Ordliste S
Sabb’ (verb) drive dank (og drikke): gå og sabb’.
Sabbe (ein) alkoholikar, lasaron.
Sagdall (ein) middelmådig felespellar.
Saka (adj) saka mann avslørt, overvunnen.
Saltbræmm (eit?) avleiring etter fordunsta saltvatn: Det va saltbræmm på vinduan ætte stormen. Jf. sjøbræmm.
Saltsnål (adj) lysten på saltmat: Har du nokka saltmat, kjærring; æ vart så saltsnål.
Salv’ (verb) sløse, strø omkring seg: Han salva slik med fore’når’n skoll gi kjy’n høy.
Samleng (ei) religiøst møte.
Samsinnt (adj) som har samme meining.
Samvea (ei) vertskap som foregår i hus som stårnær kvarandre, i kvar si stue, og gjestane gårom kvarandre, f.eks. dobbeltbryllaup eller gebursdag.
Sandhøn’ (ei) fugleslaget teiste. Jf. smålars.
Sandmaga (ein) svømmeblære i fisk.
Sandåm’ (ei) larve so lever i rennande vatn, spinn rundt seg eit hylster med sand og strå. Sandåma er nesten umoglig å sjå, men hovudet stikk fram. Ho har føter ssom ho dreg seg etter botnen med.
Sannheitsstol’n (ein; bestemt form) setta i sannheitsstol’n seie sannheita rett fram.
Sann’ med (verb) vera enig med; gi rett; gi medhald. Også sannast med.
Sannse (bestemt form eintal) å få vækt opp sannse (ti sæ) bli oppstramma; måtte ta seg saman.
Sarv (eit) skrot, noko ubrukbart.
Sarvas(t) (verb) tapa seg i verdi; bli ødelagt. Jf. forsarva, forsarvast, nesarva, vækksarva.
Sauball (ein) lita, rund skel, nærmast som eit hønegg, trulig hjertemulsing. Jf. stadnamn Sauballbukta.
Saugale (ein saugarde) saubinge.
Saumstokkje (adj) (om hest) stukken inni nerven, når ein har komme for nært med hestskosaumen.
Sauræv (ei) uvanlig pratsam, lauskjefta person. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Sauskjæl (ei) flat skjeltype som ungane bruka i leik.
Save (ein) livslyst, overskott: Det e itt meir save ti mæ.
Seibeit (ei) beit (agn) frå sei.
Seiflu (ei) sjå flu. Ei seiflu er ein gronn som itt står-tu på falle. Som om en satt på ei seiflu sterk prat, oll; ikkje ørens lyd (eigentleg om ståk av fugl).
Seigronnj (ein) sjå gronnj.
Seisa (adj) påverka av skjenk: godt seisa; også godt i seis’n.
Seisar (ein) rus: ha-sæ ein god seisar.
Seising (ein) surring rundt seglet når det er belagt og rulla saman på bommen.
Sekk (ein) søkk; kraftig samanstuving: Han slo-sæ itt, han fekk bærre ein kraftig sekk.
Sektn’ (verb) klårne: Øle’ sektna sæ; han sætt’ øle’ te sektnings.
Sel (adj) skamfull,flau.
Semlen (adj) lat; lite foretaksam; godfjottete.
Semmel’ (verb) somle, prate seg bort; la ting dra ut; vera uengasjert.
Semmeldall (ein) semlen person. Også semmeldaves, semmeldås’, semmelhau.
Sengellåt (ein) tynn, skjerande låt: sengellåt i fela.
Sengsmåse (ein) gråmåse.
Seppel (eit) nedsettande om drikkevarer: melkseppel, ølseppel.
Seppel’ (verb) supe; slurpe; rikke høglydt.
Setta-ætte (verb) ha ettervirkningar.
Sett-på (verb) vera sårbar, ta åt seg fornærmelsar og finter, da sett-’n-på og svarer. Jf. påsettan’ 2.
Si (eit) tråd fukta med tjære, bruka til drev i suene i klinkbåtar.
Signalbrett (eit) brett (måla plattar) som lanternene står på (grøn og raud på henholdsvis styrbord og babord).
Sik’ (verb) tappe forsiktig: Han sika-ti ei halv bøtt’ tå stampen; forsekti, så sike-vi-ti ein drekkan dram enno.
Sildgarnsætt (eit) sjå garnsætt.
Sildmåse (ein) godlyndt kallsmål på person som er glad i sild.
Sildpir sjå pir.
Sildpist (eit) særskilt fuglelåte, som halvkjøvde, korte pist, som dei hørte ute frå sjøen om kveldane. Dette skulle tyde at det var sild i sjøen. Jf. pist.
Sildstræl (eit) sjå stræl.
Sina (adj) som har slutta å mjølke pga. drektigheit. Jf. stå bort.
Sinner (subst) det legg som sinner det ligg strødd. Eigentleg jarnavfall frå smie.
Sip’ (verb) jamre, klynke; om utidig klaging.
Sipen (adj) som har det med å jamre og klynke.
Siplus (ei) sipen person.
Siria (ei; bestemt form) ”dobøtta” i båt.
Sirihalar (ein) den som hadde jobben med å tømme siria. Visst også bruka som skjellsord (av utanriksseglarar om kystseglarar).
Sist i daggan mot slutten av svangerskapet.
Sjaber (adj) småskral.
Sjakkel-ut (verb) skifte ut (truleg frå sjømannsspråk).
Sjaktong’ (ei) å ha sjaktong’ ha god overtalingsevne; vera god til å skaffe seg ting ved hjelp av taleevne.
Sjau (ein) leven, bråk
Sjau’ (verb) bråke, halde leven: ongan sjaua.
Sjo (adj) trøytt, utmasa.
Sjogg (adj) utilpass, nedfor.
Sjoggen (adj) sjogg.
Sjopp (ein) kraftig støyt: Han fekk sæ ein kraftig sjopp.
Sjulaskådd’ (ei) vanlig tåke. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Sjulerek gammelerik.
Sjursmess han sjursmess eit lite, vondt vesen frå folketrua.
Sjøbræmm (eit?) avleiring etter sjøskett: det lokta sjøbræmm tå klean. Jf. saltbræmm.
Sjøfløytt (adj) i stand til å flyte på sjøen: Båten va sjøfløytt; i sjøfløytt stand.
Sjøldølan stå (gå) i sjøldølan (sin) i sine eigne tankar
Sjølegen (adj) spesiell; einvis; sterkt personleg: sjølegen meininga; han ha et sjølegent drag på det han gjol.
Sjølgjeldt (adj) sjølforskyldt: Det som hendt, va sjølgjeldt; ha det som sjølgjeldt sjøl vera skuld i sine vanskar. Jf. heimgjeldt.
Sjøl mann’ Vårherre. Også sjøl mann’ oppi skodda.
Sjølvis (adj) lite mottakeleg for argumentasjon; arrogant.
Sjølægan (adj) som ein eig sjøl: sjølægan båt; sjølægant hus.
Sjøpong (ein) sjøpølse.
Sjøsterk (adj) som ikkje blir sjøklein, toler å vera på sjøen.
Sjøsår (adj) sår på hendene under fiske. Slike var vanskelig å få til å gro.
Sjøtosk (ein) ein som ikkje er flink på sjøen, som ikkje lærer å segle, som ikkje greier seg i båt.
Sjøvêr (eit) stødig og moderat vêr, utan nedbør. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Sjå spir tå sjå spir.
Sjå terett(es) ha oppsyn med; ha ledarskap; ha ansvaret for.
Skabb(a) (verb) skrapa reist av fisk: skabba ur.
Skabbulv (ein) uliklig person.
Skabråtta (ein) overveldande mengd.
Skadrap (eit) død ved ulykke (helst om dyr, buskap).
Skajarn (eit) 1. våpen av jarn. 2. nedsettande om menneske som gjer meir ugagn enn gagn.
Skakkstaur (ein) innretning i kvern; staur som blir berørt av steinen og sørger for at kornet blir rista ned frå greppen.
Skalas(t)-tu (verb) minke, avta, f.eks. med buskapen, eller andre resursar, også opplsutning: Det begynne/hell-på å skalas-tu.
Skalkkjile (ein) kile brukt til å kile fast presenningen nr dei skalka lukene på båt.
Skalkmærke (eit) merke som skjemmer ut noko: sætt’ skalkmærka.
Skalkværk (eit) hærverk; noko som skjemmer ut: gjerra (øv’) skalkværk.
Skalle (ein) 1. hovudskalle. 2. kallsmål om ein original, ein oppfinnsam person. 3. fiskarplass, fjellnakke som står opp frå djupna.
Skammaplag’ (ei) plagsamt og skjemmande vedheng.
Skammatre (eit) brukt som skjellsord til kvinnfolk.
Skamraska (adj) å bli skamraska bli sterkt overraska, nærmast sjokklamma.
Skamtarm (ein) bit haue tå skamma å eta opp skamtarman oversjå skamma og ta følgjene fullt ut.
Skank (ein) gå og slå skank drive dank.
Skanksup’ (ei) kjøttsuppe koka på skank, med mergen, tilsvarar buljongsuppe.
Skarpen (ein, bunden form) løyndenamn på forpiggen, rommet innvendig for baugen i båt.
Skarplægg (ein) skinnlegg.
Skauln (substantiv) Det går på skauln det går (fort) nedover, tilbake.
Skauln’ tå (verb) flakne av; slitast bort (om belgg, maling o l). Også skaulnast tå.
Skaute (ein) tidsperiode: Det her va ein hard skaute.
Skavakker (adj) overveldande pen.
Skavêr (eit) uvêr som gjer skade. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Skavvelgrind (ei) høg møtande båre med skumtopp. Denne går det an å segle gjennom.
Skeivfal (ei) uhell, avsporing, også abort: færra ei skeivfal.
Skilter (eit) lagerhus, skur, bu eller glissent bygg.
Skihljen (adj) fornærma, furten, flau: Du kan vætta, han vart no litt skihljen da æ ba’n ha sæ heim; det va ein skihlje måte å dau’ på.
Skinnflat (adj) ligga skinnflat fara i full fart. Ligga skinnflat for vera underdanig.
Skinn’-inn (verb) drive inn; kreve inn (pengar): Ho for og skinna-inn pæng’ te Saniteten.
Skin’-tå (verb) (om gras) døy av tørken. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Skirenn’ (ei) skispor.
Skitbry’ (ei) kvinnfolk som vil vera kry.
Skithæl (ein) viktigper.
Skithøn’ (ei) dss. skitbry’. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Skitord (eit) fantord, hånsord.
Skitpanke (ein) ein som er ureinslig.
Skitporv (ein) viktigper.
Skitprost (ein) viktigper.
Skitstronk (ein) viktigper.
Skit’ sæ (verb) feilrekne seg; bli ståande med lang nase: Han trudd han skoll komma i herresstyre, men det skeit’n sæ på.
Skitvassbøtt’ (ei) få ei skitvassbøtt’ (i haue) få ei utskjelling, skyllebøtte.
Skitvott (ein) viktigper.
Skitåtklea (fleirtal) skittentøy.
Skjemmel’ (verb) skremme fisk md skjemmelår (s d)
Skjemmeløgd (adj) skjeløgd.
Skjemmelår (ei) kvitmålaplankeende ein kjører ned i sjøen for at ikkje silda skal renne ut.
Skjetta (ei) tynn avføring, diare: Skjetta bli så tynn at a rinn mot bakk sagt til nokon som skryter av seg sjøl. Også skjuttu; jf. Ordtak.
Skjettagras (eit) ein plante, truleg tepperot, bruka mot laus mage hos kalvar.
Skjettakonge (ein) viktigper.
Skjettdik (eit) gjørmehol. Jf. dik.
Skjurrumus (ei) skade ein gjer eg med skjærra når ein skjer åker.
Skjæbb’ (ei) 1. kallsmål om eldre kvinnfolk. 2. sjå kuskjæbb’, kållskjæbb’.
Skjæfta (adj) geskjeftig, dyktg: skjæfta kvinnfolk.
Skjæggvatn (eit) etterbarberingsvatn.
Skjæk’ (verb) færra og skjæk’ (om kvinnfolk) opptre påtrengande og ukvinnelig.
Skjæle (eit) sjå fjøsskjæle.
Skjælhonnj (ein) sneglehus.Jf. bohonnj.
Skjæls sjå kåmm’-te-skjæls.
Skjælsmess (ein) skilsmisse.
Skjæl’-tå (verb) avlive (dyr).
Skjænna (verb) (om krøtter) renne ukontrollert for åtet.
Skjænnis (ein) tynn, gjennomsiktig, usikker is, ofte oppå anna is. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Skjærra (ei) reiskap til å skjera åker.
Skjærsætt (adj) i vanskeleg situasjon; ille ute; tvinga eller pressa.
Skjøggblæmm’ (ei) vassblemme; særleg inni munnen, helst på leppene.
Skjøling (ein) 1) kort, voldsomt regnvêr. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”. 2) få-sæ ein skjøling få ei overhaling, skyllebøtte.
Skjølv (adj) skjelven.
Skjøt (ein) snartur: kjør’ sæ ein skjøt; få lån’ sykkel’n-din ein skjøt. Også om ein enkelt rennartur på kjelke.
Skjøt’ (verb) skjøt’ te vit’ns; skjøt’ magan om sandmagen på djupvassfisk som kjem over båtripa; sjø’n skjøt-fram begynner å stige att når månefasen snur (frå halvmåne). Ein kan også få denne effekten av uvêr ute i havet.
Skjøtas(t) (verb) sjå skyss.
Skjøtemess (adj) å værra så skjøtemess ein gong sånn og ein annan gong sånn.
Skjøttar (ein) den rætt skjøttar’n framifrå kar. Også det va rætt skjøttar’n/skjøtteran det var venta, ikkje ufortjent.
Skjåll(a) (verb) verne, godta som sitt eige: han skjålla-itt den tanken.
Skoffelmærr (ei) ei som er lite nøyen; arbeider fort, men med dårlig resultat.
Skoflen (adj) lite nøyen; rask og slurvete.
Skoft’ (verb) forsømme,sløyfe,skulke: Han skofta skolen.
Skogsstut (ein) planten sløkje.
Skokk (ein) flokk, hop.
Skol’ (ei) støtte. Sætt på skol’ f. eks. om båt på land.
Skol’ (verb) støtte opp: skol’ opp. Skol’ veddjen stå ledig; stå og henge.
Skomp’ (verb) skubbe: krøttera står og skompe.
Skonubb (ein) skoplugg.
Skosleiva (skosleivar, fleirtal) sjå sleiva.
Skosnø (ein) mål for snømengd. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Skott (eit) å få skåtte sagt om heftige, hastige reaksjonar; også t.d. om ein som har gått lenge som gammalungkar og brått fattar interesse for kvinnfolk.
Skottlyst (adj) så lyst at det går an å skyte.
Skov (eit) skav; avskoven bork; krøtterfor om vinteren.
Skrantas(t) (verb) skrante; tapa seg; også skrantas-tu.
Skrapnase (ein) ha spælla skrapnase har fått ei skråme på nasen.
Skrate (eit skrat) få skrate på jaga; skremme til omrømmings. F. eks. om sauene, som vart redde når ein kom med hund. Også overført på folk; få dei ut av vegen, fordrive, få fienden på flukt.
Skre (subst) restar etter eit arbeid; avkapp.
Skre’ (verb) han skredd-itt ti’n vog ikkje orda sine, sa sannheita.
Skreikonge (ein) retteleg stor skrei (omdiskutert om det var over 20 eller 30 kilo).
Skrekkel (eit) ubehagelig og skjerande lyd, helst om menneskestemme.
Skrekkel’ (verb) snakke med tynt, plagsamt, riksande mål.
Skrekkelhjul (eit) person som skrekkle.
Skrekkelsara (ei) ei som skrekkle.
Skrekklen (adj) (om person) som snakkar med tynt, plagsamt mål, og gjerne i utide.
Skrekling (ein) krekling. Jf. pessravall.
Skrell (ein) smell, sjokkvirkning: Det va itt sjølve skåtte’ som træft’n,men skrell’n og smell’n va nok for’n.
Skresamt (adj) (om emne) udrygt.
Skrim’ (verb) De skrima ti såvidt, æg skrima så vidt ti’n; skrima ti båt’n såg såvidt i han (Frøya?).
Skriv’ i snø’n gjera fåfengt arbeid, som ikkje blir varig.
Skronkel’ (verb) sette væske i bevegelse: Det skronkla-over bøtta. Også skronklast.
Skropp (ein) 1. ein sort små uer. 2. biller, sjå flg.
Skropptråll (eit) fellesnemning på fleire slag biller.
Skruvlen (adj) snargjort, uferdig, udelikat.
Skruvlåt (adj) dss skruven: ein skruvlåt kar; han va no snar,men de’ villa helst bli nokka skruvlåt ætte’n.
Skryp (adj) udrygt.
Skrytlaup (ein) ein som skryter av seg sjøl.
Skrækk (eit) skrik. Jf. trollskrækk.
Skrøl (eit) slim i halsen.
Skrølhoste (ein) hoste med slim.
Skrølåt (adj) slimete i halsen.
Skråll (ein) flokk: Det kom ein skråll med onga.
Skråm’ (ei) skramme.
Skråmbor (ein) stutt bor som ein spretta ut begynnelsen til boreholet med.
Skrån’ (verb) (om slakt) stivne: hæng-det-opp te skrånings henge det kaldt og luftig så feittet skal storkne og muskulaturen stivne; så blir det lettare å partere etterpå. Også om stortorv (lomp), som skulle skjerast til småtorv når ho var skråna.
Skuggredd (adj) nervøs (også om hest).
Skursand (ein) sand til golvskuring.
Skuttul sjå skåttål.
Skuvmil (ei) det samme som å få oppåtake’ - ein ar bukta og begge endane same kva ein gjer, “sjakk matt” .
Skuvseng (ei) uttrekksseng.
Skvalder’ (verb) snakke i utide.
Skvalderbikkj’ (ei)skravlebøtte. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Skvalplæmm (ein) fleire lemmar hengsla i rekka på farty, som opnar seg når det kjem sjø innpå dekket, så det renn ut igjen.
Skvalpskjær (eit) skjer som aldri flør heilt over, som er såvidt synlig ved høgvatn.
Skyldt (adj) å værra skyldt ha oppgjort “mellomværende”.
Skynnfal (ei) hastig ferd; det å vera innom som snarast: Det va sånn ei skynnfal ti han.
Skyss (verb) skyss på slekte på. Også skjøtas: Han ha godt å skjøtas på.
Skå (verb) (om berg) skrå, helle: Det skåa ut imot sjø’n.
Skåberg (eit) slett, nake berg som skrår svakt.
Skådd-dessn’ (ei) tett dis. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Skåddekt (adj) (om vêr) med mykje skodde.
Skåddhause (ein) skoddeformasjon som stig opp over horisonten. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Skåddholme (ein) liten holme det ligg skodde på.
Skåddklæpp (ein) litt større skoddedott. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Skåddrand (ei) skoddekant. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Skåddtopp (ein) skoddedott. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Skåddvægg (ein) markert grense for skodda. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Skåddyr (eit) fuktig skodde med mesta umerkande yr. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Skåekt (adj) (om berg) som skrår svakt.
Skåkk’ (verb) skokkast: dæm skåkka-sæ på-n.
Skåkkas(t) (verb) samle seg i skokk; flokke seg: dæm skåkkas-på stakkar’n i skolgål’n. Også skåkk’-sæ: starren skåkka-sæ.
Skåkskyr (adj) (om hest) redd for å bli spent for.
Skål (ei) å få ei skål få eit alvorlig (skjebnetungt) budskap: Han fekk den ein skåla opppi den anner den eine ulykka etter den andre.
Skålla (verb) skylle: Båran skålla og slo over steinan; han skålla tu bøtta.
Skålm’ (ei) skal.
Skålmas-tå (verb) dette av i tynne flak: hua skålmes-tå.
Skålp (ein) utnamn på nordlendingar som ankra opp på veg til og frå Bergen og festa og drakk: Skålpen gjekk i stim.
Skålpjarn (eit) holkiljarn.
Skårra på hånna (verb) redusert (av alder); noko medtatt. Han va no itt den samma lenger; va vel nokka skårra på hånna.
Skårrasnø (ein) tynt isdekke over annan snø. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Skårraspæll (eit) skjellsord om ukvinneleg kvinnfolk.
Skårrastekk’ (ei) stikke til å halde regnskap med ved å skjera hakk, f. eks. når ein lossa fisk (eitt hakk for kvar femte).
Skårre om fot’n sjå fot.
Skåttahei (ei) robust, uskjøttsam person. Eigentleg gammel, utrangert ku; jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Skåttjøst (adj) tilstrekkelig lyst til at ein kan skyte.
Skåttkar (ein) førstereisgut på fiske. Namnet skal komma av at fisken hans ikkje vart hiva saman med den andre i fiskrommet, men for seg sjøl i skotten. Han fekk berre det han fiska sjøl.
Skåttål (ein) kveite- eller størjeharpun (størriharpun). Var kanskje også kalla skuttul, men usikkert.
Skåttång (ein) skyer som skyt fram, ved uvêr ute i havet. Jf. også ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Slaggje (adj) fuktig, om høy.
Slaghaggel (eit) svært stort snøhagl. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Slagregn (eit) kraftig regn. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Slaktarbætta (ein) del av slaktet som slaktaren fekk.
Slaktardram (ein) dram skjenka i høve slakting.
Slaktbætta (ein) del av slaktet som naboen brukte å få.
Slammertoknan (fleirtal) sjå ”Biletspråk og kallsmål”.
Slark (ein eller eit?) for stort rom, daudgang, f. eks. i børsing.
Slarkheit (ei) slurv.
Slarkpave (ein) slabbedask.
Slarksabb (ein) slabbedask.
Slatter’ (verb) sludde; når nedbøren er blanding av snø og regn. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Slavvas (eit) store klede; stort greie på hest e l: bærre nå slavvas.
Slavæmn’ (eit) kjent som skjellsord.
Sleikomlågg (ein) ein som ligg frampå, er ute etter fordelar, sleiker andre oppover ryggen.
Sleipmark (ein) 1. slimål. 2. ekkel, kvalm, ufordragelig person. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Sleiv’ (å sleive) trø ned hælkappa på sko: må-itt sleiv sko’n, ban!
Sleiva (sleivar, fleirtal) sko med nedtrødd eller avskoren hælkappe. Også skosleiva.
Slengermann (ein) altmuligmann ombord under snurpenotfiske, md ansvaret for det som skjedde på dekk (hørte ikkje til i ein bestemt notbåt).
Sletthånnjing (ein) hjort som ikkje har utvikla sidegreiner på horna. Rekna som vanskapningar som bør skytast.
Slinter (ein) partikkel av blautt materiale: kjøttslinter; det va ostslintra i melka. Også slint.
Slinter’ (verb) slenge, gjera ukontrollerte bevegelsar med båten: færra og slinter’ uti havskjæra.
Slipstekk’ (ei) stikke til å halde kniven mot sliepsteinen når ein slipar.
Slirreim (ei) beltereim. Jf.boksreim, knivreim.
Slodall (ein) ureinslig mannfolk.
Sloddont (ein) ein som er uskjøttsom, som grisar seg til.
Slofart (ein) kystfart med fisk frå lofoten til Kristiansund. Har truleg med slo å gjera; og lukta, atmosfæren ombord. Jf. kjæppinafart.
Slompstein (ein) stein (søkkestein?) i tilknytning til enden (tuten) i ei fiskeruse. Bandet frå tuten til denne steinen er slompsteinbande’.
Slomåse (ein) ureinslig mannfolk.
Slovott (ein) få sæ ein slovott, få slovott’n få for at ein har fornærma noen. Vel dss. vadvott.
Sluten (adj) bøygd (bakover). Jf. langsluten.
Slæpp’ (ei) lausberg som dett ned (når det har vore bora hol). Også steinslæpp’.
Slæpp vætte’ bli så sint at ein ikkje beherskar seg (om ungar).
Sløgd (ei) slakk dalsenking med flat botn. Engsløgd, myrsløgd.
Sløggje (adj) fuktig: sløggje klea; sløggje for høy med væte i.
Sløngen (adj) ustø på foten; vinglen, gjerne i rus.
Sløngromp’ (ei) sætt på sløngromp (om garn) sette på svai, med berre ein botnil, slik at garnsettet svingar etter straumen.
Sløs’ (ei) skrøne, bløff: slå-ti ei sløs’.
Sløsommar (ein) dss røytsommar. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Sløår (eit) dss. sløsommar.
Slå frampå om ymte, snakke frampå. Jf monnjs frampå, ol’ frampå.
Slåkk (ei) svakt skrånande, lita dalsenking.
Slåp (ein) lang, tynn skapning.
Slåpen (adj) labg og tynn.
Slåpkjefta (adj) som ikkje passar kjeften sin; som snakkar utan å tenke.
Slåssarkul’ (ei) slagsmål.
Slåttadøgg (ei) morgonsdogg som gjer at ljåen bit betre.
Slåttavêr (eit) sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Slå-tu sæ kallen temperere seg, om drikke.
Smal (eit) brak, rabalder; splintrandelåt: Han haul’ smale da båt’n vart småla; det vart eit storsmal da lyne’ slo ned.
Smaugja (ei) trong passasje.
Smeikjen (adj) blid, imøtekommande,servil: Han va så smeikjen at’n konnj smør’n på kak’.
Smeis’-te (verb) slå hardt, som kontant reaksjon.
Smeit (ei) 1) matrett av flatbrød og kraft, godt krydra. 2) stell’-te ei smeit stelle til ei “suppe”; offentleggjera ting f. eks. på jobben; stikke hol på byllen.
Smeitgraut (ein) grautsort med leverfeitt i.
Smeren (adj) smaklaus;overfeit eller oversøt, om mat og drikke.
Smihammar (ein) stor hammar til bruk i smia når ein hamrar på eit arbeidsstykke.
Smæling (ein) smålig person. Jf. Ordtak.
Smøystol (ein) hempe eller ring til å tre ein reimende gjennom.
Smået (adj) som et lite, blir snart mett. Jf. småspist.
Smågn’ (verb) minke i omfang: å smågn’inn, smågn’ned; smågn’ i hop.
Småla (verb) smadre.
Smålars (ein) fugleslag, kanskje teiste i vinterdrakt. Jf. sandhøn’.
Småsildgråtar (ein) ein som er plagsom, irriterande, utidig, parasittisk. Kan skrive seg frå skreifeskeran, som praia og borda silddriveran om morgonen, for å få agnsild.
Småsildtopp (ei) sjå topp.
Småsjøan’ (adj) liten forskjell på flo og fjære.
Småspist (adj) dss smået.
Småsup’ (ei) eldre form for bættasup’. Ein tok det som ikkje var reinkjøt og laga småsup’ av.
Småsår (adj) nærtakande, hårsår; småleg; lite romsleg: Han va itt så småsår heller han brydde seg ikkje om det; det slo ikkje inn. Å itt værra småsår også å bruke harde ord; ikkje halde igjen med kjeftbruken.
Småtta (ei) lite smutthol.
Snapp og snau heilt tom, lens, fri for. Også snapp og snøttj.
Snar (adj) for det snare om førsteinntrykket.
Snarlik (adj) som liknar ved første blikk.
Snarpen (adj) iaugefallande, blendande pen med det samme, helst brukt i nekting: itt akkorat snarpen
Snarraleggje (fleirtal) bind som blir tvinna i kryss opppover leggen til kneet.populær mote på 1920-og 30-talet, saman med vindahysboks’ (s d).
Snarsnytt (adj) fort gjort (om handling eller arbeid): det va-itt snarsnytt det var verre å få til enn ein rekna med..
Snartøk (adj) snar til å lære og fatte. Jf. tøk.
Snarvakker (adj) brukt på samme måte som snarpen.
Snarven (adj) (om person) lett, snar, kvikk, effektiv og litt skarp. Også snerven.
Snartykkjen (adj) snar til å bli fornærma,til å ta-åt-sæ.
Snaua (ei) snau flekk i terrenget; snautt område: kom-oppi snaua.
Snauhært (adj) som har tynt, lite hår: snauhært som ein handkoffert.
Snipsild (ei) sjå ”Biletspråk og kallsmål”.
Snolter’ (verb) å færra å snoilter’ tilsnike seg.
Snoltren (adj) sleip, snikande.
Snublen (adj) som har lett for å snuble.
Snærk’ (verb) snærk’ på danne seg tynt isdekke: snærk’ på tjønnen. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Snøballfør’ (eit) kramsnø så det går an å kaste snøball. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Snøbland’ (ei) regn med snø (tynnare enn sludd). Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Snøbom (ein) hardpakka snø og vatn. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Snøbrei’ (ei) snø som dekker marka. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Snøbrånna (ein) blåt lyn, eit vêrfenomen særlig om våren. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”. Også kalla blålyn, s d.
Snødræv (eit) snøfall med noko kraftig vind. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Snødynn’ (ei) kraftig snøfall. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Snøfast (adj) snøen ligg lenge på ein stad.
Snøfol’ (ei) stor sneømengd. Jf. fol’.
Snøhål (eit) stad med mykje snø.
Snøkov (eit) tett snøfokk.
Snølærv’ (ei) snøflak. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Snøneiste (ein) liten snøpartikkel. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Snøneister (eit) nedbør av svært finkorna snø. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Snørrpave (ein) kjent som skjellsord.
Snøslett’ (ei) blanding av snø og regn, med mest snø. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Snøs (ein) ein som gjer uventa ting, er amoralsk, ikkje tar noe alvorlig.
Snøtjukka (ei; bestemt form) dårlig sikt på grunn av snø. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Snåe (ein) liten vindtrekk. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Snåkka (verb) lure, spionere: færra og snus’ og snåkka.
Snåkkadall (ein) snushane.
Snållhuv’ (ei) lita, flat huve.
Snåpen (adj) snar, svint.
Sokkel’ (verb) surkle, plaske: Han gjekk og sokla med vatn i stævlan.
Sokkerbrø (eit) drops.
Sokkerbrøban (eit) Han va itt nå sokkerbrøban han var ein rettelig barsking.
Solalabb (ein) (i fleirtal) labbar av gamle filthattar (truleg med papir inni), som ungane brukte ute i snøen.
Sole (ein) original, uberekneleg person; raring.
Soljæksel (ein?) bisol.
Solræven (ein; bestemt form) Solræven ha tikkje-dæ sagt når ein vart svimmel og rar i solvarmen. Både dette, kveldslusa og latmarken må ikkje takast boksatvlig, men som symbolisering av eigenskapar.
Solsjænnskåp’ (ei) doggfallen kongrovev i graset. Når sola skein på denne veven om morgonen, var det rekna for eit godverstegn. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Sommarlam (eit) å hopp-opp og ta-sæ sommarlam gjera noko heilt uventa eller utruleg (mest bruka om kvinnfolk).
Somnstokk (ein) ein som er glad i å sova (godlyndt kallsmål).
Somp’ (verb) rense boreholet for støv og grums med sompstokk, s d.
Sompstokk (ein) stokk på 2-3 meter til å stikke ned når ein flidde boreholet for støv; ein slo vatn inn i holet, og dette vart da pressa ut og tok med grumset og støvet.
Sonnjessna sjå jess’n.
Sotar (ein) villstyring, blåsar (særlig på det erotiske området).
Sothatt (ein) hylle/plate på toppen av murpipe. Også kalla piphatt.
Sotængel (ein) bruka nedsettande av dekksfolka om maskinfolk på båt (tradisjonelt motsetningsforhold mellom desse). Jf. også svartængel.
Spauk (eit) å gjærra ett spauk skeie ut; gjera noko dramatisk, uventa; vekke ufordelaktig oppsikt; skjemme seg ut.
Spei (adj) spe, spinkel.
Spennas (verb) sparke i tomme lufta, f. eks. om dyr i dødskamp: å legga å spennas.
Spennhei (ei) ku som er lei til å sparke.
Spik (ei) sjå tømmerspik.
Spikar (ein) spøkefugl, ein som fer med fantestreker.
Spikarjarn (eit) bøygd jarn, flatslege med kløft i eine enden, til å dra ut spikar med.
Spikarkalle (ein) sterk kulde. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
I spiller (ei) lita trespile.
II spiller (adv) fosterkande i spiller ny(tt); di fortæle mæ no spiller nytt, no; vis’ spiller nytt legge om livet sitt; ta seg sammen.
Spir (subst) sjå spir tå sjå avslørande tegn. Æ lætt mæ itt lur’, sånt ha æ sett spir tå før.
Spiss (adj) det e spisst imellom dæm om kjærleiksforhold som begynner å bli varmt.
Spissas(t) (verb) det hell-på å spisses-te jfr frg.
Spit (substantiv) hånlige tvetydingar: snakk spit; han sa det nærmast bærre for spit.
Spitord (eit) spit.
Spjæling (ein) laps, spradebasse.
Spondans (ein) ein onneli spondans laussleppt livsstil.
Spreng (eit) svai frå stamnen og bakover til hekken i båt: Det bli minner og minner spreng ti båtan, dæm sjer ut som persjarn.
Sprutfeitt (eit) talg til talgrull; dette vart salta og krydra, og spruta når ein hadde det i panna.
Spræll (eit) flue- eller mygglarvar som ser ut som små nåler, i bekk og brunn.
Sprætt (ein) sprade.
Sprættkalle (ein) sterk kulde. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Sprått’n (verb) revne, sprekke: boksa språtna.
Spækkronnje (adj) smellfeit (mest om folk, men også krøtter). Ogsåp brukt overført på same måten som innfeit.
Spælla langskanka sjå langskank.
Spællpip’ (ei) eit slags fløyte.
Spænnafeittgalte (ein) 1. gragalte (avlsårne) som har halde på så lenge at flesket ikkje er etande; ein kan berre koke såpe, eventuelt spenefeitt av det. 2. eldre, litt ”galant” herrre. Jf. Husdyr.
Spærs (adj) kvikk,opplagt; i god form.
Spø (subst) juling: han fekk-sæ spø; det vart spø åt’n.
Spøa (ei) 1. rund trestikke til å løfte og flytte leiven med under baking. 2. spy: spøa stor tu’n.
Spøabikkj’ (ei) ei som ligg og bryt-tu-seg skitord.
Spøkj’ (eit) original person; som er uberekneleg, ikkje aktande. Spesielt om amoralsk kvinnfolk som ikkje tar noe alvorlig.
Spøkje (adj) dramatisk, farlig: Det såg spøkje ut.
Spørfinn (ein) ein som spør mykje.
Spøtt kul’ gjømsel-leik.
Spåbein (eit) eit bein i ueren som veikjungane la på hovudet og nikka så det datt ned. det skulle peike i retning kjærasten. Jf. spåmannbein.
Spåmanndubbel (eit) med plankeende som stakk opp.
Spåmannbein (eit) nasebein (helst i uer). Dette vart lagt på hovudet; så gjorde ein noen beveglsar; beinet peika da ut kor kjærasten var hen. Om det datt, varsla måten det vart liggande på, kva vêr det skulle bli dagen etter.
Stabbe (ein) 1. som i høystabbe, kånnjstabbe. 2. som i røykstabbe (sjå det). 3. sjå fluastabbe, føggelstabbe, mystabbe, måsstabbe.
Stakall (ein) mannsperson.
Stakallonge (ein) gutunge.
Stakallstykkj’ (eit) (ironisk) ein som ikkje strekk til, sviktar i avgjerande situasjonar: det va-sæ no et stakallstykkj’ å ha med sæ på have.
Stallstått (adj) (om hest) som har stått for lenge på stallen og ikkje fått bruka kreftene; (om folk) fulll av oppdemt energi og tiltakslyst. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Stallvekkj’ (ei) hestebjelle.
Stamnsko (ein) jarnskoning i stamnen på storvorne trebåtar.
Stank’ (verb) stønne.
Starvekt (adj inkjekjønn) stivt, lite ledig: starvekt ty (garn); stivt og starvekt.
Stauk’ (verb) gå og stauk’ gå heime, isolert (som heimføding, utafor);ikkje komma seg ut av det.
Stauke (ein) ein som går og staukar; isolert heimføding; for eksempel gammelungkar som ikkje kjem seg ut av situasjonen sin.
Staup (eit) fordjuping, dump i kjøreveg (ikkje bruka lenger no).
Staurhenning (ein) 1. spekkhoggar. 2. grisk og omsynslaus kar. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Stavlaust (adv) gå stavlaust utan hindringar. Det va sånt liv at’n skoll tru at sjølmann’ (gammel-erik) gjekk stavlaust.
Stavstila (ei; bestemt form) blekkstilla. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Steikar (ein) bannskap: Han la-over/la-ti ein steikar.
Steinbit (ein), steinbitfakte, -streker sjå ”Biletspråk og kallsmål”.
Steindråg (ei) eit slags kjelke til å transportere stein på, av stokkar som er bøygd i ein ende, med tjukke tverrstokkar på.
Steinløfting (ein) stein som karsløft.
Steinskit (ein) fuglesorten steinskvett.
Steinslæpp’ (ei) sjå slæpp’.
Steinskjøt’ (verb) løyse botnfast snøre ved å dra det strant og slakke brått, slik at søkkesteinen skulle skyte ned og rykkje snøret laust.
Steinvår (ein) sjå vår.
Stekkflua (ei) flue som dukkar opp utpå sommaren; liknar husflua, men er flatare og har føtene ut og er raskare og umoglig å slå. Dessutan syg ho blod.
Stekk-ut (verb) drikke ut; tømme begeret.
Stela kånst lure seg til lærdom.
Stempla (adj) bestemt,besuttsom: stempla kar.
Stet (ei) liten fisk; også overført om liten, oppsetsig person.
Still’ sæ (verb) opptre stille; oppføre seg rolig og forsiktig: Han va tå dæm som gjekk og stilla sæ; ho ha tresko på, så ho gjekk itt nætt og stilla sæ.
Stilter’ (verb) stilter’ sæ gå forsiktig;liste seg: Han stiltra sæ forsekti(g) bortåt.
Stingsild (ei) eit slag småfisk i sjøen.
Sti’-sæ (verb) sette foten meins; fortrø seg: kua stidd-sæ. Sti på-sæstige til sides (ofte sagt til kua den tida ein handmelka).
Stivaty (eit) stiva (lin)ty, som skjortebryst, snippar.
Stivnakka (ein) stabeis.
Stivsinne (eit) det å vera sta, strid, lite ”elastisk”; det å halde på meiningane sine (langvarig tilstand).
Stjæl (adj) stiv, støl.
Stokkfesk (ein) rund fisk (skrei) som blir hjelltørka. Jf. tihljafesk.
Stokkflogge (adj) (om garn) fullt av fisk. I overført bruk sjå ”Biletspråk og kallsmål”.
Stokkskeisa (fleirtal) eldre type skeiser, laga av ein trestokk med jern innfelt. Jf. hånnskeisa, pansera.
Stomlen (adj) sløv, fråverande (ofte om gamle folk).
Stoms (adv) brått, uventa: komma stoms på.
Stonkjen (adj) stinn, utilpass; fullpakka av mat; foreten: Æ vart så stonkjen ætte medda’n.
Stonnjast (verb) vente, lengte.
Stonnjeslaus (adj)rastlaus, urolig.
Stonnjom-te (adv) av og til.
Stonnjsjuk (adj) lengeselsfull, utolmodig.
Stoplen (adj) gammal og støl, og noko skral til beins; som stoplar (1)når ein går.
Stopp’ (ei) komma(-sæ) tu ei stopp’ bli hjelpen; finne på råd; komma ut av ei knipe (ofte ironisk/sarkastisk).
Stoppel (verb) 1. løfte føtene høgt og sette dei rett ned når ein går, utan sig og flyt (typisk ganglag for gammalt folk). 2. arbeide med stoppelbrætt.
Stoppelbrætt (eit) lita fjøl med handtak, kledd med stoff, til å klistre mot veggen ved mattmaling, som skulle vera ru.
Storaua (eit) gjærra storaua gjera store auge; vera glåmøgd (sjå også det).
Storbengsan (fleirtal) storfolket.
Storbløyt’ (ei) storfest.
Storbohonnj (ein) (hus til) kongesnegl. Jf. bohonnj.
Storbråtta (ein) stor mengd. Jf. bråtta.
Storbørt (ein) ein som er svært arrogant, høg på pæra. Jf. børt.
Stordengsan (fleirtal) storfolket.
Storgrepp (eit) sjå grepp.
Storforstand (eit) hånsleg, ironisk overdrive om nokon som er det motsette av forstandig: han ha fått-sæ ti et storforstand f. eks. om ein som har forlova seg.
Storfæmti (ein) ein som ligg frammi (ordet helst bruka om mannfolk).
Storhælg (ei) høgtidshelg.
Storkarsmeddag (ein) middagsmåltid klokka fem (sorenskrivaren og presten hadde det når dei kom frå kontoret; anna folk åt klokka tolv).
Storkjæft (ein) person som er stor i kjeften.
Storkjæfta (adj) stor i kjeften.
Storkrøk (eit) sjå krøk.
Storliv (eit) vilt liv med mykje moro.
Storløysar (ein) sjå løysar.
Stormann (ein) ironisk og negativt om ein som gjorde seg kjent, slost på festane etc: det va ein stormann i si tid.
Stormenneskj (eit) kvinneleg motstykke til stormann.
Stormobban (eit) amoralsk kvinnfolk, som ”gjer-i-veg” ekteskapet o l. J.f mobban.
Stormokka (ei) sjå mokka.
Stormål (eit) det e rætteli på stormåle det er ekstra gale, begynner å nærme seg krise.
Stormånskjænn (eit) fullmåne. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”. Også høgmånskjænn, s d.
Stornos (ei) hovent, arrogant kvinnfolk. Jf. nos.
Storomflina (ein) storreingjering, også overført om stor ”oppvask”, f. eks. i ein etat.
Storromma (adj) som tar stor plass (og ksumpar borti ting).
Storråkk (eit) sterkt sjørokk.
Storsjøan’ (adj) stor forskjell på flo og fjære.
Storsmal sjå smal.
Storsnø (ein) kraftig snøfall: Han lægg-ned storsnø. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Storsnøvinter (ein) vinter med ekstra mykje snø. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Storsøa (ei) ukontrollert livsførsle eller anna ugreie. Jf. søa.
Stortesa (ei) sjå tesa.
Stortrøy’ (ei) kofte.
Stortyn (eit) dramatisk hending; uventa positiv framgang e l: Da æm ha bærga kua, tøkt dæm at dæm ha gjort eitt stortyn. Jf. tyn.
Stortøk (adj) som tar stort i; slår stort frampå; siktar høgt; hart ambisjonar; stilar etter det store: Hn va så stortøk, han trudd han skoll få lensmannsdottra.
Storvarp (eit) kupp; heldig handel e l: gjærra storvarp.
Storvoli (adj) nokså stor.
Stram (ein) lukt, stank.
Stram’ (verb) lukte,sanke: Det strama godt tå’n.
Straumskavvel (ein) sjø som kvervlar seg opp i stor skavl når ut- og innstraum møtest; det blir livsfarleg å segle eller ro.
Straumsætta (ein) sterk straum som pressar på når det dreg opp til uver uti havet: det va sånn straumsætta at æ mått bærre oppgi å sætt, æ rækt tå mean gong på gong.
Strekkj’ (verb) streife omkring: å færra å strekkj’ fara vidt omkring; ikkje vera i ro; ikkje vera konsentrert. Også strækk’.
Streng (ein) svært lokalt avgrensa regnskur. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Stræl (eit) noko som er tynt, glissent, usamanhengande, som ein liten fiskstim: sildstræl.
Strætekt (adj) trekkfullt; særleg om passasje, trong gate o l, der vind blir pressa saman.
Strøy’ (verb) jaga, drive bort.
Strågjevve (adj) förlaus; som ikkje har meir høy igjen.
Stråkland (eit) strandområde sterkt utsett for straum, vind og båredrag.
Strål’ (vrb) strø omkring seg: Han stråla slik med høye’ når’n skoll kjon’.
Strålent (adj inkjekjønn) som er lett å spille ned: Høye’ va mesta for tørt; det va så sprøtt og strålent.
Stuakåtta (ei) sjå kåtta.
Stuasko (ein) innesko, tøffel.
Stuk’ (verb) presse saman: Han datt og stuka handledde’.
Stupfollj (adj) svært rusa.
Sturtida menstruasjonen. Jf. månadstida.
Stuta (adj) stuta follj indoktrinert. Jfr follstuta.
Stuttul (ein ) stiv stokk (stutt og tjukk). Kanskje bruka om støytaren i ein mortar?
Stuv (ein) tystuv (sjå det).
Styban (eit) pleiebarn, stebarn.
Stygge (ein) 1) støkk: ha fått ein stygge ti sæ. 2) uhygge: Det va ein døktig kar,men det sto ein styggje tå’n; det va ein god sjøbåt, men det sto som ein styggje tå heile båt’n.
Styp’ (verb) stupe: å styp-ut tu båt’n.
Styrvol (ein) rorpinne.
Styveng (ein) framvekstringsgut: da æ va styvingen.
Stægle (ein) 1. gaffelhjort. 2. grind rundt halsen på dyr som smaug gardane. 3. lang staur som står oppi lufta. 4. lang kar.
Stæl’-opp (verb) egge opp: oppstælt, tistælt. Når ein er follstælt, er ein skikkeleg “lada”.
Stæmpla (adj) prinsippfast, karakterfast: ein stæmpla kar.
Stæng (eit) det å stenge inn fisk med not.
Stæng’ (å stenge) stenge inn fisk med not.
Stævle follj pære full.
Stævvel’ (verb) gå uvørent fram, utan hensyn: Han kom stævlan’uten å sjå sæ for; han stævla rætt gjænnom åker’n; stævvel’ rætt oppi det trampe i klaveret; stævvel rætt oppi grautfatet sikre levebrødet (gifte seg til velstand)..
Stævvelbændek (ein) ein som er uvøren, trampar i klaveret.
Stø (verb) herde bor: han kvæsst og stødd båra fer tre anlæggslag.
Stølder (subst) tjuvegods, tjuveri.
Stølsband (eit) tynn lenke av metall til å måle omkretsen rundt bogen påkyr. Vart brukt for å rekne ut vekta ved salg.
Støn’-te (verb) stivne til; storkne, stabilisere seg: Det ha vorre frost om natta, slik at føre’ ha støna-te.
Størtregn (eit) sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Stø-sæ (verb) (om fisk) slå seg til; roe seg på ein stad. Jf. kveitstø, pelkstø, trollgarnsstø.
Støttælt (adj) (om bygevêr) med korte elingar. Mf. langælt.
Støyp’ (verb) stupe: han støyft-sæ te sængs.
Stå bort (verb) ikkje mjølke pga. drektigheit. Jf. sina.
Stålkråk’ (ei) person som tar unna og stuvar høy på låven når ein kjører høy.
Stålme (ein) opphovning i kujuret pågrunn av mjølketilsig.
Stångbessel (eit) særskilt beisel til hestar som bit og ikkje går godt i krøkje, ei stong på ei snor, med taum imellom.
Ståss (verb) det ståss-itt nå’ det stoppar, hiundrar, forslår ikkje: det ståss-itt pæng’; det ståss-itt bøker sagt om den som veit mykje.
Ståvarp el ståvårp (ei) fangstinnreting for laks, der ein hadde ei hytte som ein kunne sitte i og sjå fisken gjekk inn i nota (helst innant Agdenes).
Sul’-opp (verb) vinde snøret opp på sula etter endt fiske; overført om å døy. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Sulstævvel (ein) støvel som går heilt oppi sula (skrittet).
Supahjort (ein) hjort som blir skoten som matauk.
Supaklokk’ (ei) matklokke.
Supamat (ein) kokt mat,middagsmat.
Surblås’ (ei) sur og grinete person. Jf. blås’ 2.
Surgras (eit) plantesorten matsyre.
Surka (adj eller adv) durabelig, gild: ein surka båt, ein surka slått, fæst, dask, nase; eit surka oppgjør; surka forkjølt.
Surpong (ein) ein som er sur og grinete.
Surren (adj) sløv, ukontrolleert, som går og surre, surre og drekk.
Surv’ (verb) slomse; vera uskjøttsam: surv’ i veg; surv’ i hop blande ingrediensar skjøteslaust.
Sutterlava (ei) sutrete kvinnfolk eller jente.
Suvlen (adj) ureinsleg, likesæl.
Suvlåt (adj) dss suvlen.
Suvvel’ (verb) laga mat på ein uappetittlig måte, ureinslig og med dårlig samansetning av ingrediensane.
Suvvelkopp (ein) person som har det med å suvle.
Svaddj’ (verb) spre sladder, vondsdkap; slarve: færra å svadj’.Svaddjpong (ein) ein som fer med slarv.
Svalekt (adj) forholdsvis kaldt; svalt, kjølig. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Svana (verb) minke ned; trekke seg saman: å svana ned minke i volum (om hevelse).
Svangan (fleirtal) hoftesenene på dyr.
Svarraskit (ein) ein som legg seg borti ting han ikkje har greie på: svarraskit i lagje.
Svartbannas(t) (verb) banne intenst.
Svarthål (eit) avhol i sterkare, djupare meining, uvegsamt, ufruktbart og bortgjømt, med fuss og rotenskap.
Svartmeisk gammelerik.
Svartresting (ein) svært stor sei (14-15 kilo)
Svartstilla (ei; bestemt form) blekkstilla. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Svarttykje gammelerik.
Svartælsk’ (v) elske i løynd.
Svartængel (ein) bruka nedsettande om maskinfolk på båt. Jf. sotængel.
Svei (ein) tynn grein, pisk.
Sveittklut (ein) klut el lite skjerf som fyrbøtaren hadde bunde på halsen, knytt på sida, for å hindre kolstøv og sveitte i å renne nedpå kroppen.
Sveittstaur’n (ein; bestemt form) roret i båt: gå og dra på sveittstaur’n sagt ved vaktskifte.
Svemlen (adj) svimmel.
Sveren (adj) sliten og svolten.
Svertugg’ (ei) rask matbit for å stoppe verste svolten.
Svinarve (ein) eit ugras, vassarve.
Svort’n (å svortne) syne seg ein svart skimt: æ såg det svortna ti nåkka så for bortjønna grase.
Svælm (ein) dragsug, rangstraum: Det va svælm oppi elvamunningen.
Svævd (adj) ute av mental balanse, delvis bevisstlaus (ei kort stund); fortumla, “omtåket”.
Svølder (ein) svelg.
Svåkk (ei eller eit) senkning, søkk, dolp; svakt punkt i isen; svåkk i vei’n ettergivande punkt i vegen.
Sy (verb) koke, syde: Det sau-over for’n han overdreiv.
Sygaronge (ein) spebarn, brystbarn.
Syg’ skålt suge ut ein feittklump inni uersskolten. Også sagt om tungekyss.
Syle (adv) bruka forsterkande i syle frekk. Jf. farksyl.
Syndsamle (adj) for gale; leitt.
Syrbland’ (ei) blanding av surmelk og vatn. Brukt av onnafolket i sommarvarmen.
Syrn’ (verb) syrn’ melka tilsette kultur så ho surnar.
Syt’ (verb) jamre seg,bera seg. kallsmål på folk som jamrar seg i utide er sytbelg (ein), sytkopp (ein), sytskrå (ei) og bærselsyt (ei).
Sæggelfæst’ (eit) stein, ballast i småbåten for å halde den stødig under segling.
Sæggelfør (adj) (om båt) stor nok til å kunne seglast.
Sæggelsjuk (adj) klein for å komma seg ut på segling (kallane vart det når dei gjekk og venta på lagleg bør).
Sægost (ein) kallsmål for dorsk og treg person.
Sæing (ein) småmåse.
Sækkband (eit) band til å binde for munnen på sekk.
Sækk-klip (ei) liten kloss av hardved, helst eik, med to hol i og tau igjennom, som anordning for å heise ein sekk etter munnen. Helst brukt på land, til heising frå 1. til 2. etasje i brygge.
Sækkmonnje (ein) munning på sekk.
Sæmen (adj) sein,sløv, dorsk, treg.
Sæmhau (eit) sæmen person.
Sængbår (ein) (i spøk) det mannlege kjønnslemmet.
Sænglo (ei) hybelkaninar.
Sængløkk’ (ei) ”flaks” hos kvinnfolka.
Sætt (ein) lita slegge. Jfr dåbbelsætt, piggsætt. Også bruka om bandsætt, s d
Sætta (ein) sjå melksætta, vass-sætta.
Sættardram (ein) dram skjenka ved utsett eller oppsett av båt(helst større båt der det trongst mykje folk). Jf. oppsættar.
Sættkak’ (ei) brød av gjæra deig; vanlig husholdningsbrød.
Sætt’-te (verb) 1. sette livet til; omkomma. 2. sette i veg: sætt-te på ski, kjelke; sætt-te åt hauan; sætt-te på sjø’n.
Sætt’-åt (verb) røyne hardt på;vera stor påkjenning: Han bli kroppklein når det sætt-åt.
Sø (eit) kraft, vatn som noe er kokt i: flyt-vækk el kok-bort i søe bli berre emd snakket; koke bort i kålen.
Sø (eit) fyllesvin.
Søa (ei) Ei onneli søa ukontrollert livsførsel, også anna ugreie, som f.eks. rettssak Jf. dommsøa, storsøa.
Søft’ (verb) søft-i-vei legge seg frampå, fara fort. Truleg frå seglarspråk.
Søkkj’ (eit) svært negativt kallsmål til kvinnfolk; ei det ikkje er botvon i.
Søkkja (adverb) bruka forsterkande: søkkja svær; søkkja gammel.
Søkkjhakki krafuttrykk.
Søkklænk’ eller –lenkj’ (ei) dra søkklænk når garnet gjekk fullt slik at silda drog vakarane under og dauda.
Søkkmyr (ei) hengemyr.
Sølk’ (verb) sølk-sæ-te skitne seg til.
Sølkasåmt (adj) som lett blir skittent.
Søllkrok (ein) færra med søllkrokjen kjøpe fisk i staden for å fange han sjøl.
Sømnoren (adj) søvndrukken; ør eter å ha sove.
Sømnpork’ (ei) person som søv lenge om morgonen.
Søring (ein) vestlending.
Søskenbyt’ (eit) å gjærra søskenbyt’ når to brør gifter seg med to søstrer.
Søtjo (ein) blodsugande mygg som flyg med ein ørfin syngande låt, mest om kveldane.
Søtsmakan’ (adj) Han va-itt søtsmakan’ (om vëret) ikkje særleg bra; (om person) lite blid; sinna.
Søv’ (verb) få til å sova: å søv’-ne(d) ein onge; bli søvd-ne(d); ongen lett sæ ittj søvas-ne(d) for eksempel fordi han var skremt, urolig.
Søy (ein) fjernt gny: hør’ søy’n tå uvere uti have.
Søy’ (å søye) kåmm søyan inn, kåmm søyan på motorsykkel.
Søye (adv) forsterkande: søye sterk; søye hard; søye artekt.
Søykj’ (å søkje) bjeffe, om hund, også søykj’ og bærra-sæ.
Søyr’ (å søyre) 1. tørke væte, sveitte på kroppen; gå i blaute klede. 2. gå på fylla over lengre tid.
Søyrdall (ein) ein som går på fylla over lengre tid.
Søyrkopp (ein) dss. frg.
Søyrlokt (ei) sur kroppslukt.
I så (ein) vass-stamp, stod uti svala med husholdningsvatn. Også vass-så.
II så (ei) lite matgrann: Han ha-itt ei mjølså igjen; ha-itt smaka lokkan så.
Så hænne (adv) Det e så hænne det er så vidt det held; så vidt akseptabelt.
Sålger (ein) ein som er upålitelig, uærlig.
Sålk(a)sam (adj) lett for å bli flekkete, tilflidd.
Såmn’-åv (verb) forsova seg.
Sångarhåle (eit) rusk i sångarhåle irritasjon i luftvegane.
Sånnkånnaæmn’ (eit) kommande svigerdotter.
Sårrfrøyst (adj) om speik eller tele som enno ikkje er bunde fast sammen. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Sårvænga (adj) bli sårvænga få ei lærepenge; få ”brent seg”: æ trur han vart sårvænga før han kom-sæ-tu.
Såtta (verb) sladre: å færra å såtta samle inn og bringe rundt vondsinna sladder.
Såttabry’ (ei) menneske som fer med vondsinna sladder.
Såvêr (eit) sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Såvva hæst (verb) vera utafor, distre.