Ordliste T-V
Tafsas(t) (verb) tafsas(t)-opp trevlast opp.
Ta fulen sjå dra fulen åt sæ.
Tak (eit) i det takje bortimot slik at; det va i det takje at det konn ha vorte nå.
Taksky(r) (adj) (om hest) som ikkje vil takast inn frå beite.
Takt (ein) vending, del av slått.
Tala (verb) eldre for å snakk’: han va-itt talan åt han var ikkje tilsnakkande.
Talmast (verb) plagast av angst, indre uro: talmast tå daggan dø av depresjon.
Tahljkalv (ein) pysete, stakkarslig og lite framtøk person. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Tangskår (ein) der tangveksten begynner.
Tann (eit) legga i tanne springe det hardaste ein vinn. Jf. flattann.
Tanna (verb) springe fort.
Tannbær (adj) med utståande tenner.
Tannerflettj’ (ei) person som flettje tå flekker tenner når ein flirer; flirer på ein falsk og utidig måte.
Tannranes (adj) intens: tannranes nolavind.
Tannren (adj) påsittande, agressiv, om folk som sett-på i tid og utid, men også om ver og vind.
Tanntuggel (ei) gå som ei tanbntuggel for vera til harselas, til å la sinnet sitt gå utover.
Tannvarg (ein) ein som er påsittande, som glefser i tide og utide; brukar tennene og aldri gir seg.
Tarraflu (ei) tarevaksen flu (s d).
Tarraskipper (ein) kystskipper (som stryk seg frammed taran). Hakket over mortskipper.
Taumkjør’ (verb) å bli taumkjørt bli tvangsdirigert, detaljstyrt, brukt makt mot. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Taum’ sæ (verb) ha sjølkontroll. Også i vendingar som han tauma sinne’ sett.
Tav (eit) tull, tøv: Det va bærre tøv og tav.
Tav’ (verb) snakke tull.
Tavdall (ein) ein som tøver, snakkar tull.
Taven (adj) som snakkar tull; plagsamt skrytande.
Te atters det gjekk te atters det gjekk gali vegen; tilbake.
Tebola (ei) tildragelse: Det vart ei onneli/sørgeli tebola.
Tedrætten (adj) med tiltjukning til, som drar seg opp til nedbør: han e tedrætten me uver Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”. Han sto så tedrætten vinddraget stod slik til 8at ein f. eks. hørte kjerkeklokkene).
Te fals æ ha gjort min del, de ander te fals dei andre sin tur, plikt
Te fullna’n fullt ut; fullt og heilt: No kan æ dra annja te fullna’n.
Te nattan til natta.
Tengels (ei) svært tandert og svakeleg kvinnfolk.
Tengest (eit) svært tandert og svakeleg barn eller kvinnfolk.
Tennaure (ein) småfisk (i ferskvatn).
Tennj’ (ei) terne (fuglen).
Tennsul’ (ei) færra som ei tennsul vera veldig aktiv, kvilelaus. Kan kanskje knyter dette til fuglen tenna (terna), som har stjert som svala. Denne fuglesorten er rastlaus og oppsøkande, og et små dyr. Men jamfør tilsvarande uttrykk i Hemne med tengsul’ (tingsule, eigentleg budstikke).
Tepp (ein) spiss: skotepp. Jf. tupp.
Tepp’ nedpå (verb) vera så vidt nedpå med skotippen.
Terren (adj) sinna, hisig: Terren honnja får revve skinn sjå Ordtak.
Tesa (ei) styr; stor overdriving;spetakkel, forstyrring; noe som vekker negativ oppsikt utan at det er gagn i det, som f. eks. å kjøre seg utfor i fylla: ei onnjeli tesa. Også stortesa.
Te skjæls sjå kåmm’-te-skjæls.
Tessen (ei) i uttrykk som Det va itt ei heil tessen i han han var ustadig, upåliteleg.
Tesækomme (adj) godt tesækomme i gode kår.
Tetakan’ det va-itt det føst tetakan’ sagt om noe ein gruva seg for.
Te veljes einig, samd: han va da vel te veljes med det..
Ti(d) (ei) sjå komma tu ti(d)a.
Tidd (adj) tidsinnstilt, tidsberegna. Kua va rætt tidd ho var beregna å kalve på ei ginstig tid.
Tie (adj) tie mark jord som ikkje er frossen. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Tigjort (adj) med barn; gravid.
Tihæft’ (eit tidhefte) noe som heftar ein bort.
Tikaffe (ein) kaffemåltid i ti-tida, først innført med sjøfolk.
Tikj (ei), nyare tik 1) ulvetispe. 2) lausaktig kvinnfolk.
Tihljafesk (ein) usplitta, hjelltørka skrei. Jf. òg stokkfesk.
Tihljing (ein) dss. frg.
Tin (ei) nyheit.
Tinas(t) (verb) ryktast: Det bynt å tinas forskjellige ting om han, som itt va så bra.
Tjukklægg (ein) baksida av leggen. Også mjuklægg.
Tjukklår (eit) tjukkaste delen av låret. Også mjuklår.
Tjukksjøtt (adj) tjukt av åte (plankton) i sjøen om sommaren. Også tjukksjøan’.
Tjyvhål (eit) lumskt farvatn både på sjø og land, der ein kan kjøre seg fast.
Tjyvkjenn’ (verb) bli tjyvkjent bli stempla som tjuv.
Tjyvlaup (ein) tjuvaktig person.
Tjyvråkkje’ (eit, bestemt form) ta tjyvråkkje’ skvette til og legge på sprang.
Tjyvslå (verb) slå utan forvarsel.
Tjyvtak (eit) overraskande overtak som sett motparten ut av spell.
Tjønnstilla (ei; bestemt form) blekkstilla. Når det er stilt som i ei tjønn på fjorden og havet. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Tobaksdæla sjå dæla.
Tokka (adj) opplagt, lysten: Han va itt tokka te å gå såpass langt.
Toknast (med) (verb) ha uforløyst kjensle: Han gjekk og toknast te’n itt greidd meir.
Tolagtgarn (eit) garn med to tåttar.
Tolflo (ei) torevêrsbyge. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Tollj (eit) tøv, tøys: kåmma på tollje tulle seg vekk (både konkret og overført); også bli døgnvill.
Tolljflir’ (verb) flire på ein forvirra, tomsete, fjollete måte; flire i uforstand.
Tolljhøn’ (eit) ei som er tullete og tøvete. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Tolljkauk’ (verb) brøle, rope vilt.
Tolljpip (ein) tullebukk.
Tollljri (eit) tull og tøv.
Tolljsella (ei) ei som er tullete.
Tolljskjur (ei) ei som er tullete.
Tollskrokk’ (ei) ei som er tullete.
Tollj’ tå (verb) komma ut av fatning, ut av mental balanse: å værra tåtollja.
Tolljvind (ein) ustadig vind. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Tomsup’ (ei) suppe med lite innhald, som gjerrige folk gav til arbeidsfolket.
Tomtre (eit) tomgods.
Tongnæm (adj) som har tungt for å lære.
Tongpustan’ (adj) som pustar tungt.
Tongsjøa (adj) med kraftige dønningar.
Tongsomli(g) (adj) trasig, lite oppløftande: tongsomli besøk.
Topinnakall (ein) galeas og anna farty som hadde mesanmast. Jf. einpinnakall.
Topp (ei) 1) kork i flaske: flasktopp. 2) sterkt konsentrert fiskestim: småsildtopp; morttopp.
Topplei’ (verb) leie hest etter panneluggen. Å bli toppleidd bli tvangsdirigert o l; jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Tral (ein) bane, spor: Han va komme innpå ein gæli tral.
Tralt (ein) tilvent mønster, (jamn, daglig) gang: Han va komme inni den gammel tralt’n.
Tralt’ (verb) traske, trø omkring: Han gjekk der og tralta og trødd og fekk itt gjort stort.
Trampsykkel (ein) trøsykkel (bruka heilt nøytralt, ikkje nedsettande).
Trant (ein) trant’n (i spøk) munnen.
Tre (eit) få te/ti trea-sin få kjeft, overhøvling. Kanskje frå trekoppar.
Trefoting (ein) hjort som hinkar på tre føter, etter skamskott.
Trehendt (adj) hendt, dyktig til trearbeid.
Trens’ (verb) slite, bera tungt: Han trensa og bar.
Tresbokk (ein) ein som manglar handlag.
Tresen (adj) klønete, treshendt.
Treshendt (adj) utan handlag, ikkje hendig.
Trestykkjersmort (ein) sei av ein viss størrelse (mellomstor).
Tresåt (adj) treshendt.
Tretinnhårv (eit) lita horv (ein firkant med tverrtre over), dregen med handmakt.
Tretåfla (fleirtal) tøflar med tresole.
Trillbårhjul (eit) bruka som kallsmål for hjulbeint person.
Trillplank (ein) banen ein bruka når ein trilla med sluskebåre (tverrplankane ein la under, til strø).
Trollast bort (verb) leva utanfor folkeskikken så lenge at ein tar skade av det.
Trollgarnsstø (eit) stad der ein fiskar med trollgarn.
Trollgarnsætt sjå garnsætt.
Trollpanke (ein) trollete unge (godlyndt kallsmål).
Trollposse (ein) dss. frg. Dette var også noko på krøtter, kanskje ein av kumagane.
Trollskrækk (eit) hyling, skriking utan tårar. Jf. tørr-rasa.
Trolltime (ein) når ein er innbeden til måls, men halar ut tida og ikkje møter opp: Kor mang’ trolltima ska di ha?
Trugg’ (ei) kasse med hankar og skrå vegger. Jf. lintrugg’.
Trusmål (eit) fortrulegheit: i godt trusmål i fullt alvor, i den hensikt å bli trudd: Han spord’ i godt trusmål om’en verkeli ha tenkt å dræppa’n.
Tru-sæ (verb) betru seg: ho trudd-sæ te mæ.
Tryg’ (verb) fara hardt med; handtere uskjøttsamt: Han tryga-sonnj sko og klea.
Trynband (eit) strøypelykkje som vart smetta bak hjørnetennene og over trynet på grisen, for å få han meir lietam og flyttbar. Å få trynband på sæ bli ufarliggjort. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Tryntørk (ein) bruka som skjellsord (kallsmål).
Tryt’ (verb) ta slutt
Træm’ (verb) presse, trykke, tvinge fram: Kua sto og træma med kalven og fekk-en itt frå sæ.; han sto og træma og trompa.
Trænagras (eit) overmodent gras, som ikkje lenger er brukande til beite.
Træns’ (verb) bera tungt.
Trøskar (ein) ein som arbeider med trøskinga: eta som ein trøskar eta svært mykje.
Trøy’ sæ (verb) vera sysselsett, engasjert.
Trøysåmt (adj) artig, opplevelsesrikt: ha det trøysåmt.
Trådkakk (ein) sjå kakk.
Tråen (adj) rang, tungbeden, trå.
Tua (ei) vaskefille: ha-itt lagt tua på tre.
Tuftbås (ein) i folketrua: tuftbåsan skoll stå tom.
Tuftflættan (fleirtal) hår på nyfødd unge, dette fell av og tovar seg saman.
Tuftmelk’ (verb) melke kyrne frå venstre (vanleg folk melka frå høgre, medan tuftane gjorde det frå venstre).
Tuftskjegg (eit) lav på gammal skog.
Tuftskått (eit) sjukdom som kjem brått på krøttera. Jf. finnskått.
Tugg’ (ei) matbit, munnfull mat; noko ein tygg på. Jf. svertugg’.
Tukåmme (adj) fysisk tappa; i dårlig form.
Tungald (eit?) tung sjø.
Tungmilt (adj) (om ku) tung åmelke. Mf. lettmilt.
Tupp (ein) 1) skitupp, skotupp. Jf. tepp. 2) lettlurt, lite oppvakt person.
Tuppelure (ein) godlyndt kallsmål eller kjælenamn på liten unge.
Tuppen (adj) lettlurt, lite oppvakt.
Tuppåt (adj) tuppen.
Tur (ein) dur.
Tur’ (verb) dure: ho melka så det tura i bøtta; det ture i omn’ (NB: kverna dure).
Tusk’ tå (verb) avlive; drepa i løynd: Han tuska tå kattongan.
Tussa (adj) sliten, uoppplagt.
Tussi(g) (adj) vanskelig, trasig: ha det tussi/tussekt ha det vanskelig,slitsamt, også økonomisk. Sjeldan bruka no.
Tustren (adj) deprimert, trist, nedfor; også skremt. Jf. fortustra.
Tvarre (ein) liten, energisk, oppsetsig mann eller gut.
Tvi (verb) tvi mæ rop i gjømsel-leik, når ein nådde friområdet før ”vakta”; tvi forby mæ ”løyseord” i leik.
Tvieldast (verb) eldast fort.
Tvihold’ (verb) halde med bgge hender.
Tvi-is (ein) dobbelt islag. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Tvi-kle sæ (verb) ha på seg dobbelt med klede.
Tvikrokåt (adj) (dobbelt) bøygd over noko, enten på grunn av sjukdom eller skade.
Tvitennt (adj) som har nye tenner utapå dei gamle.
Tværrpåle (ein) tverr, sta, usosial person. Jf. påle.
Tværrskåtting (ein) båt med tverr akterende.
Tværrstekkel (substantiv) sjøstjerne, korstroll.
Tykje gammelerik. Jf. svarttykje.
Tyn (eit) dramatisk hending; dramatisk gjennombrott; gjennomgripande reform; uventa positiv framgang. jf. stortyn.
Tynngryt’ (ei) stor gryte som rommar ei tynne.
Typpber (ei) tyttebær.
Tyskap (eit) folkeslag, sort: Ka slag tyskap e no det her?; han va no tå ett rart tyskap. Ty = to, karakter.
Tystuv (ein) tyrull.
Tægga (ein) teig. Jf. jakttægga.
Tækkardram (ein) dram skjena i høve taktekking,helst når det ar dugnad.
Tæln’ (verb) færra å tæln’ vise sterk aktivitet, fara att og fram utan å kvile: Han for og tælna ætte sauen.
Tæms’ (verb) slite med noko som gjer motstand; f.eks. ro i motstraum: Æ tæmsa og rodd i timesvis før æ kom fram. Også om mat: Æ tæmsa og åt så æ vart klar i kjakan.
Tænnsild (ei) 1. liten, blank lokkefisk av hamra tinn. 2. tynn person. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Tænnstilla (ei; bestemt form) blekkstilla. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Tæv’ (ei) liten, utidig og plagsam person (ikkje berre om kvinnfolk): ongtæv’, veikjtæv’.
Tævva (verb) puste tungt.
Tøk (adj) oppvakt; med frisk intelligens. Sjå òg framtøk, snartæk.
Tøla (fleirtal) bruksting, eigneluter.
Tølast (verb) dss tøl’ med.
Tøl’ med (verb) 1. stelle, passe på, sjå etter; ha omsut. 2. trøye seg: dæm tøla-sæ så gått i hop.
Tømmernål (ei) spiss jarnpinne, pjaks, bruka når ein lunna og kjørte tømmerlass stramma med kjetting. Ein slo denne gjennom lykkja på kjettingen for å låse han, og kakka på sida på han når ein slo han ut.
Tømmerspik (ei) trespett bruka i tømmerskogen, til å vægga-opp ståkka. Også berre spik.
Tørbannas(t) (verb) banne intenst.
Tørdomm’ (verb) Det tørdomme( på sjø’n) det er rykande sjø, hakket hardare enn når det domme, s d.
Tørhost’ (verb) hoste utan å få opp slim.
Tørmækker’ (verb) le kaldt.
Tørnavar (ein) lite lærenem person.
Tørnæm (adj) dum;lite lærenem.
Tør-rant (ein) sjå rant.
Tør-rasa (verb) hyle, skrike utan at det kjem tårar. Jf. trollskrækk.
Tør-ræmj’ (verb) illskrike.
Tørskit’ (verb) fise, fjerte.
Tørskjennas(t) (verb) skjelle og smelle intenst, men gjerne utan djupn, litt på tomgang.
Tørvfør’ (eit) sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Tøstdrekk (subst) drikke for tørsten (saft, skjør o l);også sagt om dårlig øl.
Tøy’ grana løyndeord for å ro.
Tå’ (å tåe) tåe inn/tåe ut (presens) sette tærne innover/utover når ein går.
Tåas (verb) tåas-bort bli tåen, miste grepet på verda (på grunn av tyrannisering eller mangel på åndeleg stimulans)
Tåe (ein) person som er lettare mentalt tilbakeståande; tomsing, godfjott.
Tåen (adj) dum.
Tågn’-tu (verb) tørke litt (om f. eks. høy).
Tåkkas-te (verb) litt uvisst, men har med indre klargjering og modning å gjera.
Tå-kåmme (adj) ute av balanse; avspora; psykisk utafor; rar av seg.
Tållj (ei) furu. Jf. kraggtållj.
Tålæggan’ (adj) Det e itt tålæggan sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Tårt (ein) plage, liding: gjærra ein tårt måtte utstå ei plage; han fekk den tårt’n at kjærringa mått mat’n.
Tåssjen (adj) toskete: tåssje gjort.
Tåtollja sjå tollj-tå.
Tått (ein) part av tvinna taug.
Tåtta (verb) lugge, nappe; dra til seg: tåtta høy; tåtta i spænnan.
Tåtørkartua (ei) tørkefille.
Uansen (adj) uoppmerksam: Han verka uansen. Jf. ans. Eldre dialekt hadde o istf. u i slike ord.
Ubeini(g) (adj) uhjelpsam. Jf. beini(g).
Uby (ei) ugagnskråke.
Ubyen (adj) som gjer ugagn.
Ubyskråk’ (ei) ugagnskråke.
Ubytt (adj/perf.pts.) å itt ha nå ubytt med ikkje ha noko uoppgjort med. Jf. byt-sæ-ut.
Ubyåt (adj) som gjer ugagn.
Udaue (ein) død på ein unaturlig måte, ved ulykke eller drap.
Ufannsli (adj) uformelig, lite brukbar; stor og klumpete.
Ufræls (eit) stort og stygt, skremmande vesen;monster.
Uføys’ (ei) ufyseligheit.
Ufårsjylt (adj) utan eiga skuld.
Ugons (adj) uforlikt.
Uhæmn (ei) varig forbannelse:Det låg som ei uhæmn over ste’e.
Ulagli (adj) uhøvelig, upassande. Mf. lagli.
Ulegga (ei) sengeleie på grunn av sjukdom eller skade: få ei ulegga.
Ulven (ein;bestemt form) drøvelen: dra opp ulven få i funksjon; gi ein oppstrammar; også rote opp i omnen sådet bir passasje.
Ulåtten (adj) indisponibel.
Ulåves (adv) utan lov: Han for ulåves.
Umakredd (adj) lat, tjenesteredd.
Umeins (adverb) til mein: kjæm umeins. Også åmeins.
Umenning (ein) utilstrekkelig, underutvikla, vanfør person. Også umeining. Jf. åmeining.
Umåtsam(t) (adj) som ikkje passar i hop.
Uroskråk’ (ei) urolig person; urokråke.
Urosræv (ei) urokråke.
Urskrennja (ei) feitt i ueren, nesten som netja på krøtter; helst til bestemte tider på året når han er full i magen. Dette vart det laga smeit av.
Urs-me (eit) fiskeplass for uer.
Urs-sjø’n (ein) på urs-sjø’n på uerfiske.
Urven (adj) ikkje heilt vaken; i ulage etter søvn; uopplagt, iritabel.
Usjæl (eit) gjæra usjæl ikkje gjera opp rett.
Utabeins (adv) på utsida av lår og legg.
Utangsheit (ei) frekkheit, abnormitet.
Utbol (ein) ufordragelig person; stygging, fæling.
Utgangar (ein) sau som går ute om vinteren.
Utgått (adj) værra utgått på ha til hensikt: han va utgått på fark; utgått på å værra jævli.
Utin (ei) dårleg nytt. Jf. tin.
Utklappa (adj) utspekulert.
Utpå (prep, adv) gå utpå gå på nattefrieri .
Utpågång (ei) det å gå utpå.
Utpåjæl (ei) overdriving, skryt.
Utpåkar (ein ) ein som går utpå; nattefriar.
Utreist (adj) han va-itt nå særli utreist, itt langt utreist sagt om heimføding utan særlig perspektiv.
Utrångsmål (eit) i utrångsmål utan grunn; unødvendig. Også det va utrångs mål.
Utskått(s)fesk (ein) ein som ikkje er som andre;som er utanfor, utstøytt, ikkje akseptert: Han gjekk som ein utskåttfesk mellom dæm. Eigentleg fisk som er slkilt ut som uspiselig. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”. Sjå også matfesk.
Utufs (ein) takskjegg
Utveien (b fleirtal av utveg) i utveien borte heimafrå; på reise.
Utåg (ei) svakheit i ei slekt; genetisk defekt: Det kom inn ei utåg. Dei gamle sa otåg.
Uversfuggel (ein) sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Uvershol (eit) plass der det er mykje uver.
Uverskall (ein) sjå ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Uvlen (adj) ureinslig.
Uvlåt (adj) dss uvlen.
Uvvelskap (ein) ureinsligheit.
Uværj’ (ei) farlig handvåpen (kniv, sverd, øks o l).
Va(d) (eit) vadestad i elv.
Va(d)gronnjslå (ei) sjå gronnjslå.
Vabbekt (adj) vabbekt før’ tungt føre å ta seg fram i; klabbeføre. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Vabbsnø (ein) særs laus og mjølete snø. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Vaddeså lekt langt ifrå.
Vahand (ei) hand som ein fiskar med. Det var sagt at ein kunne få seg ei god vahand om ein handfor eit kvinnfolk før ein drog på sjøen. Jf. kveithallj.
Vaje værra på vaje i aktivitet, i farten: Han va tidli på vaje i dag.
Vakkerhanda (ei; bestemt form) å færra med vakkerhanda vera romhendt, gavmild.
Vakromm (substantiv) overanstrengelse i fingermuskulatur pga. fiskesnøre.
Valdersværk (eit) storverk.
Vall’ (verb) 1) laga ein valle; tulle saman høy til ein valle. 2) vall’-vækk tulle, rote bort; vall’-sæ-vækk rote seg bort med tullsnakk.
Vallas(t) (verb) vallas-vækk bli rota bort.
Valle (ein) høydott: høyvalle. I gamle dagar var det vanlig å laga slike til kvart naut, for å ha kontroll med foringa.
Vamennj’ (ei) person som forstår lite, som ein ikkje treng ta alvorlig, som har det mest i kjeften. Jf. fåmennj’.
Vanghonnj (ein) ein som er aggresiv og usympatisk.
Vanglen (adj) utan mental balanse. Jf. halvvanglen.
Vanhjølt (adj) dårlig hjelpen.
Vankommast (verb) omkomme.
Vanlaga (verb) bringe ut av lage; skade, skjemme, f.eks. verktøy, instrument o a.
Vannjt (adj, inkjekjønn) det va-itt vannjt om anna enn at han ha botrå det mangla ikkje.
Vantrævling (ein) ein som er unormal, ubrukelig (både om folk og dyr); også mislykka produkt. Vantrævling te båt båt som verken tar styring eller segl.
Vanvøl’ (verb) forakte, vanskjøtte.
Vargtøkja (fleirtal) dårlig fiskereiskap, ufanslig på alle vis, med store knutar o l. Jf. famp.
Varpi(g) (adj) hoven, skitviktig, karavoren: Han gjekk og braut sæ og va varpi(g).
Vart’ (verb) passe på; halde vakt.
Varår (ei) eit slag mindre åre til å andøve i trongt farvatn. Om overført bruk sjå ”Biletspråk og kallsmål”.
Vasast (verb) Det vases for’n han fermed tull; er lit “utafor”
Vasdall (ein) tullebukk.
Vasen (adj) uetterrettelig, upålitelig eller litt “utafor”.
Vaskopp (ein) vasen person.
Vassbækk (ein) vassbrunn.
Vassflua (ei) eit insekt som fer på vassflata.
Vassflyg’ (verb) få augene fulle av vatn.
Vassgås (ei) nøkkerose.
Vasskaldt (adj) råkaldt, utan frost. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Vasskalv (ein) 1. bille som dukkar i vatnet, kjem opp med bakparten først og går ned igjen. 2. vasspose rundt kalvefoster.
Vasskåp’ (ei) marikåpe.
Vass-sig (eit) vatn som sig i hellande terreng.
Vass-sætta (ein) vassamling under trykk, f. eks. når veitene har gått igjen: Vent’ te vass-sættan har gitt-sæ.
Vass-så sjå I så.
Va-tam (adj) var for å kjenne fisken rykke på djupt vatn.
Vaterbord (eit) bord som ligg noko skrått oppå ripa på midtdelen av båt, til vern mot slitasje og sjøskvett: legga på ømsa vaterbord (om båt) krenge frå side til side; (om folk) sjangle i rus. Jf. ”Biletspråk og kallsmål”.
Vatn (eit) merk spesielt denne bruken: ho vaska klean (gålve) i tre vatn.
Vatro (eit) uthola trestykke kvelvd over knea og halve låret, bruka når dei dro uer eller longe.
Vav’ (verb) tøve, vase: færra og vav’.
Vavalle (ein) ein som snakkar tull.
Vavdall (ein) ein som snakkar tull.
Vaven (adj) som snakkar tull.
Vaver’ (verb) gå ustøtt og ukontrollert; vakle: færra og vaver’; han for og vavra så’n staup på sjø’n.
Vavott (ein)votttil bruk under fiske. Dei gamle hadde jamt to par vottar med seg når dei var på sjøen. Det ar noko dei kalla va(d)votta, og noko dei kalla bla(d)votta. Bladvottane var av vanlig ull, bundne i vanlig størresle. Vadvottane var strikka lausleg med grove trestikker. Tråden i dei var spunnen av graverull. Det var desse sei hadde på seg under fisket.
Veadall (ein) urolig unge; også ein som er stundeslaus, i vegen, elelr som det ikkje blir noko med.
Veakabbe (ein) vedkubbe.
Vei’ (verb) å itt vei’ ikkje bøye seg; ikkje gå av vegen;nekte å underordne seg: Han vægd itt for nånn.
Veiamat (ein) niste.
Veikjlærv’ (ei) nedsettande om jente.
Veikjtæv’ (ei) nedsettande om jente; sjå tæv’.
Veit’ (verb) snu, vende i ei viss retning: Han får værra glad at haue’ veit opp.
Veitkast (eit) det ein mokar ut av grøfta. Jf. grøftkast.
Vellje (eit) ta vellje ta kontrollen, overliste.
Vemlen (adj) kvalm, utilpas.
Vemmelmaga (adj) kvalm, utiplass.
Vennja (fleirtal) å gjærra vennja gjera noko som verkelig monnar; yte stor innsats. Også ein vennja ein vending (i ein slått).
Vennjing (ei) også tidspunkt: han sekta ætte å bli olførar ei vennjing.
Veras(t) tu (verb) (om veret) forandre seg positivt; klarne opp. Også han vere’n-tu.
Verblenk (ein?) kornmo.
Verkul’ (ei) truleg meteor: færra/komma som ei verkul’ voldsomt, i affekt, i sterkt sinne.
Verren (adj) forvirra.
Ver’-tu (verb) dss veras(t) tu: Du ska sjå han vere’n tu; det vart så’n vera’n tu.
Vervægg (ein) vegg som snur mot veret; vestervegg. Det var aldri tømmervegg her.
Ves’ (verb) oppføre seg uhøvisk, lite overtenkt: Han for og vasa og vesa, så’n te slutt vart hiva ut.
Vibråk (ei) unge som held leven.
Vilder’ (verb) vera ute av styring, ute av kurs: Han vildra omkring te’n fann folk.
Vildren (adj) ute av styring; vanskelig å styre: Båt’n va både vildren og kværv.
Villspik (ei) vilter, lettliva, impulsstyrt kvinne.
Vindahysboks’ (ei) bukse av vindstoff, vid i låra og med snøring under knea. Populær mote på 1920- og 30-talet, i lag med snarraleggje (s d).
Vindglær (subst) kald, sur vind. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”. Sjå også glæren.
Vindgræl (eit) kald vind). Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”. Sjå også grælen.
Vindjøs (eit) flakkande nordlys over heile himmelen; dette spår vind. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Vindkul’ (ei) periode med sterk vind. Jf. kul’.
Vinnsel (ein) greie til å vinde noko på, sjå Gammeltida på Hitra s. 76.
Vinn-sæ (verb) bli meir omtykt (etter eit dårleg førsteinntrykk)
Vinterbrenne (eit) brennefang til fyring om vinteren. Jf. brenne.
Vinterstøing (ein) overvintra fisk.
Vip (eit) skikk, motepåfunn: ett vip ifrå gammeltia; det va vel ett vip han ha me frå sjø’n.
Vitj’ (verb) helse på ein som snarast; stikke innom og seie hei: vitj’ bortom; ho vitja innom som snarast.
Vokster (ein) vekst: å værra komme tu vokstran å ha vakse frå seg.
Vokstervêr (eit) mildt vêr med rikelig med væte. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Von (ei) håp: på vona på måfå; for alle tilfelle; også på slump: færra på vona; det gjekk bra, tråss gæli von også (på gæli von) det gjekk betre enn det kunne sjå ut til; dra von om sjå flg.
Von-dra (verb) uttrykke håp om; true med: Han vondrog om at det mått bli slutt med tulle’.
Vrangsøvd (adj) kommen i utur med søvn og kvile og grinete på grunn av dette; helst om ungar som ikkje får sova.
Vrekkel’ (å vrikle) vri og rikle på noe samtidig.
Vren (eit) vridning: Han vart gåan’ med ett vren i fot’n.
Vren’ (verb) vri: Han vrena sæ.
Vriel (ein) vriar, knapp til å stenge benkeskap o l. Også breel, briel.
Vuddu (ei) emne, vyrke: han laga sæ øksskaft, men la sånn vuddu ti dæm at det va bærre han sjøl som konn bruk-dæm.
Vælmata (adj) tjukk, feit.
Vænnagnag (eit) ufarlig krangel mellom venner.
Værjabrø(d) (eit) brød ein hadde med uti fiskeværa.
Værp’ bort/atti (verb) verpe utanom reiret (bruka om ekteskapelig utruskap). Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Værskap (eit;vertskap) gjestebud: værskapskokka; værskapsmat.
Væssast (verb) skilje ut vatn: Det væssast tu eine aue’.
Væstavindshå (ein) sjå hå.
Vætting (ein) fole som ein batt attåt skåka for at det skulle gå i lag med mora.
Vølene (eit, bestemt form) matrøret på dyr.
Vøver (eit) bruka som skjellsord til ustyrlige ungar, særleg jentungar som for vilt og ikkje hørte åtsnakk. Også person som er ukontrollert, ustabil, ute av balanse.
Våas(t) (verb) vera livredd; i stor fare.
Våbbskjæl (ei) o-skjel.
Våe (ein) vånde: Han bar sæ i ein våe.
Våg (ei) 1) stokk/vektstong til å bryte opp stein med. 2) gammal vekteining (18 kilo).
Vågmat (ein) stein e l til å stemme våga (1) i mot.
Våk (ein) spebarn. Jf. bansvåk.
Våkkhol (eit) opent hol i vatn med tynn is omkring. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Våkster (ein) utvekst, vorte, cyste, svulst, helst litt hard: kua ha ein våkster på jure som va te meins når’n skoll melk.
Våldeli (adv) (forsterkande) veldig, overmåte: våldeli klok.
Våmskott (eit) skott i vomma på dyr (hjort). Jf. gårrskott.
Vånasbu (ei) uhyggelig budskap; skremmande melding.
Vår (ein, vorr) 1) langstrekt steinrøys. 2) liten steinkant til å legge båten mot i støa. Også steinvår.
Vårr (subst) utidig, tomt, plagsomt snakk; tomprat, vås.
Vårren (adj) som fer med utidig snakk.
Vårrkopp (ein) ein som fer med vårr.
Vårsteina (fleirtal; vorrsteinar). Det same som vår 2.
Vårvarg (ein) ein som er svolten, mager og utrivelig å sjå til.
Vås’ (verb) prate tull.
Våtta (ei) vass-sig unna gjødsel. Jf frauvåtta.