Ordliste P-R
Pal setta pal sitte heilt i ro.
Paling (ei) ta palinga eller ta te palings legge på sprang.
Pall(e) (ein) tørr forhøgning: graspall, løngpall, måssapall.
Palmar (ein) ris, kvist bruka til juling.
Panke (ein) samantulla klede eller tøystoff.
Pansera (fleirtal) lengdeløpsskøyter. Jf. hånnskeisa, stokkskeisa.
Paperhane (ein) byråkrat (som er klar over at han har makt).
Paulus å rasa Paulus vera rasande (helst om vaksne folk).
Paur’ (verb) bli sett ut av spell; dø: Han skollj hold’ stor honnjerårsdag, men så paura’n før den ti(d). Som adverb i paure follj pære full.
Paut’ (verb) (om oksar) komma med tynt mål. Dei gjorde slikt når dei oppførte seg nærmast sinnsjukt og gjekk laus påtuver og tre. Også overført om folk. Jf. gallpaut’.
Paves (ein) type som vil rå og bestemme; pave.
Pei’ (verb) å færra å pei’ drive intens reisande handelsverksemd: Han vart tidlig potetlaus det åre’, så han for halve Trøndelag og peia ette potet. Naboan ha potet, men han heldt sæ for god te å pei’ dæm.
Pekallbåt (ein) båttype frå Mørekysten, med tre bordgangar i sida.
Pelkstø eit) plass der det er ”fenge” å fiske med pilk.
Pellementstræker (fleirtal) fantestreker.
Penggras (eit) plante der ungane plukkar fruktene ut og har til pengar. Helst småengkall, men kan også vera pengeurt.
Penhanda (ei; bestemt form) høgrehanda, ved takking.
Persberret (ei) ho Persberret person (særlig unge) som har skorne på gali fot.
Pessgurru (ei) ei som er erotisk aktiv.
Pessmaur (ein) maur. Jf.mymaur.
Pessmymaur (ein) maur.
Pessmærr (ei) kallsmål, dss pessgurru.
Pessravall (ein) krekling. Jf. skrekling.
Pessråste (ein) ein som ikkje held vatnet.
Piggsætt (ein) sett (lita slegge) med firkanta spiss. Jf. sætt.
Pinnfil’ (verb) gå veldig hardt nedåt for å få gjennom noko.
Piphatt (ein) sjå sothatt.
Pir (ein) små fiskyngel: makrillpir, sildpir.
Piren (adj) tander, stakkarslig; lite robust; særleg om planter som er medtatt og lite frodige.
Pist (eit) kort klynk. Jf. sildpist.
Pist’ (verb) så læng som det piste liv. Jf. bløkt’.
Pisten (adj) liten, stakkarslig.
Plegg (ein) 1. stein til å tette med, for eksempel i veit. 2. ein som er egen. 3 plegg umuli heilt umoglig.
Plegg’ (verb) tette med plegg 1.
Plekt (ein) tilje i fram- og bakskott i båt.
Plunnjer’ (verb) drive inn gjeld, gjerne med personleg oppmøte og kraftige virkemidlar, men lovlig.
Poknast igjen (verb) tettast igjen.
Pomadedåkk’ (ei) pyntesjuk kvinne.
Pomadprins (ein) pyntesjuk mann.
Pomplokt (ei) stygg lukt etter avsig gjennom dørken og ned i kjølen frå sild og last i rommet. Dette satt i kleda når mannskapet skulle på land.
Poppel (eit) få på pople-sett få ei overhaling eller lærepenge.
Poppel’ (verb) 1) (om vatn) boble opp, boble over, renne over; koke. 2) prate, plapre; vera rappkjefta.
Poppelkvenn (ei) person som snakkar fort og utydelig.
Porken (adj) grisete, ureinslig. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Porktysk snakk porktysk prøve å snakke tysk, men konstruere opp former.
Porkåt (adj) dss. porken. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Porv (ein) ein som er liten, men kry (kallsmål).
Prang’ (å prange) ville selge, prakke på: færra-rondt og prang’.
Prekkel’ (verb) pirke; arbeide med småtteri.
Prekkelarbei(d) (eit) arbeid med småtteri.
Preppelteng (ein) svært tandert og svakelig menneske (om barn og kvinner).
Presthanna få præsthannja på haue bli konfirmert
Prestkamerat (ein) konfirmasjonskamerat.
Prestmann (ein) ein fin prestmann ironisk; tvisam type.
Pråkka (verb) pirke.
Pråtta (verb) pirke: prekkel’ og pråtta.
Pyntskjur (ei) ei som er forfengelig; opptatt av kor ho ser ut.
Pænn (ei) nakkedel på hammar eller slegge.
Pænnhammar (ein) hammar med tverr penn.
Pæl’ (verb) streva; anstrenge seg; ha eit strevsamt og urolig tilvære: Han for og pæla dag og natt for å få endan te å møtast.
Pøngel’ (verb) arbeide med småpirk; fikle, fomle: Æ orke itt å setta og pøngel’ med det her lenger.
Pøngelarbei(d) arbeid med småpirk.
Pøngelpave (ein) ein som ikkje får til noko; dåsemikkel.
Pøngle (adj) vanskelig å få til pga. småpirk: Det va pøngle å få te.
Pønglåt (adj) vanskelig å få til pga. småpirk.
Pøyt’ (ei) pytt; liten dam.
På bægge smått i tilfelle; i von om; på måfå: Han va it sekker, men gjekk sæ ein tur læll, på bægge smått.
På fallan fot heilt sist i svangerskapet.
Påle (ein) tverr, sta person. Jf. tværrpåle.
Pålen (adj) tverr, sta.
Pårr(a) (verb) stikke hol på; rote i; pirke.
Påsettan’ (adj) 1. påtrengande, innpåsliten; vanskelig å bli kvitt. 2. ekstra sårbar, hårsår, snar til å bite på om ein får ei ”finte”.
Påsættan’ (adj) (om dyr) som kan settast på (ikkje bli slakta), (om folk) framtøk, godt skikka for tilværet. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Påskdram (ein) dram skjenka i samband med påskefeiringa.
Påssarøgg (ein) bærra på påssarøgg.
Påstand (ein) belastning, press, trykk.
Påsættan’ (adj) livsdyktig, skikka til livet; for seg.
Påtta (v) Det ska du få påtta ætte skal få anstrenge deg til det ytterste.
Rafsen (adj) skarp i kanten, rivande (både fysisk og psykisk). Også om folk.
Rak (eit) noko som rek, driv; drivved: finn’ nå på rake’/ræke’.
Rakkel (eit) kallsmål til lang person: dett lange rakkel!
Rakkel’ (verb) slentre sakte: Han rakla sæ ein tur; han kom raklan’.
Rakn’ (verb)rakn’ med sæ sjå flg. Han ha vel dorma, mæn rakna fort med sæ.
Raknast (verb) raknast med sæ komma til medvett; vakne; orientere seg.
Rakve(d) (ein) rekved. Sjå rækkave(d).
Rallsjå (ein) skur som så vidt står, ikkje folkbustad.
Ramhetning (ein) kallsmål for ein som opererer i ytterkanten av det akseptable. Jf. hælvethonnj.
Randheil (adj) (om snø) sammenhengande. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Rangel kjør’ på rangel kjøre med ein stutting. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Ranghals’n (ein; bestemt form) å få nå i ranghals’n få i rangstrupen. Brukt slik på Fjellværsøya, elles å få i rangstrupen; det ha gått i rangstrup. Bruka både konkret og overført.
Rang’ katt’ (verb) ein slags leik.
Rangsnur (ein) tvinn påsnøre e l: gå-tå-sæ rangsnur’n gå seg ein tur for å lufte av seg argsinnet.
Rangsøvd (adj) i ulage med søvnen.
Rant (ein) tørr rygg i vått lende, for eksempel i utkanten av ei myr: bærgrant, tørr-rant. Ein rant er mindre enn ein rabb.
Rappelkvenn (ei) ei som er rappkjefta og taletrengt.
Rara (ei) ei som er rar: rutt’ndulla rara godlyndt artiguttrykk til jentunge.
Rarels (eit) rart menenske.
Rasgæl’n (adj) fykande sinna.
Rauaur (ein) raud grusjord (fargen er tegn på at ho inneheld svovelkis).
Raudyr avundsjuk sjå ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Raukåt (adj) med sjatteringar, kraftige mørke brunstriper i pelsen: ei raukåt katt’.
Raumåssa (ein)
Raun’ (å raudne) vise seg raudt: æ såg det raun ti nåkka langt borti ei li.
Rav (eit) hastverksarbeid: å færra med rav; det går på rave’. Bærre rave noko som er ufullstendig.
Rava (verb) 1. ha hastverk, vera uvøren: rava ifrå sæ; rava ti sæ mat’n. 2. vera ustø på føtene: sløng og rava.
Ravadall (ein) ein som har hastverk, er uvøren; urokråke.
Ravamål (eit) 1. tarvelig måltid, på restar. 2. flyktig erotisk forbindelse. Også uttala ravvamål.
Rave (ein) fleirtal ravan restane: ravan tå ein sau.
Raven (adj) som arbeider fort og uvøre; snar, slurvete: raven og rafsen; ravekt arbei.
Ravvall(e) (ein) urolig, uskjøttsam person.
Re (eit) hestpeis. Jf. hæstre.
Reffel’ opp (verb) banke opp; overhøvle.
Regndessn’ (ei) dis med regn. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Regndreppel (eit) fuktig luft med ein og annan regndropen. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Regnflo (ei) kraftig regnskur.
Regnskådd’ (ei) sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Regntjukka (ei; bestemt form) dårlig sikt på grunn av regn. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Regnyr (eit) sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
I rei (ei) målereiskap, fast mål ved husbygging, like lang som husveggen. Også bruka til å ripe etter når ein legg golvbelegg.
II rei (ei) hamn, ”red”: legga på reia; værra på reia vera i farten.
III rei (ei) hop, samling med uvørne folk som drar omkring.
Reihøtta (ei) få reihøtta få skjenn, overhøvling.
Reinsjø’n (ein; bestemt form) sjø, farvatn utan grunnar, båar o l. I overført forstand sjå ”Biletspråk og kallsmål”.
Reinsmakan’ (adj) svært kald i vêret: reinsmakan’ utfor nova.
Reinsnakkan’ (adj) som seier meininga si rett fram.
Reiphægd (ei) naturvaksen trering til å dra åt reipet med.
Reiregg (eit) egg som ligg igjen for å sikre at høna verp på reiret igjen; overført om kjerne til vidareføring og garanti for samanheng. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”. Også om skilling ein har igjen i pengboka.
Reis (eit) stabel av vedstrangar med rotendane i kryss så dei kjem oppfrå.
Reivonge (ein) spebarn.
Rekkel’ (verb) lirke på noe; rekkel-sæ fram me ei år med joller og lettbåtar.
Rekkjingsfør’ (eit) sporsnø. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Rekkjingstrå (ein) opprekt tråd; overført om ledetråd.
Rekklåt (adj) med ujamn overfalte: Isen va rekklåt og vanskeli å gå på.
Rekt (inkjekjønn av rik, adj) ta-sæ rekt tak me spætte. Også overført: hann skollj vals-opp me-dæm, mæn to-sæ fær rekt tak. Uttala med kort e.
Rengærl’ (ei)linerle.
Renn’ (ei) løype: skirenn’.
Rennarbakke (ein) akebakke.
Rennarfør’ (eit) føre til å renne seg. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Rennarkjælke (ein) kjelke til å renne seg på. Mots. dragarkjælke.
Rennbåran (fleirtal) reiskap til å renne vev på.
Repping (ein) tidsbolk, periode: ein repping med godver; ein repping med kleinheit. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Resse (ein) kraftig kar: ein resse tå ein kar.
Rest’ (verb) rest’ fesk skjera opp fisk og ta ut innmaten.
Rimrosa (fleirtal) vakre is- og rimmønster på glas o l. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Rimskjægg (eit) rim i samband med stadig fuktigare luft. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Rinns (vrb; å rennast) 1. det rinns-itt håll på-n om kalv som det er noko gale med, som ikkje veks og legg på seg. 2. det ranns-for mæ det kom for meg, tanken streifa meg.
Risåt (adj) med svake, uttydelege teikningar eller tynne tverrstriper i pelsen: risåt katt/ku.
Rivijæl (ein) va itt nå rivijæl var lat, slarkete.
Riv’ kjæft vennskapeleg krangel; utskjelling av folk som ein er glad i, på ein humoristisk måte.
Rivnavar (ein) spesiell sort navar for å bora hol til rivetindar.
Rohljer’ (verb) rusle.
Rollj (ein) dss høyrollj (s d).
Rolljkniv (ein) srskilt hakkekniv bruyka bl al når ein laga ball.
Rolt’ (verb) rusle: Han gjekk helst og rohlja for sæ sjøl.
Rom (eit) sjå dra-te-roms, fløtt-te-roms.
Romdryg (adj) som tar stor plass (i meir overført forstand).
Rompvesk (substantiv) lyte hos hest; det at han viskar og viftar med rumpa. Særleg hos merrar; dei pissa attåt.
Romstor (adj) som tar stor plass (i overført forstand): han skollj vårre nedsæt lite, han bynne å bli romstaor.
Romtennt (adj) med operom mellom tennene.
Ronnjkuppel (ein) kuppelstein (s d).
Ronnjt i tollj rundt i ring; rundt og rundt.
Ronnjtomfriar (ein) rundbrennar.
Rufsåt (adj) uslett,flisete, grov: ei rufsåt fjøl; ein rufsåt stein.Også om “ubehøvla” menneske: ein rufsåt kar.
Ruggelbærg (eit) berg med ujamn overflate; såg ut som et ruggelbærg sagt om mannfolk med skjeggsopp.
Ruggelis (ein) frossen issørpe. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Rugglåt (adj) med ujamn overflate: Bærge’ va rugglåt.
Run (eit) ta det på run ta det tvert; i rasande fart; det va run på det storsalg, avsetnad.
Rundtomfriar (ein) ein som er erotisk ustadig; rundbrennar.
Runkall (ein) naturlege med okkulte midlar, “sjaman”.
Runkjærring (ei) tilsvarar runkall.
I rus’ (ei) klump, klesse med dyreavføring: kattskjitrus’; honnjskjitrus’; kuskjitrus’. Også overført som skjellsord på folk.
II rus’ (ei) fiskereiskap.
Ruttndulla rara sjå rara.
Ry (verb) rause, smuldre saman; myldre.
Rypsækk (ein) liten sekk (gjerne utan meis).
Ræk (eit) folk som fer og rek; som ræk-innom.
Rækka (verb) rækka-tå drive av (om båt); rækka-åv ds, men drive av enda lengre.
Rækkakjævvel (eit) urolig person.
Rækkaræv (ei) person som ikkje held seg i ro.
Rækkave(d) (ein) rekved. Kanskje meir om det ein tar tå reinsjø’n, medan rakved er meir om det ein finn i fjæra,men overlapping.
Rækkel (eit) kallsmål om lang,mager person. Stundom uttalt rækel. Jf. beinrækkel.
Rækkstøtt’ (ei) utskiftbar støtte el strevar bolta saman med spanta, i rekka på farty.
Rækster (ein) 1) sti der det er rom for berre ein person i breidda. 2) renn; stor trafikk; plagsam reking i dørene. Det va ein onnjeli rækser på dokk.
Rækster’ (verb) gå i rad, på rekkje: kåmma rækstran’.
Rænning (ein) avdeling ein tar i ein gong når ein vaskar,målar, bitt garn m m.
Rættbot (ei) fekk-itt rættbot/rættbøter fekk ikkje svar hos nokon når ein skulle oppklare ei sak.
Rættskaffan (adj) rettskaffen, redeleg: rættskaffan’ folk.
Rættsnuna (ein) det samme som rættbot.
Ræv (ei) rauv, bakende: renn’ ræva si komma i klemme pga. overmot; få ein lærepenge; bli sett på plass: Det va no itt så rart at han rent ræva si te slutt, slik som han tura fram.
Rævadilt (ein) ein som diltar etter.
Rævkjørt (adj) (om hest) kjørt med for tungt lass; (om folk) utsett for svært hardt og krevande arbeid. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Rævlomm’ (ei) baklomme.
Rævnøkkel (ein) kjynnau unge som heng i hælane på ein.
Ræv’-sæ inn (verb) innynde seg; skapa seg godvilje: Han forsto å ræv- sæ inn.
Rævva (ei) rift, sprekk, særlig i båtbord: han sægggelt rævva ti fyringen.
Rø (eit) 1. tynt fiskeskinn. 2. gammel, avfeldig person. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Rødopp (ein) raudkløverblomster.
Røffel (subst) tilsnakk, irettesetting, overhøvling: å få røffel.
Røggpin’ (ei) ryggvondt.
Røl’ (verb) prate: Dæm satt og røla te langt på natt.
Røleng (ei) ha rølenga ha rådveldet.
Rølåt (adj) tøvete (f. eks. om mykje tullprat).
Rømmas (verb) få rom, plass: han rømmes-itt i karjolsæte.
Rømmbætta (ein) flatbrød med rømme på (godbt til barn).
Rønn (verb) gi gjenlyd: det va så det rønn i huse’.
Rønna (ein) gull i kveldsskyene: rønna i fjilla. Jf. godversrønna. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Røss i holl (verb) gyse, grøsse.
Røstpekk (ein) hammar med relativt langt skaft og spiss oppå, til å pikke rust med (heile av jarn).
Røvarlægg (ein) ein som er vill og ustyrlig.
Røvas(t) (verb) røre seg: han fekk sjå det røvdest bortpå myra.
Røykstabbe (ein) tjukk ”vegg” med røyk.
Røyserta (fleirtal) eti slag støvlar med høge skaft
Røyt’ (verb) 1) (få til å) gå i forråtning, om tøy, klede o l. Lin vart røyta for å få fram fibrane. 2) (om pelsdyr) felle hår.
Røytsommar (ein) fuktig sommar med skade på avling. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Røytvèr (eit) lummert, stilt og fuktig ver. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Råbandsknute (ein) båtsmannsknop.
Råbot (ei; rådbot) hjelperåd. Jf. botrå.
Rå gongjen (verb) sette rekord; vinne; vera den fremste; beherske området (ofte negativt).
Råkkdomp (ein) enkeltståande sterkt stormtak. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Råkkglan (eit) lysverknad i skylalget i samband med storm og uvêr. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Råkkhau (eit) kvinnfolk som er aktiv på ein uanstendig måte, som ikkje oppfører seg som ei dame. Færra som et råkkhau vise sterk aktivitet.
Råkkhål (eit) trekkfull stad.
Råkkrensel (subst) fysisk ubehag pga. kommande uvêr. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
I rål (eit) masse av heller små komponentar.
II rål’ (verb) sope sammen; samle i hop.
Rånna (ein) fossande fråde på bølge som renn tilbake etter å ha slått mot land.
Rås (ei) passasje i sjøen, renne med straum.
Råskjæling (ein) 1) tørka, usalta fisk. Også råskjælfesk. 2) særs rå og brutal person.
Råskådd’ (ei) klam, fuktig skodde. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Råssdræng (ein, rådsdreng) overordna tjenestekar.
Råsskoll (ei) sterkt dominerande, stivsint, ubøyelig kvinnfolk.
Råsslagga (ein) fisk- og slakteavfall. Råsslaggalokt rå damp frå slikt avfall.
Råkje (ein) spytt.
Rånna (ein) vatn som renne tilbbake når båra trekker seg ut.
Råssa (ei) brått og kraftig vindkast. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Råttehål (eit) stad der rotenskapen rår.