Elen Gjertine Sakariasdatter

Elen Gjertine Sakariasdatter Barman (1802-1898), gift med Henning Larssen Stuedal (Stugudal) i Tydalen.

Etter Hitra kyrkjebok 1775-1817 (s. 131) vart Elen Gjertina fødd 28. mars 1802 som dotter til Zacharias Barmen. Samtundes vart mor hennar, som presten ikkje brydde seg om å notera namnet på, ”introdusert” i kyrkja som det heitte. Alle kvinner måtte på denne tida ”introduserast” i kyrkja etter ein barnefødsel som å verta ”reinsa”.
Fadrane hennar Elen Gjertina var Sivert Aunet, Christian Barmen, Anne Aunet, Barbro Barmen og Gjertrud Barmen.

Går vi til folketeljinga 1801 for Hitra, finn vi denne familien buande på garden Barman på Ut-Hitra:

Zacharias Larssen
Husbonde, 40 år, i fyrste ekteskapet sitt     Bonde og gardbuar

Gjertrud Holgersdatter
Kona hans, 40 år, i fyrste ekteskapet sitt 

Lorentz Zachariassen, deira barn, 8 år
Giert Zachariassen, deira barn, 4 år
Ole Zachariassen, deira barn, 2 år

Lars Anderssen, mann, 72 år, i tridje ekteksapet sitt (kårmann)
Maria Olsdatter, kona hans, 55 år, i andre ekteskapet sitt 
Ole Olsen, fostson, 11 år

14. søndag etter Trinitates i 1791 vart Sacharias Larssen Barmen og Giertrue Holgersdatter vigde i Dolm kyrkje. Forlovarar var Jørgen Undaas og Lars Christensen Barmen.

Hitra kyrkjebok 1775-1817 (s. 56b) syner at Sacharias Larsen Barmen, 16 år, vart konfimert i Dolm kyrkje 18. søndag etter Trinitates 1787.
Inga Gjertrud Holgersdatter er funnen døypt i Hitra 1760-1762. Men det kan kanskje vera verdt å merkja seg at det i 1801 bur ein husmann, enkjemann Holger Olsen, 70 år, på ein plass under Meland på Ut-Hitra, ikkje langt unna Barman. Han er den eine av to hitterværinger som heiter  Holger i 1801.

Hitra kyrkjebok 1736-1775 (s.285) syner at Zacharias, Lars Barmens barn, vart fødd i 1769. Fadrane var Peter, Joen og Dorethe Barmen, Niels Glørstad [?] og Dorethe Fausland.

Ekstraskattemanntalet for Hitra Tinglag 1762 syner at mellom fire familiar på Barman, er Lars Anderssen husfar i den eine. Kona heiter Elen Olsdatter og dei har eitt barn over 12 år (yngre vart ikkje rekna med): Anne. Men eit manntal frå 1764, to år seinare, fortell at ekteparet ikkje har born over 10 år. Eit manntal frå 1770 oppgjev alderen på Lars Anderssen til 37 år, det vil seia fødd kring 1733. Skal vi døma etter alderen i folketeljinga 1801 var han fødd kring 1729. Kyrkjebøkene for Hitra går ikkje lenger attende enn til 1736, men manntal finst.

Framleis i 1776 (kyrkjebokoppføring) er Elen Olsdatter kona til Lars Anderssen, så ho må vera mor til Zacharias.

Det vart heldt skifte etter Zacharias Larssen Barmen i august 1824, men det gjev ingen nærare slektsopplysingar.

Opplysningane er samla og nedskrivne av Lars Rottem Krangnes.