Ordliste Y-Å
Yrdæmm’ (ei) regnskodde.
Yrfåkk (eit) tynt snøfokk. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Yrkånnj (eit) lite snøkorn. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Ytter månn gjærra (sæ) ytter månn gjera sitt aller beste; presse seg til yttergrensa for yteevna; drive ei sak til den ytterste konsekvens: Alle ondra sæ over tålmoe’ te faren, for gut’n gjord ytter månn med å tærg’en.
Ytterreivan (fleirtal) dei ytterste barnreivane som vart tulla omkring ungen. Desse var gode, mjuke, av bomull. Jf. innerreivan.
Yttersval (ei) (truleg) det samme som dørsval.
Yv’ (verb) yv’ sæ ut gjera seg større; utvide seg.
Yven (adj) brei og ruvande: ho va så yven attate.
Æggelpave (ein) ein som eglar; kranglefant.
Ægn’ (verb) 1. å ægn’ vere sjå veret an. Vel eigne (tileigne seg informasjon). Også jekta ægne vere varslar, seier frå om veret, ter seg etter som veret er. 2. gå vidare med, tøye grensene, gå for langt: di ægne det så læng’ no at æ meste tålmoe.
Ækkelfjært (ein) ekkel type.
Æla (verb) ala opp; oppdra. Også i vendingar som æ ol’n for nere mæ eg sleppte han for nær innpå livet; æla innpå-sæ få for nær kontakt, æla troll tå ongan.
Ælaørn (ein) godlyndt kallsmål om svært folkekjære husdyr, som ikkje vil gå i lag med andre krøtter.
Ælsjen/æsjen (adj) (om dyr) tam, temt, prega av mennesket. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”
Ældde (substantiv) avlsmateriale.
Ælv’ (verb) det ælva ne(d) det regna i store mengder.
Ælvafyll (ei) regnbløyte så ein hører suset frå elva. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Ærlyg’ (verb) å ærlyg’ folk lyge folk ærelause.
Ærtstekk’ (ei) ertekrok.
Æsas(t) (å asast) æsas-opp, æsas-utover. Også det æsa-opp, æsa-over.
Æstemer’ (verb) akte, respektere: itt bli æstemert meir enn skjit’n ponnj sko’n.
Ættelætt (ein) siste slumpen: ein ættelætt på flaska.
Ættesettan’ (adj) som kjenner ettervirkninga av noko: Æ vart lite ættesettan’ ætte gårnatta.
Ættesjø’n (ettersjøen, ein – b eintal) tverrskavl bak båten, som kjem når ein sakkar opp.
Ætteåt (prep/adv) kåmma ætteåt i ettertid, baketter. Ofte spottande eller ironisk: du må slå-te no, det e for seint å kåmma ætteåt.
Ættsetta (ei) varig verknad: Graut bli’n fort mætt tå, men det e ingen ættsetta ti’n.
Øktåm’ (ei) ein sort larve; trua var at ein levde berre ei økt om ein vart biten av denne.
Øl (ein) å få drigje opp øl’n ti-sæ få opp i dampen, bli varm i trøya; å håll-sæ øl’n halde varmen.
Ølder (ein) varme, hete.
Ølseppel sjå seppel.
Ømsa (ymis, adj) skiftevis; på den eine og den andre måten: dæm spandert ømsa gong. På ømsa vaterbol sjå vaterbol.
Ømskjinna (adj) nærtakande.
Ørbein (eit) tverrbein bak gjellene i fisk; han e bærre kjæft’n og ørbeina han er ikkje noko til kar, ein treng ikkje ta han alvorleg.
Ørk (ei) arbeidstid, arbeidsdagar: ørk og hælg og natt og lysan dag døgnet rundt; til alle tider.
Ørsnell’ (ei) augestikkar (insekt).
Ørstavtynn’ (ei) tynne dei hadde mjøl i, med ein ørstav me dhol i på kvar side; var litt anleis enn tynna dei salta i.
Ørt’ (v) tygge drøv: å setta og ørt’ ta opp att gammal vondskap. Jf. ”Ordbilete frå husdyrmiljø”.
Øy’ (verb) brekke seg; kaste opp: Han satt og øgd; han øgd tå mat’n.
Åbit (ein) lite, enkelt måltid før dei gjekk i fjøset, før den eigentlege frukosten.
Åbør (ein) for sterk vind; ikkje vind til å segle i. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Åfløy (ei) færra som ei åfløy sagt om ustadige kvinnfolk som er ”alle manns eiendom”.
Åfse (ein) overdriving: det e sånn åfse og åvelag på dåkk.
Åfs’-sæ (verb) klaga seg, bera seg, på ein overdriven, nærmast demagogisk måte: Ho gjekk og braut-sæ og åfsa-sæ og fekk te stortesa.
Åjø (ein) leven, larm, ljom; bråk og styr: hørt åjø’n i det fjerne.
Åkerpip’ (ei) tilskoren halmpipe som ungane bles i.
Åkertjyv (ein) hjort som kjem på innmarka.
Ålett (adj) ikkje nøye på maten; som et det ein får; altetande.
Ålforsynt (adj) overvelda
Ålkomme (adj) hardt angripen, f. eks. av sjukdom.
Ållj (eit) bråk, styr og spetakkel.
Ålljen (adj) bråkete.
Ålljkopp (ein) bråkmakar.
Ålsynt (adj) overvelda: Han såg sæ ålsynt på de.
Åmeining (ein) ikkje levedyktig, vanfør person. Jf. umenning.
Åmeins sjå umeins.
Ånas(t) (verb) å itt ånas ikkje hade ut venting; gi etter for utolmod: Han åntes itt te å vent’ lenger.
Ånau (adj) uroleg, utilfreds (mest psykisk), om f. eks. krøtter.
Ångelmark (ein)agnmark: å vri sæ som ein ångelmark vera sværtmotvillig, ulysten.
Ångla (adj) overrent, brydd, plaga: Det gjær mæ mesta ångla, sa kjerringa, ho hadd nitten onga.
Årætt (ein) kile, splint til å drive inn i enden på treskaft, nagle o l. Også aurætt.
Åt-drokkje (adj) så full at ein ikkje står på beina lenger.
Åtsnakk (eit) tilsnakk, irettesetting: han tok-itt åtsnakk.
Åtvêr (eit) lummert, stilt og fuktig vêr der åtet blir plagsomt. Jf. ”Hitterværingar i vêr og vind”.
Åtvol (ein) uallminnelig matglad person; slukhals.
Åvelt (subst) å legga i åvelt å ligge overende
Åvsaga dall legga-ti-de som ein åvsaga dall ha det svært travelt.
Åvættes (adv) overlag: ho va-itt så åvættes begeistra.