Fra Onsdag, 30 November 2011 - 14:00
Til Lørdag, 31 Desember 2011 - 15:30
Oil Rich N&N - George Osodi
I «Oil Rich N&N» samanliknar den nigerianske fotografen George Osodi den norske oljeindustrien med Nigerias. Han er opptatt av kvardagslivet der oljeproduksjonen går føre seg. Hans dokumentasjon av det oljerike deltaet sør i Nigeria har ført til eit omfattande verk som tek for seg dei ekstreme forholda i regionen, både samfunns- og miljømessig.
Den aukande uviljen mot oljeindustrien og statstilsette har gitt klar bane for væpna militia som ikkje nøler med å bruke vald for å forsvare sine rettar. Fotografia frå Noreg vart gjort under opphald i Stavanger, Oslo og Lofoten i 2008. Fargebileta medverkar til eit ekstra lag verkelegheit og gjer fotografia nærverande. Osodi er ikkje ute etter å sjokkere, men legg heller til rette for at publikum kan gjere seg opp si eiga meining.
Verket inngjekk i utstillinga «Hypocricy: The site specificity of morality», som vart vist ved Nasjonalmuseet (Museet for samtidskunst) våren 2009
http://www.nasjonalmuseet.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=476