månglemsk (subst) svalt måneskin. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Mångløtt (subst) dss frg. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Månn (ein) fordel: sjå-sæ månn ti; værra ut’ ætte månn ha i overkant med forretningssans.
Mårn’ (verb) morkne (om tøy, skinn og lër).
Mårrast (verb) bli laus, porøs, oppsmuldra.
Mårren (adj) porøs, laus, finkorna: Jorda va tørr og mårren.
Måssapall (ein) sjå pall(e).
Måsstabbe (ein) tett sverm med måse (over fiskestim): Han (fisken) tok itt ti, men æ såg måsstabben. Jf. føggelstabbe.
Måt (verb) passe, høve: det måta itt. Måt-te tilpasse.
Måtasom(t) (adj) som passar saman: eitt måtasomt par.
Måtta (verb) nærme seg eit fjernt mål med småe skritt; arbeide sakte, men målbevisst.
Naggelbithål (eit) kald stad.
Namning (ein) namnebror.
Namnkjenn’ sæ (verb) nemne namnet sitt; presentere seg: Æ vesst itt kæm det va, før han ha namnkjent sæ.
Namnklava (ein) klave til dyr, med namn innhogge.
Nasabeit (ei) dss blåbeit.
Nater (adj) irritert; uforsonlig sint; intens, aggressiv. Jf. fornatranes.
Naterpeis (ein) nater person.
Natjarn (eit) to slags jarn brukt når ein nata opp båtar. Det eine gjekk litt innover frammi spissen, som ei renne på langs, det andre hadde ein slags egg.
Natranes (adj) nater. Jf. fornatranes.
Natren (adj) nater. Også om veret: hann va natren.
Nattas (verb) halde til om natta; sjå dagas.
Naube (verb) be tynt.
Naukjent sjå aukjent.
Naustlæmm (ein) sjå læmm.
Nauv’ (verb) irritere fysisk, f.eks om eit plagg som ikkje passar: nytrøya nauve mæ.
Nauvast (verb) dss. nauv’: nauvas(t) og nagas(t).
Navvastein (ein) stein til å ta i neven og kaste.
Nedate (prep) nedantil; på nedre delen (også på kroppen): æ va kulblå nedate.
Nedlægga (ei) stormfelt tre.
Nefs (eit) uforutsett vanske; eit særskilt vanskelig punkt: det va vel et nefs med det eit kunstgrep.
Nelegga (ei) stormfelt tre; også stok ein kan finne djupt nedi når ein tar torv.
Nerste (adv) itt nerste på langt nær.
Nersøkjen (adj) nærgåande: varjen va nersøkjen den vinter’n.
Nesarva (adj) (om f. eks. gard) dårleg halden i hevd. Jf. vækksarva.
Nest’ (verb) å nest’ i hop, nest’ sammen sy lauslig saman.
Neste (ein; eigentleg gneiste) 1. gneiste, gnist. 2. småvaksen unge: ein liten neste.
Neåtlagt (adj) sengeliggande: neåtlagt tå influensa. Også nedtrykt i overført forstand: neåtlagt tå motgang.
Ni- forsterkande, intensiverande førsteledd til verb, f.eks. ni-eta, ni-kauke, ni-magres.
Non (eit) måltid om ettermiddagen: vi et te nons.
Nos (ei) 1. markert bergpynt: bærgnos. 2. hovent, arrogant kvinnfolk. Jf. stornos.
Nothonnj (ein) ein som er med på notbruk.
Nubb (ein) minste sort spikar. Jf. massingnubb, skonubb.
Nubbe (ein) dram: ta-sæ ein liten nubbe.
Nuggel (ei) 1. tapp i botnen av båt. 2. ei lita nuggel lita jente eller kvinne.
Nyan ta te frå nyan starte på nytt; han måtta bynn’ heilt på nyan.
Nybær (adj) nybær ku ku som nettopp har kalva.
Nyen ta nyen tå ta ein ting i bruk på eit slikt vis at det synest at det ikkje er nytt lenger.
Nys’ i hop (verb) ryke i hop; bli svært uforlikt.
Nyt-sæ (v) itt nyt-sæ la seg presse, krenke, bli overrent: æ nyt mæ itt for dæm eg blir pressa, får ikkje fred; kvinnfolka naut sæ itt for’n kunne ikkje stå for han.
Næbbnos (ei) kvinnfolk av ”oversøstertypen”.
Næbbsild (ei) sjå ”Biletspråk og kallsmål”.
Næme (eit) hakk til å sette an mot (frå bygningsspråket),
Næppert (adj) trongt, “knepent”;med lita klaring.
Nært’ (verb) nært-sæ ikkje unne eg noko; vera måtehalden mot seg sjøl; ho spara og nærta, og han øydd’ ætte kvart..
Nærtasam (adj) som nertar seg.
Nætthendt (adj) sjå hendt.
Nø (å node) klinke. Jf. nøing.
Nøbrøyt (ei) nødløysing.
Nøff (eit) kallsmål for person som er skittenferdig, ar lite forstand m m.
Nøgg (eit) gnag: Han gjekk og kjent på et nøgg.
Nøgg’ (verb) gnaga, gnu.
Nøggast (verb) gnaga. Kanskje enda sterkare enn nauv’.
Nøggsår (eit) gnagsår.
Nøing (ei) det tok nøeng det forslo, gjorde monn. Jf. bætte, svarre dask.
Nøkk (verb) i sambandet nøkk hell søkk,om uforklarleg forsvinning: Du e ein ækte lauparonge; han veit itt enten du nøkk hell søkk.
Nøyast (verb) vera nøydd til: Æ nøyes mest te å ta det alvorlig; æ nøgdes te å ta’n tu auan min og sætt’n nedåt eg vart nøydd til å ta kontrollen og vise kven som hadde makta.
Nøytasam (adj) nøysam.
Nøyten (adj ) nøysam.
Nøyt’ sæ (verb) anstrenge seg; presse seg; gjera sitt ytterste; skunde seg: Ho satt og nøyta sæ med handarbei(d); han nøyta sæ meir enn ka som godt va.
Nålles (adv) så som så.
Nålys (eit) blått lys som dei såg på visse plassar, og som varsla ulykke på havet. Trulig av eit slag gass over myrane. Eldre form nåjøs.
Nåmmas bort (verb) bli nommen.
Nåss (eit) samanstøyt, basketak, oppgjer, konfrontasjon: Dæm naus i hop i ett nåss.
Nåssa (verb) stikke nasen borti; vise utidig interesse.
Ol’ frampå (orde frampå) snakke frampå om. Jf. monnjs frampå, slå frampå.
Ollver (ein) ullgenser: hent’ ollver’n din.
Ol Pålsa-tida (ei) riktig gammal tid.
Ombyt’ (eit) sjå boksombyt’, klesombyt’.
Omflina (ein) reingjering; også overført, ”oppvask”, f. eks. i ein etat. Jfr flina, storomflina.
Omkåmmas(t) (verb) omkomme, dø: låg og omkoms tå kleinheit; han ha omkåmtes.
Omsalaus (adj) utan forpliktelsar.
Omskjelt (adv) Det går omskjelt det går i ball.
Omskraves (adv) over skrevs
Omsomshus (eit) (hus med) festing som utartar, går vilt for seg.
Omstå (verb) gi frå seg: Han ha itt mykkjy å omstå.
Omsvev (subst) ansvar, omsorg.
Ongdiger (adj, ungediger) gravid.
Ongtæv’ (ei) liten unge som gjer seg negativt bemerka. Jf. tæv’.
Onnjakomme (adj) utan livsmidlar.
Onnjaslette (adj) det samme som onnjakomme.
Onnjgjeld’ (verb) stå til rettes for; sone for.
Onnjhak’ (ei) dobbelthake.
Onnjslagje få onnjslagje tapa; miste terreng: Det gjekk onnjslagje på han.
Oppant (prep) oppanfrå; frå (lenger) oppe i: ein saubone oppant Skjåk.
Oppantifrå (prep) oppant: han kom oppantifrå Kvikne.
Oppflirt (adj) gjort til narr; ufrivillig til latter.
Oppflått (eit) 1. det at åt og fisk blir pressa opp mot overflata (og drar til seg fugl). 2. sammenstimling (av folk) med liv og røre. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Oppjøs (adj) 1) lys, lett (om vëret). 2) aktpågivande; skjerpa, alarmert; som spissar øra, f.eks. om hjortkolle (ledarkolle) som vaknar brått. Også om folk.
Oppsigmådde (ein) torsk på vandring (kjem om våren).
Oppsta (ein) tau i enden av garn eller line, frå søkkesteinen til overflata.
Oppsta(r)nasi (adj) stri, trassig.
Oppsop (eit) noko som er sopa, skrapa saman; også overført om dårlig mannskap o l.
Oppsætt (eit) øl i emning.
Oppsættar (ein) dram skjenka ved oppsett av båt (helst større båt der det trongst mykje folk). Jf. sættardram.
Oppåtak (eit) overtak: få oppåtake. Jf. skuvmil.
Ordbyttas(t) (verb) dirskutere, ordskiftast.
Ordlåtta (ein) ordbruk, ordlegging; også personleg sjargong: Han konnj hør’ på ordlåttan at mann’ va arg.
Orkast (eit) det å ta ut av nota med ei mindre not.
Orkastnot (ei) jfr frg.
Ormgras (eit) 1) bregne. 2) sisselrot.
Osten (adj) lat og osten lite deltakande.
Ostslinter sjå slinter.
Overrensel (subst) trekkveg for hjort mellom skogvaksne markområde, over veg, myr o l